Sekunda importvare: I fleire tilfelle skal kvaliteten på importerte tomatar i sommar ha vore synleg dårlegare enn kvaliteten på dei norske. Dette bilete frå ein norsk butikk, viser ein Merlice-tomat, ein sort som næringa var samd om å ikkje satsa på i år. Foto: GPS
Auka import og «latterleg låge prisar» frustrerer tomatprodusentane.

Bothild Å. Nordsletten

Norske tomatprodusentar har eigentleg fleire grunnar til å glede seg. Forbruket av tomatar aukar, noteringsprisen er betra og i år har dei oppnådd målpris i åtte av 22 veker, mot berre to i fjor. Likevel var stemninga avmålt då Grøntprodusentenes Samarbeidsråd (GPS) samla produsentane til oppsummeringsmøte på Sola i tomatfylket Rogaland i førre veke. Grunnen? Stor og aukande import. I årets tollperiode (10.mai til 15.oktober), vart det importert 6177 tonn tomat, mot 5886 tonn i 2017. Bjarte Åsbø i GPS forklarar:

– Me gjekk inn i året med høge forventingar sidan ein samla bransje i fjor, etter ønske frå omsettarane, hadde avklart kva sortar me skulle satsa på. Nedturen kom alt 11.juli, då me plutseleg hadde 100 tonn norske tomatar på lager på pakkeriet på Rennesøy.

Bjarte Åsbø

Europeisk billegsal

Lagersituasjonen oppstod som resultat av at importørar tok inn 1000 tonn utanlandske tomatar i perioden rett før tollperioden starta. Tomatprodusentane meiner importørane med denne praksisen svekker prisen på norsk vare. Så, grunna den eksepsjonelle varmen, fløymde den europeiske marknaden over av tomatar på billegsal. Norske importørar skal ha latt seg freista til å ta inn store parti som elles ville blitt destruert, til prisen av berre emballasjen – som dei delte med seljar. I somme tilfelle skal det ha dreidd seg om tomatsortar som næringa hadde blitt samde om ikkje å ta inn. Kvaliteten på importtomatane skal dels ha vore dårlegare enn kvaliteten på dei norske.
Bondevennen har vore i kontakt med fleire produsentar som mislikar stoda. Ingen av dei ynskjer å stå fram i uro over forholdet til grossist. Deltakarane på oppsummeringsmøte var også varsame med å namngi importørane, men fleire omtalte sommarens prisar som «latterleg låge». Stoda utfordrar produsentane, all den tid løns- og energikostnadane veks.

Slit med marknadstilgangen

– Stemninga er prega av frustrasjon, stadfestar Åsbø.

– Produsentane sit på eit skikkeleg godt produkt, som ikkje er verdt meir enn importpris. Dei slit med marknadstilgang.

Åsbø skulle gjerne sett at norsk tomat konkurrerte på meir enn pris.

– Kva med kvalitet, kortare transport, bærekraft, kvaliteten på vatnet vårt, arbeidsforholda i veksthusa? Her har norske tomatar eit kjempeføretrinn, seier han.

Åsbø meiner det er stort potensial i veksthusnæringa, men at aukande import kan vera til hinder for vidare satsing.

– Importen på 6177 tonn tomatar tilsvarar 150 mål veksthus, illustrerar han.

Utfordrande sesong

Espen Gultvedt er sjef for norske varer i BAMA Trading, eit av føretaka som i tillegg til å omsetja norske tomatar også importerer.

– Eg forstår vanskane som produsentane har opplevd i sommar, med prisar under kostpris, seier Gultvedt.

Han viser til ein svært krevjande sesong på grunn av det varme klimaet og mengdene med billege tomatar på kontinentet.

– Me har aldri selt så mykje norsk eller tatt ut så mykje på pris, men det har vore veker der me har låge under kostpris, vedgår han.

– Undergrev de ikkje norske produsentar ved å importera tomatar?

– Nei, det vil eg iallfall ikkje seia, men det er klart det er utfordrande i periodar. Me jobbar kvar dag for å selja meir norsk, utan at eg kan lova noko. Dessutan er me ikkje den einaste importøren, og det finns jo dei som driv berre med import.

Espen Gultvedt

Potensial for fleire sortar

Gultvedt seier BAMA har eit svært godt samarbeid med Gartnerhallen og produsentane, men at dei ikkje kan styra kva daglegvarekjedane eller storkjøkena gjer. I likskap med Åsbø håpar Gultvedt at kjedar og storkjøken vil prioritera smak meir enn pris.

– Me må velja kampane våre. Kanskje er ikkje pris det einaste me skal konkurrera på, men heller spesialsortar eller bærekraftsaspektet. Potensialet for å diversifisera på sortar er godt.

 

– Burde ikkje vera slik

Generalsekretær i Norsk Gartnerforbund (NGF) Katrine Røed Meberg, meiner daglegvarekjedar og grossistar må satse meir på norske tomatar.

Katrine Røed Meberg

– Omsetningsledda bør sjølvsagt kjøpa norske tomatar når dei er å få kjøpt, og slik støtta dei norske produsentane, slik at desse kan vidareutvikle seg og sikra god kvalitet, seier Meberg.

Ho fortel at NGF arbeidar for produsentane på mange frontar, for å sikre gode rammevilkår og for best mogleg marknadstilgang for norske varer. NGF påverkar grossistar og daglegvarekjedene når dei treff dei på ymse bransjetreff.

– Me snakkar opp dei norske tomatane og viser verdien å ha norsk produksjon. Samstundes kan ikkje NGF gjera noko overfor kjedar og grossistar som importerer i norsk sesong, anna enn å oppmoda dei til å kjøpe av dei norske produsentane, seier Meberg.

Ho meiner det er stort rom for auka norsk tomatproduksjon og gler seg over at stadig fleire forbrukarar føretrekk norsk vare.

– Folk blir meir og meir kvalitetsmedvitne. Mediasaker der dårleg vasskvalitet og dårlege arbeidsforhold er avslørt i søreuropeiske gartneri, har kanskje gjort inntrykk. Det er mange fordelar med dei norske tomatane, slik som kvalitet, haldbarheit, bærekraft og smak. Kjedene burde vera stolte over å kunne tilby meir norske tomatar.

Stikkord denne saka: , , , , ,