Ein litt grå laurdag i februar samla sauefolket seg til ein dag fylt med fagleg påfyll, praktiske tips og den gode drøsen – og sau på grillen.

Liv Kristin Sola

Det var berre å følgje straumen av bilar mot Gamletun Gård på Vatne utanfor Sandnes, første laurdag i februar. Nortura, Farstad Catering og Gamletun Gård inviterte sauefolket til fagdag, og Stian Espedal i Nortura, melde om rundt 120 besøkande.

Stian Espedal, Nortura

 

Unge og godt vaksne, damer og menn – klokt kledd i varmedressar, vart fordelt i mindre flokkar på dei seks ulike stasjonane. Ein skuletime på kvar plass. Ein slurk kaffi, litt sjokolade og god drøs mellom slaga, er alltid viktig når godtfolk samlast.

Praktisk læring

Espedal har mest heile Sør-Noreg som sitt arbeidsfelt og har sauebøndene tett på seg. Han veit kor skoen trykkar.

– Mange synest det er vanskeleg med snyltarbehandling. Det hender eg ser litt for tynne sauer, og eg ser veldig mange stygge klauver. I tillegg er det mange som synest avliving er ein krevjande barriere å bryte, seier Espedal.

Han ville få til ei gratis samling som tok føre seg seks tema som den erfarne fagpersonen meiner er viktig for god dyrevelferd og dermed også god økonomi for bonden.

– For det heng saman, meiner Espedal.

Han lodda stemninga, brukte nettverket sitt – og toppa laget med dyktige bønder og andre erfarne fagfolk til dei ulike stasjonane.

– Med heilt nye lokale til disposisjon på Gamletun Gard, og Farstad som kom med kokk og grill. Då vart det enkelt, seier Espedal.

Med sau på grillen

Farstad sørga for ein rikhaldig buffé rundt grillen, med lammepølser, salatar og ikkje minst marinert grilla ytrefilet av sau. Då dagen gjekk over i skumring var det berre godlyd å høyre. Både unge og meir erfarne bønder fekk påfyll med seg heim til eige fjøs.

– Det viktigaste er dyrevelferd og økonomi til bonden. Men det er også viktig at folk treffest, blir kjende og finn gode nettverk, seier ein nøgd Stian Espedal.

 

Bonde lærer bonde: Sauebonden Anders Schanke Rettedal frå Klostergarden, var hyra inn til å fortelje korleis han nyttar haldvurdering for å få robuste søyer i passe godt hald fram til lemming. 

Haldvurdering er viktig verktøy

– Haldvurdering er det viktigaste verktøyet me har gjennom vinteren, seier Anders Schanke Rettedal. Og han veit kva han snakkar om, bonden med 600  vinterfôra sau heime på Klostergarden.

– Søya skal prestere ein gong i året. Min jobb er å sørge for at søya er i rett hald til lamming slik at ho mjølker godt og kan ta vare på lamma sine, seier Rettedal.

Han gjer første vurderinga allereie når han skil frå lamma – og bruker tida fram mot årsskiftet.

– Vaksen sau i godt hald får skrint beite. Gimrane får litt betre beite, og dyr i dårleg hald får godt beite. Lam og tynne dyr blir sett på innefôring frå  månadsskiftet september/oktober. Vaksne dyr kjem inn rett før paring, seier Rettedal.

Når dyra er tynne er det viktig å prøve å finne årsaken. Er det ei god søye som mjølker godt kan det vere ei årsak. Ho vil legge på seg ved god fôring. Er det snyltarar, ikter eller liknande må dei behandlast. Ved normal fôring tek det fem veker å auke med 0,5 haldpoeng, og optimalt hald ved lemming er 3-3,5 poeng.

– Ikkje heng deg opp i tala. Gjer eigne erfaringar. Kjenn over langs tverrtappane, torntappane og over sadelen, eller i buken langs ribbeina, seier bonden, og har følgjande tips:

 

Tips til å vurdere hald (t.h.): 1. Stryk langs fingertuppane. 2. Kjenn over knoklane. 3. Stryk over handa (bilete t.h.). 4. Stryk over underarmen. 5. Feit….

Før og etter: Klauvhelse og trimming av klauver handlar både om dyrevelferd og om å legge til rette for at søya kan ta vare på lamma sine på ein god måte (under).

