• Etter 25 år som mjølkeprodusent finn Jørn Viste stadig nye utfordringar som han liker å bryna seg på.

 

 

Forskarar, bønder og rådgjevarar skal utfordre kvarandre.

 

Liv Kristin Sola
– Eg likar å bli utfordra og provosert av akademikarane på Ås. Jørn Viste smiler, fyller kaffi og pulver i kaffitraktaren og finn fram litt kjeks.
– Som bønder kan me vera kritiske til forsking. I mange høve kan enkeltresultat få i overkant mykje merksemd og stå fram som den eine sanninga.
Sjølv les han gjerne forsøksresultat og gjer seg opp sine tankar. Kan hende testar han ut noko av det han les, noko som han meiner kan vera fornuftig ut frå det driftsopplegget han har på sin gard.

Testar ut fullfôr

– Eg kjøpte blandevogna for to år sidan, og har sidan då testa ut fullfôr i besetninga. Det vil seia, eg trudde eg hadde fôra med fullfôr i to år, men det stemmer ikkje med det eg har lese i Bondevennen i det siste. Etter dei definisjonane, er det visst no i det siste at eg har starta med fullfôr, etter at kraftfôrvogna no ikkje er i bruk lenger, seier Jørn retorisk.
Han viser til dei ulike definisjonane mellom grunnblanding (PMR) og fullfôr (TMR) som Tine Rådgiving og Medlem nyttar.
– Når eg blandar fullfôr til kvigene kjører eg ut same blandinga langs heile fôrbrettet. Dei yngste kvigene får tillegg av kraftfôr. Den eine halvdelen av kvigene har då fått grunnblanding, mens den andre halvdelen har fått fullfôr. For meg har begge gruppene fått fullfôr, men det er tildelt som anten PMR eller TMR. Jørn tek papiret og blyanten og teiknar ei skisse for å forklara kva han meiner (sjå figur).

bv44_aktuelt12d

Premiks: Blanding av tørre råvarer på garden eller levert ferdig til garden.
Fullfôr: Mest mogleg homogen blanding av ulike fôrmiddel.
Tre ulike måtar å blanda fôr på:
1. Keenan med ein lett og luftig miks, med mykje grovfôr og fysisk struktur.
2. Ei namnlaus, uspesifisert gruppe med variasjonar i å blande på og variasjonar i samansetting.
3. Kompaktfôr blir blanda ved å sette tørre fôrvarer i bløyt nokre timar, tilsette grovfôret, og bruke lange knivar for god kutting og lang blandetid.
Tre ulike måtar å fôre ut på:
1. TMR – alt fôr i same rasjon.
2. PMR – tilleggsfôring med kraftfôr.
3. IMR – individuell miksa rasjon. Elektriske vogner utvikla for båsfjøs, som aldri blei nokon kommersiell suksess.

Nyleg bestemde han seg for å slutta å bruka den gamle kraftfôrvogna, og heller auka mengda med kraftfôr i fullfôret.
– Det gir ein enklare logistikk og minimerer behovet for teknikk i fjøset. To ulike fôringsrådgjevarar, Noralv Sandvik og Carsten Houmann, har gitt same råd: Holsteinkyrne dine klarar seg med fullfôr.

Heilsæd av kveite

Jørn er oppteken av å dyrka grasartar som er tilpassa jorda. Dei har rundballepresse sjølv, ei biopresse, noko som gjer dei fleksible i slåtten. I tillegg til gras har dei noko heilsæd av kveite som dei haustar rundt tiande august. Jørn forklarer at dei slår og pakkar heilsæden innan ein time. Tørrstoffprosenten i heilsæden er dette året på 42-44 prosent. Dei kan nytta tjuetre, tolv eller elleve knivar i pressa.
– Heilsæden vert pressa med tolv av knivane for å unngå tap av aks, fortel Jørn, og forklarer at han då går på kompromiss med snittlengda.
Snittlengda vert rundt sju til ni centimeter i rundballen, mens fullfôrvogna snittar stenglane ytterlegare.

Vekstskifte og avlingsnivå

  • 20 dekar med italiensk raigras, avlingsnivå på omlag 1000-1100 kg TS per dekar.
  • 40 dekar kveiteheilsæd med attlegg, rundt 900 kg TS per dekar pluss 100-150 kg TS på attlegget.
  • 70-80 dekar med første, andre og tredje års eng med Spire +20 gir rundt 900-1300 kg TS per dekar.
  • Beiter rundt 30 dekar etter første slått.

Han har fôranalysar av det meste. Det vil i praksis seia fem til sju fôranalysar kvar sesong. Han haustar første og andre slåtten ved begynnande skyting, medan tredje og fjerde slåtten vert teken litt tidlegare. Erfaringane er at første og andre slåtten er godt for magane, medan tredje og fjerde er noko sterkare.
– For at det skal vera vits i å ta ein fjerde slått, må jordstrukturen vera god, elles vert det for lite avling, utdjupar agronomen.
– Det var Menko Kolk, han som tek ut grovfôrprøvane, som inspirerte meg til å tenka annleis rundt slåttetidspunkt. Me tek første og andre slått som mange andre, ved begynnande skyting. Me avsluttar sesong med to små slåtter med omlag fire vekers mellomrom. Raigraset har då ein fin grønfarge og mykje blad når me slår.

