• - Me bruker mykje tid i fjøset, understrekar Ingrid. Dei henter kyr som er seine til mjølking, og handterer eventuelle alarmar fortløpande. I lausdrifta er det mest ikkje råd til å få gå i fred. Kyrne krev å få si dose av merksemd frå røktarane.

 

Med direktehausta grovfôr og ein minilastar til å fordela fôret på fôrbrettet, mjølker kyrne på Skutle over 10.000 kg EKM.

Liv Kristin Sola

– Me kjem til å nytta fôrhaustaren til den er utslitt, men rundballeutstyr står på ønskelista, seier Ingrid Skutle og Hans Ove Øvsthus, på Skulte i Voss kommune.

No nyttar dei minilastar til å fordela fôret ut på fôrbrettet. Eit godt hjelpemiddel som kjem til både på fôrgangen og i gangarealet i lausdrifta. Men dei legg til at fullfôrblandar står på ønskelista.

– Målet er å bli betre og meir sjølvforsynt med grovfôr, og auka ytinga til 11.000 kg EKM i løpet av 2016, seier Hans Ove.

– På same mengde kraftfôr (25 FEm/100 kg EKM), legg Ingrid til.

Roboten viser at mjølkemengda er 37 liter per ku og dag, med gjennomsnitt 141 laktasjonsdagar.

Arveleg belasta husdyrinteresse
I lausdrifta peikar bøndene ut ku etter ku, fortel kor dei kjem frå, kor mange kalvar dei har, og kor mykje dei mjølkar.

– Her er 3 frå Ernst, 4 frå Bjarte, 1 frå Kristian, 3 frå Stig, 1 frå Hanne Elin og 5 frå Steinar, seier Ingrid.

Ho har vore med i fjøset sidan ho var lita. Foreldra, Agnes og Kolbein Skutle, var svært husdyr- og avlsinteressert. Ingrid husker kyr som mjølka 10.000 liter då ho var lita.

– Generasjonen føre oss la grunnlaget for den drifta me har i dag. Dei tenkte langsiktig når dei bygde ut garden, seier ho.

– Heilt frelst
For snart fire år sidan, var Ingrid og Hans Ove på Dyrsku’n i Seljord. Der møtte dei Bjarte Njå.

– Bjarte stilte ut ei flott holsteinku. Me såg kua og snakka med bonden, og vart heilt frelst, minnast Ingrid.

Gjennom Bjarte fekk dei kontakt med Norsk Holsteinforening.

– Me har fått kontakt med mange dyktige, kjekke og hjelpsame bønder i stavangerområdet. Me får gode råd, og har kjøpt fleire reinrasa livdyr. Me kjøpte kvote og livdyr, og hadde full produksjon i det nye fjøset frå første dag. Eit godt høve til å bygga opp buskapen med drektige kviger frå etablerte holsteinbesetningar, seier bøndene.

Heile garden i bruk
– At me fekk høve til å leiga kvote, og slå saman fleire gardar var heilt avgjerande for at me kunne satsa. Det er ein god ting. Me har fått ein ny og mykje meir fleksibel kvardag. Me må tora å ta i bruk ny teknologi. Då vil ungdommen overta. Det har kosta å satsa på mjølkerobot, men me får det att i auka yting. Det er ikkje tvil om at det er økonomisk lønsamt å auka avdråtten, seie Ingrid og Hans Ove.

Jordressursane, utmarka, bygningane og kompetansen skal nyttast, men bøndene er også positivt innstilt til å dela naturen og naturopplevingane med andre, både sambygdingar, hyttefolk og turistar. NM i skiskyting og NM i langrenn, har vore arrangert rett ovanfor garden, på Hordaland sitt fylkesanlegg i langrenn og skiskyting. Mykje folk og stor stas.

Lever godt av garden
– Me har pengar på konto, og god økonomi i drifta. Det er moro at me kan nå dei måla me har sett oss, at genetikk og fôring spelar på lag, seier dei erfarne mjølkeprodusentane.

For samdrifta er det god økonomi å levera mykje sommarmjølk. I fjor leverte dei 34 prosent av kvota om sommaren. Til neste år håper dei å levera endå meir. Dei er meir oppteken av moglegheiter, enn avgrensingar. Men understrekar at dei bruker mykje tid i fjøset.
Bøndene legg heller ikkje skjul på at det kan by på utfordringar når to engasjerte personar skal driva garden i lag.

– Me må ikkje gå i føtene på kvarandre, men fordela ansvar, seier Ingrid, og får stadfestande nikk frå mannen.

 

Stikkord denne saka: , , ,