Leit problem: Ei lita innføring i kjemi og biologi kan vera nyttig for betre å redusere førekomsten av mjølkefeber. Den innføringa får du i Bondevennens podcast. Foto: Istock

Mjølkefeber er framleis ei utfordring som gir store tap både for dyrevelferda og økonomien. No får du tipsa som kan førebygge.

Bothild Å. Nordsletten

Kyr som stuper på båsen, eller som ligg hjelpelause i bingen? Mjølkefeber – tema for Bondevennens nye podcast- episode, er aktuelt både i sauehaldet og i mjølkeproduksjonen. Akutt mjølkefeber har dei fleste sett, men det er grunn til å tru at veldig mange dyr lir av skjult mjølkefeber.

– Det gir lågare produksjon og gjer dyra meir utsett for andre sjukdommar, seier programleiar Ingvild Luteberget Nesheim

Kan du gjødsle deg fri frå mjølkefeber?

Med ei lita innføring i kjemi og biologi kan du lære deg kva som skal til for å redusere problemet, seier makkeren hennar, programleiar Magnus Haugland.
Kaliuminnhaldet i fôret har mykje å seia, og det er viktig å ha kontroll på kjemien heilt frå jord til vom. I episoden er også fagleiar fôring i TINE, Anja Våg Skjold, intervjua, og me får høyre korleis veterinær Arvid Steen har arbeidd med å førebygga mjølkefeber.

Du finn Bondevennens podcast her, eller der du lyttar til podcast.  

Stikkord denne saka: , , ,