Samansveisa: Eli-Monica Aune Olimstad og Knut Emil Olimstad saman med eldste sonen Kjetil.

Eli-Monica Aune Olimstad og Knut Emil Olimstad har investert tid og pengar på Nedre Ottersland gård i eit kvart hundreår.

Sjur Håland

Den nye driftsbygningen vart teken i bruk i september i fjor, og representerer det største økonomiske løftet og gir dei breiaste smila.
– Kanskje du heller burde kome om eit halvt års tid, som du ser berer tunet framleis litt preg av å vera ein byggeplass, seier Knut Olimstad.
Han står med ein feiekost i den breie låvedøra og peikar på den ikkje heilt ferdige «tunnelen» som skal knyta våningshuset, der dei eldste bjelkane er frå 1653, saman med servicearealet i den flunkande nye driftsbygningen.

Stor men liten

Det er ikkje meir enn seks meter mellom dei to bygningane. Estetikk, plassering og ivaretaking av gamle tradisjonar og byggeskikkar har vore viktige for Monica og Knut. Den blodferske, raudmåla vinkel-driftsbygningen til mjølkekyr og kalvar, med ei grunnflate på drygt 810 kvadratmeter, er plassert omtrent der gamlefjøset frå 1960 stod, og der det har stått driftsbygningar i meir enn 100 år. Bygningen er «klemt» ned i terrenget. Sjølv med full låve oppå, er han lite dominerande.
– Nett slik vi ville ha det, stadfestar dei to. – Vala har vore gjennomtenkte, no er kjensla god. Me har fått eit moderne industribygg som ser ut som eit tradisjonelt fjøs, legg Knut til.

Rivande utvikling

Utviklinga på garden Nedre Ottersland i Austre Moland har vore formidabel. I 1990 var mjølkekvoten 54.000 liter. I tillegg til kyrne, var det plass til fire purker. Ressursgrunnlaget inkluderte då, som no, 1100 mål med skogsbeite. Rundt kjøkkenbordet, under bjelketaket og bak småruta vindauge, får vi brotstykke av historia servert saman med kaffi frå ein ståltermos, som stadig blir etterfylt.
– Me bygde nye tårnsiloar, bygde litt om og fekk gradvis utvida mjølkekvoten utover på 1990-talet. I 1997 vart nytt grisehus med tallegolv og plass til 600 slaktegriser per innsett teke i bruk. Litt seinare, i 2004, bygde dei ungdyrfjøs.
– Heile tida med stor eigeninnsats. Me har lagt vinn på å knipa kostnadar med å gjera det aller meste av arbeidet sjølv, understrekar dei to.

Farleg jobb

Garden kan vera ein farleg arbeidsplass. Det fekk Knut erfara i 2004 då ei stor ku løfta han opp og sette han i klem mot mjølkerøyra. Skiveprolapsen i nakken slit han framleis med.
– Skaden førte etter kvart til at med kutta ut grisen. Med støtte frå Landbrukshelsa vart det investert i skinnebane og mjølkeorgan med automatisk avtakar. Etter fleire ombyggingar hadde fjøset 31 båsar, og handterte greitt ein mjølkekvote på 178.000 liter.
Monica har vore bonde på full tid gjennom alle desse åra. Utdanninga innan kjole og saum måtte utvidast.
– Det har blitt ein del kurs og møter opp gjennom åra. Og så lærte eg utruleg mykje av svigerfar, Kåre Olimstad, understrekar ho.

 

Byggesjau: Mellom 14. mai og 16. september i fjor var byggeaktiviteten på Nedre Ottersland gård ekstremt hektisk. Kyrne vart avsina og løyste på beite i perioden. Rivinga av gamlefjøset vart gjort unna på dugnad. 29 personar utførte 500 effektive dugnadstimar på to dagar. Nyfjøset som vart reist i tunet er eit vinkelbygg på drygt 800 kvadratmeter med gjødselkjellar og låve. Foto: Familien Olimstad.

Fk-modellfjøs

Den nye driftsbygningen er planlagd med utgangspunkt i ein modell frå ein Fk-katalog på 1990-talet. Saman med familien Olimstad, var Stein Ivar Skretting frå Felleskjøpet Rogaland Agder og Tore Tønnesen frå NLR i Agder sentrale då modellen vart flikka på i 2011.
– Det er eit stort løft. Me var lenge i tvil. I positiv leid var det viktig for oss med tydelege signal frå eldstemann Kjetil om at han ønskjer å ta over når det ein gong blir aktuelt, fortel dei to.
Monica og Knut fekk løyve til å bygga full gjødselkjellar, og starta der med til saman 600.000 kroner i tilskot frå Innovasjon Norge og Arendal kommune. Open gjødselkum var aldri eit alternativ. Ein ruvande betongsilo krasja med utsikten frå kjøkkenvindauget, og med planane om å halda seg til den eksisterande byggeskikken. Sidan 2013 har det meste handla om planlegging for å få driftsbygningen på plass oppå gjødselkjellaren. No er mesteparten ferdig. Fjøset med mjølkerobot frå DeLaval har 61 liggebåsar, to sjukebingar og plass til 56 kalvar. Eldstesonen Kjetil hadde eit ord med i laget i diskusjonen om mjølkesystem.
– Eg stod hardt på at me skulle velja robot, særleg ut frå omsynet til eiga helse og fleksitid, seier han.

Kalkstrø: Djupstrøblandinga til liggebåsane blir miksa i fullfôrblandaren og kjørt ut med Avanten.

Dugnadsløft

Den ekstremt hektiske byggeperioden starta 14. mai i fjor. Med utgangspunkt i konsentrert haustkalving, vart kyrne avsina ein månad før vanleg, medan ny kalving var planlagd ein månad seinare enn normalt. Kyrne vart permiterte og det gamle fjøset vart rive av ein dugnadsgjeng på 29 personar, der alle visste på ein prikk kva dei skulle gjera og korleis dei skulle gjera det. Innsatsen resulterte i 500 dugnadstimar på to dagar.
– Ei stor oppleving. Me hadde ikkje fått til dette utan Kjetil, Erik og Stian, saman med dei gode hjelparane frå familie- og venekretsen elles, understrekar dei.
Fire månadar og to dagar seinare, 16. september, vart dei første kyrne mjølka i det nye fjøset.
– Det har gått over all forventning. Me har ikkje hatt behov for å skifta ut ei einaste ku, påpeikar Monica.


Dette er eit utdrag frå ein lenger reportasje som var på trykk i Bondevennen tidlgeare i år, i BV nr 6 – 10.februar 2017

Stikkord denne saka: , , ,