Stabil fôring gjennom vinteren

Med fleire grasblandingar og ulike slåttar som er pressa i rundballar, ligg det godt til rette for å få ei god og stabil miks av dei ulike slåttane gjennom vinteren. I 2012 kjøpte Jørn fullfôrvogn for å blanda dei ulike slåttane. Målet var å utjamne grovfôrkvalitetane og oppnå meir stabil vom på kyrne. I Gjesdal tek dei to slåttar og beitar med sau på varig eng, noko som gir rundt 800 kg TS. Kvigene beitar på kulturbeite. Jørn er nøye med at kvigene får kapslar mot snyltarar første beitesesongen. Drektige kviger som skal kalve i løpet av vinteren, får selenkapslar før dei går på beite. Jørn forklarer at han deler vinterfôret inn fire grupper:
1. Første og andre slått.
2. Tredje og fjerde, og italiensk raigras.
3. Heilsæd.
4. Varig eng, eller eventuelt anna fôr.

Flat laktasjonskurve

På 1990 talet var avdråtten 6-7.000 liter. Etter kvart som kvotane vart omsettelege, auka gradvis ytinga opp mot 10-11.000 liter. Kyrne må ikkje fôrast for sterkt frå starten av laktasjonen. Då vert dei trigga for mykje, går for høgt opp i yting, og får ei for bratt laktasjonskurve. Utover i laktasjonen går fôropptakskapasiteten ned, kyrne èt mindre og ytinga går ned.
– Avl og fôring er ikkje to forskjellige ting. Seleksjon av dyr skjer etter kva slags laktasjonskurve me vel. Endrar me strategi, endrar me fôring og seleksjonen. Kyr som vert feite med dette fôringsregimet må eg bare utrangera, seier mjølkeprodusenten.

Fullfôrmiksen

Jørn blandar fôr annankvar dag. Fullfôrblandinga må ikkje vera for tørr, men ha ein tørrstoffprosent på rundt 40-41. Kvigemiksen kan gjerne vera tørrare. Jørn fortel at han tilset vatn i blandinga som han gir til mjølkekyrne, for å oppnå ønska tørrstoffprosent og få til ein god miks som kyrne ikkje sorterer i. Jørn tilset GrassatFullfôr for å få ein meir stabil masse
og hindre varmgang og åndingstap.
– Eg blandar heilsæd, mineralar og grassurfôr og fôrar ut ein tredjedel av dette til kvigene. Resten er utgangspunkt for miksen til mjølkekyrne. Til kyrne blandar me i kraftfòr og ein grasballe til av god kvalitet, fortel Jørn.
Gjeldkyrne og høgdrektige kviger vert flytta til den eine enden av fôrbrettet. Det er for få gjeldkyr til å blanda eigen miks. Jørn tek litt av fullfôret og blandar inn godt med ubehandla halm. Halmen kuttar han i fullfôrvogna. For gjeldkyrne er det viktig å oppretthalda volumet i vomma slik at dei er i stand til å ta til seg godt med grovfôr etter at dei kalvar.
Kva forventar du deg av rådgjevaren?
– Dei må kunne meir enn meg, kjem det kjapt frå Jørn.
Han flirer, og utdjupar: Det viktigaste er at rådgjevaren har god kompetanse på sitt fagområde, og at vedkomande evnar å sette seg inn i min produksjon og mine mål. Eg likar ikkje å bli sett inn i eit system, eit konsept. Snu på det, spør kva eg vil, og bidra til at me når måla.
For Jørn og familien er målet no å stabilisera produksjonen på dagens nivå.
– Avdråtten må vera tilpassa slik at me får med oss både helse, fruktbarhet, avl, fôring og driftsleiing til eit stabilt nivå. Avdråtten kjem heilt sikkert til å fortsette å stige på grunn av framgang på både avl, fôring og teknikk. Det stiller krav til oss som driftsleiarar, og det blir difor viktigare å gjere ting riktig.

Fôrrasjonar

Kviger frå 4 til 22 månadar:
2,5 kg mineral
2 kg kalk
1 rundballe heilsæd
1 rundballe tredje eller fjerdeslått
1 rundballe fuktig andreslått
Kvigene frå fire til tolv månadar får 1 til 1,5 kg kraftfôr per dag i tillegg.
Fullfôr til mjølkekyrne:
2/3 av kvigemiksen, rundt 1.300 kg
540 kg kraftfôr
1 balle andre eller førsteslått av førsteårs eng
220 liter vatn
Fôrseddel per mjølkeku
Premium grovfôr 25 gr.
Kalk 20 gr.
Kraftfòr 8,5 kg TS
Heilsæd 3 kg TS
Grassurfôr: 9 kg TS
Totalt 20,5 kg TS/ku/dag

20,5 kg TS per ku utgjer 50 kg fullfôr per mjølkeku.
Gjeldkyrne får 15-20 kg fullfôr og rundt 2 kg snitta bygghalm.
Avdrått siste 12 månader:
Feitt 4,3 prosent (meieri)
Protein 3,34 prosent (meieri)
Avdrått 10.200 kg (kukontrollen)
Fôreffektivitet 1,6 kg EKM/kg TS (siste månad)

Arbeidsdagen

Tida går. Jørn har arbeidsoppgåver som ventar. Kyr som skal mjølkast og kalvar som skal fôrast.
– Nokon vil seie at det er travelt. Eg likar ikkje det ordet, fordi det ofte blir oppfatta eller brukt negativt, men det er mykje bunden tid med å være bonde. Tempoet er variabelt gjennom året. Arbeidsdagane er like lange heile året, men eg får nok gjort meir når eg har det travelt!
Det er slik Jørn ser på kvardagen sin.

 

 

 

Denne reportasjen har tidlegare vore på trykk i Bondevennen, BV nr 44 – 2014

Stikkord denne saka: , , , ,