Bit for bit: Fjøset til venstre er nybygget, medan utstikket til høgre i biletet er tilbygget med liggebåsar frå 2009. Sjølve kjernen i fjøset er frå 70-talet.

For Jonny Soltveit er målet å vere heiltidsbonde i eit moderne fjøs – akkurat passe stort.

Liv Kristin Sola

Lang prosess: Jonny Soltveit på Radøy er endeleg i mål med fjøsbygginga og kan tilpasse seg ein ny kvardag med mjølkerobot

Jonny Soltveit på Radøy i Hordaland tok fjøsinvesteringa i to rundar. Ikkje fordi han ville, men fordi planane om eit heilt nytt fjøs til kring 3,5 millionar, vart for dyrt i 2008. Innovasjon Norge sette grensa på tre millionar. Men mjølkebonden ville ha lausdrift. Det var ikkje aktuelt å sitje på gjerdet og vente på betre tider.

Jonny valde å bygge lausdrift med ein 1×3 tandemstall. Han skar ned båsane på den eine sida av fôrbrettet, la spalt, og bygde liggebåsavdeling til 24 kyr. Kvigene vart ståande på bås, og kalvane vart plasserte i to kalvebingar. Men fjøset hadde berre ein sjukebinge, ingen sinkuavdeling eller kalvingsbinge, litt knapt med ungdyrplass og kvigene stod framleis på bås. Dermed tvang det seg fram eit nytt byggetrinn – og det freista med mjølkerobot.

– Foreldra mine kunne ikkje lenger vere så aktivt med i fjøset og eg vart gåande åleine med det meste av arbeidet. Det gjekk for mykje tid til fjøsstell, seier Jonny.

Han bygde enda eit tilbygg, denne gong til sju sinkyr, to sjukebingar, og tre kvigebingar, kvar med plass til fem kviger. Smittesluse og teknisk rom måtte på plass. Mjølkerommet vart bygd om til robotrom og mjølkestallen vart nytt mjølkerom.

 

– Det optimale er sjølvsagt å bygge alt i ein omgang, men på ein måte er eg glad for at eg ikkje bygde slik planen var i første omgang, utan spalt. Eg trur eg har fått ei betre løysing no, seier Jonny.

Men det har kosta – i overkant av sju millionar totalt. Totalt har IN løyva 1,8 millionar.

Tilpassa arealet

Bonden har 20 kyr som deler på 27 liggebåsar. Kvota på 200.000 liter vert auka med 50.000 liter frå i år. Jonny disponerer 125 dekar  slåtteareal. For tida må han kjøpe fôr, men bonden har fått godkjenning til å dyrke to myrområde på totalt 60 dekar. På sikt er planen å vere sjølvberga med grovfôr. Han skal ha kalving heile året og kyrne må beite på overflatedyrka jord. For å ha nok beite må dei krysse den kommunale vegen. Neste prosjekt er å freiste kommunen å godkjenne elektriske ferister over vegen.

– Det skal eg ha på plass – det har eg bestemt meg for. Kommunen kan seie kva dei vil, seier Jonny frimodig.
– Kva har vore mest utfordrande?
– Det var i sommar. Kyrne var avsina og første kalven var venta tredje september. Alt skulle skje på ein gong og alt måtte gå som planlagt, seier bonden.

Råd til deg som drøymer

Jonny råder bønder som går med byggeplanar om å reise rundt og sjå fjøs og snakke med bønder, høyre kva som er bra og kva dei ville gjort annleis. Sjølv fekk han ei utfordring med straumtilførsel og måtte legge om ei straumlinje for å få meir straum til fjøset.

– Sjekk opp i dette med straumtilførsle før du set i gang å bygge, er rådet.

Sjølv hadde han tankar om korleis han ville ha planløysinga og hadde teikna ei skisse då han tok kontakt med Felleskjøpet.

– Dei kom med nokre forslag til endringar undervegs. Blant anna er tilbygget breiare enn det eksisterande bygget. Ein klar fordel, seier Jonny.

Bonden er nøgd med fjøset. Spesielt glad er han for at han sette inn mjølkerobot.

– Det må eg ærleg innrømme, seier Jonny.

Han er imponert over kor enkelt dyra tilpassa seg roboten og kor godt fjøset fungerer. Kvardagen har blitt betre og bonden har framleis pengar til mat på bordet – og litt til.

Tre tidsepokar: Liggebåsavdelinga med 24 liggebåsar frå 2009. Roboten står i det gamle tankrommet.

Planteikning av fjøset.

Den nye avdelinga har plass til sinkyr, kalving og sjuke kyr, i tillegg til kviger. 

No kan også kvigene nyte livet i lausdrift.

Stikkord denne saka: , , ,