Ein jobb å gjere med klauvhelsa

I 12 år har Tor Vestly snudd sauer og sjekka for fotråte. Framleis er han ein av 10-12 personar som sjekker klauver på slakteria rundt om i landet. I følgje Vestly var det i 2019 registrert eitt tilfelle av fotråte her til lands.

Hårlause områder og hevelse i klauvspalten gir ei åtvaring på sår som mest ét opp klauvene innanfrå.

Dagen før sauesamlinga var Tor Vestly innom slakteriet og fekk tak i eit utval smale-føter. Og han fann mange som han kunne plukke med seg.

– Lange klauver og dårleg klauvform er blitt daglegdags. Trist og unødvendig, seier Vestly.

Men nyttig for deltakarane som fekk sjå korleis stoda er på fotfronten. 

Enkel, men genial: Ei ny oppfinning, ei rame med netting, har gjort snuoperasjonen enklare både for folk og fe.

Kor lite er nok?: Ein bør ikkje ta for lite, men iallefall ikkje for mykje, når klauvene skal trimmast. Her der det Vibeke Aniksdal Ueland som får ei innføring av Tor Vestly.

– Synd å seie, men kvaliteten på klauvene har blitt dårlegare dei seinare åra, seier han som har snudd tusenvis av sauer.

Han meiner det skulle vore større merksemd rundt klauvhelse generelt, men også i samband med kåringa. Ikkje minst er det viktig at bonden gjer jobben og klipper klauvene. 

God apetitt, Odd

– Alt eg seier i dag er teori – fasiten finn de i fjøset, seier Ole Arnfinn Røysland, sauebonde og rådgivar i NLR.

Flokken av sauebønder har sett seg på skulebenken for å få ein dose fôring.

– Sauen treng energi, protein, fiber, mineral og vitamin, seier rådgivaren, og introduserer mikroben Odd, som held til i vomma i lag med millionar av vener.

– Når du fôrar sauen er det i praksis Odd du fôrar. Odd må ha balanse mellom protein og energi i vomma for å trivast. Han et, formeirer seg og han skil ut syre. Syrene frå Odd er energi for sauen. Du fôrar Odd, og sauene nyttar avfallet.

Ole Arnfinn Røysland, sauebonde og NLR-rådgivar.

Kort, men nyttig liv: Mikroben Odd er verdifull for drøvtyggjaren, både levande og død. Figur etter Ole Arnfinn Røysland.

Men Odd blir ikkje gammal. Ein død Odd er likevel ein nyttig Odd.

– Odd er full av protein. Når han kjem til tarmen blir han tatt opp i blodet og forsyner sauen med protein, seier Røysland.

Din jobb er å sørge for at Odd har gode arbeidsforhold. Passe grovt grovfôr og passe mengde kraftfôr.

– Tel kor mange gonger sauen tygg mellom kvar gong dei svelgjer og gulpar opp att. Kjem du til 70 tygg, er det bra. Er det mindre, tyder det på for lite fiber. Hald også auge med avføringa, seier Røysland.

Ta vare på den gode ulla

Ullhandtering og klassifisering av ull er eit fagfelt det er få forunnt å beherske. Ein av dei som gjer det, er Odd Erik Steen, ullklassifisør hjå Nortura.

– Ull i toppklasse skal ha tynne, mjuke fibrar, og helst ha ei fin krusing. Den skal vere rein, kvit og fri for dekkhår. Farga ull når aldri beste klasse, seier Steen.

Tips for å få topp klasse på ulla er å klippe før fellen skitnar seg til med spon og grovfôr,  eller filtrar seg. Ha ein rein klippeplass og sorter vekk ull som ikkje har rett kvalitet. Frå midten av oktober begynner fellen å filtre seg. Då vert det lågare klasse og mindre betaling.

Ein krevjande og viktig jobb: For å få god klasse på ulla  er det viktig med ein rein klippeplass og god sortering av ulla. Ta vekk det skitne frå fellen og sortere det som er salsvare. Det seier saueklippar Odd Einar Lundervold. Frå midten av oktober tek fellen til å filtre seg, og tapar verdi. 

