Ryktet går: Uro for overproduksjon av storfekjøt, kan vera ein av grunnane til at færre bønder så langt i år har søkt om investeringsstøtte frå Innovasjon Norge. Illustrasjonsbilete.

Færre bønder på Sør-og Vestlandet søkjer støtte hjå Innovasjon Norge. Unnataket er Sogn og Fjordane, som har alt brukt opp potten til mjølkebruk.

Bothild Å. Nordsletten

– Ja, me registrerer ein nedgang i talet på søknadar i år, seier Lilly Kristine Berland ved Innovasjon Norge (IN) sitt Agder-kontor.

– Me har omlag 30 prosent mindre søknader i år enn i fjor på same tidspunkt, seier ho.

Berland meiner det er vanskeleg å fastslå grunnen til nedgangen.

– Men egdene er dei første til å ikkje investere når marknadssituasjonen er anstrengt. Mange mindre mjølkeprodusentar med 15-30 kyrs båsfjøs opplever ein vanskeleg kvotesituasjon, med høge prisar på kjøp og leige. I tillegg har bøndene fått med seg skriveria om mogleg overproduksjon på storfekjøtt, sjølv om det framleis blir satsa på dette, seier ho.

Interesse for 15-kyrsfjøs

Olav Tegle hjå IN Rogaland, har så langt også fått færre søknadar enn i fjor.

– Eg tippar på ein 30-40 prosent nedgang i forhold til same tidpunkt i fjor. Samstundes er det vanskeleg å samanlikna ettersom bøndene hadde ein søknadsfrist i å forholda seg til i fjor, det har dei ikkje i år. Dei stressar kanskje litt mindre i år.

Tegle fortel at det så langt særleg blir søkt om mindre til mjølkebruk.

– Høg pris på leige eller kjøp av kvote er ein årsak. Ein vanskeleg sommar med lite fôr i fjor, er ein annan. At marknaden kan bli usikker for storfekjøt og at eksportstøtta til Jarlsberg fell ifrå, legg kanskje også ein dempar på kor mykje bøndene søkjer om. Utsett frist for ombygging frå bås- til lausdrift til 2034 spelar nok òg inn.

Rogalandspotten er i år på dryge 53 millionar kroner.

– Målet er å bruka alt, og så er me litt rausare i år, med støtte også til ungdyrfjos med godt ressursgrunnlag på garden, ikkje berre til ammeku. Dei små mjølkebruka får også rausare utmåling, seier Tegle.

Parallelt med færre søknadar opplever Rogaland IN stor interesse for støtte til 15-30 kyrsfjøs.

– Me får stadig telefonar frå bønder som vil vita meir om dette. Først og fremst frå distriktet, men også på Jæren fins det dei som har mindre areal, som tykkjer overgangen frå kvote på 100.000 til 400.000 liter er skræmande, og som ikkje ønskjer å vera store. Me har fått inn nokre prosjekt og er spente på kva det blir til, seier Tegle.

Treigt i Hordaland

Også i Hordaland ser Karsten Valland at det går litt treigare med søknadane enn i fjor.

– Eg er ikkje redd for ikkje å få inn nok søknadar totalt sett i år, og det er bra søking på frukt og grønt, men det har vore ein roleg start på året. Det er færre søknadar til ombygging av mjølkefjøs, seier han.

– Det har vore ein del store utbyggingar, og det er ikkje plass til så mange fleire slike her. Nokre utbyggjarar opplever også vanskar med å skaffa kvote og areal. Kvotane har blitt dyrare, med nær ei dobling frå 2016, då prisen var rundt sju kroner literen. Dei minste bruka klarar ikkje dette, seier han.

Rause med dei som satsar

I Sogn og Fjordane har pipa ein annan lyd enn sørover kysten. Vemund Aartun er IN sin landbruksmann for Sogn og Fjordane.

– Det er ein stor interesse for støtte frå IN her i fylket, særleg for mjølk, der potten alt er brukt opp for i år, seier han.

– Det einaste eg ser er ein viss nedgang i søknaden til storfe, grunna redsle for overproduksjon. Me prioriterer knallhardt. Med mange små og mellomstore mjølkebruk i fylket som skal legge om til lausdrift eg det naudsynt å yte store tilskot for å få lønsemd etter at prosjektet er gjennomført. Pengane for i år blir brukt opp. Eg trur til og med me må bruka noko av 2019-midlane.

Stikkord denne saka: , , ,