Samkjørt: Frode Hetland og Stian Espedal har jobbba i lag i mange samanhengar, og har same haldninga og respekt for dyra.

Respekt for dyret

– Handter boltepistolen som eit våpen. Skru det frå kvarandre etter bruk, puss or krutslam, og dusj på med tynn olje. Sjekk at fjøra har spenst og at dempeelementet/gummimuffa ikkje morknar. Oppbevar boltepistolen på ein tørr plass.

Klar melding frå slaktar Frode Hetland.

– Det tek to minutt og du veit at det fungerer skikkeleg neste gong, legg han til.

Siste krok er knapt montert i slakterommet på Gamletun Gard då Hetland og slaktekollega Stian Espedal, viser korleis dei avliver og slaktar sau.

– Å avlive dyr er aldri gildt. Den dagen det blir gildt, skal eg slutte. Då er noko gale i hovudet mitt, seier Espedal.

Han understrekar at det er annleis når dyr lir. Då er det godt å få slutt på lidinga.

Espedal held sauen mellom beina og stryk den under kjaken. Det skal vere ro og kontroll over situasjonen. 

Full sjekk: Stian Espedel vommar ut og kontrollerer inder organ blant anna for betennelsar og leveriketer, medan  bøndene følgjer nøye med. 

Etter skotet er sauen hjernedød, men hjarta pumper heilt til du tapper blodet av. Difor er det viktig å vere rask med å stikke, seier Espedal, medan skrotten gjer sine siste spark. I lag med laus kjake er det sikre teikn på at sauen er død, seier Espedal.

Dei flår begge sauene samstundes slik at alle får sjå. Når skrotten heng på kroken er det tid for å vomme ut. Espedal sjekkar lunger, lever, nyre, lymfekjertlar og galle.

– Alle dyr skal behandlast med respekt. Og av respekt for dyret skal me også bruke heile dyret, seier Espedal.

Null stress: – Lita galleblære viser at sauen ikkje har vore stressa ved avliving, forklarer Espedal.

Ta innersvingen på snyltarane

Angriper levra: Leverikta kan invadere levra i hopetal og gjere livet dårleg for vertsdyret – og for økonomien til bonden.

Veterinær Atle Domke tok bøndene med på eit sveip i snyltar-verda. Desse små, meir eller mindre usynlege skapningane som finst overalt, også inni dyra våre. Bonden må leve med dei, som til dømes leverikta (sjå bilete). Då er det viktig å vete korleis ein unngår at dei invaderer dyra og tappar dei for næring og livsgnist.

– Svaret er å behandle med rett middel, til rett tid og med rett dose. Og ikkje gløym den viktige råmjølka. Førebygging er alltid billigast og best. Blir lammet invadert har du tapt. Reknestykket går aldri opp, seier Domke. 

Til å leve med?: Somme beiter der det mest umogleg å unngå leverikter. Då handlar kampen om å redusere problemet så langt som råd, slik at dyra ikkje vert plaga av problemet. 

Veterinær Atle Domke

Ei vitamininnsprøyting

– Interessant dag, seier Randi. Dei andre tre nikkar. Det er lunsjpause. Gjengen  har vore gjennom halvparten av stasjonane. Alle fire meiner dei har mykje å lære, sjølv om dei har nokre års erfaring med saudrift. Dei trekker fram haldvurdering som ein ting dei skal heim og utforske meir. Aslaug vart også fasinert av ullhandteringa.

Felles interesse: Anne Kari Oltedal og døtrene f.v. Aslaug (18), Maria (14) og Randi (16) driv med sau på garden Åsane på Brusand – i lag med ei eldre syster og ein eldre bror.

Alltid noko å lære

Vibeke Aniksdal Ueland (t.v.) og Marita Aniksdal er naboar på kvar sin sauegard på Aniksdal sør i Hå. Når sauefolk samlast er det alltid mykje sosialt og gode tips å ta med seg heim.

Dagens tips fekk dei frå Atle Domke om parasittbehandling: – Det er lurt å gje fjorlamma mot snyltarar samtidig som me gjer lamma om sommeren, då fjorlamma er mindre motstandsdyktige enn eldre sauer. Det må me få inn i rutinane, seier Vibeke.

 

Stikkord denne saka: , , , ,