BN+

Kven skal med: Er det ei utsetting av lausdriftskravet eller høve til modernisering som skal sikre mjølkekua på dei minste bruka eit langt liv?


Norsk Bonde- og Småbrukarlag varslar omkamp om lausdriftskravet. – Heilt feil tidspunkt. Utsetter vi lausdriftskravet kan vi gløyme ei investeringspakke, seier Anders Felde i Vestland Bondelag.


Liv Kristin Sola


Norsk Bonde- og Småbrukarlag, NBS, vil ha lausdriftskravet opp til ny vurdering. Dei fryktar massiv avvikling av mindre bruk og meiner overgang til lausdrift må skje i samband med nyinvesteringar, utan ein absolutt siste frist.


– Vi veit at mange båsfjøs er modne for utskifting, men lønsemda i næringa er for svak og rammevilkåra for dårlege, spesielt for dei små og mellomstore bruka, seier Kjersti Hoff, leiar av NBS.


Ho fryktar at mange no kjenner seg pressa til å avvikle eller til å ta store investeringar som det ikkje er økonomi til å forsvare.


– Det aller viktigaste er å styrke økonomien i mjølkenæringa, spesielt for dei minste bruka. I tillegg treng vi ei investeringspakke som monnar slik at alle som vil kan legge om til lausdrift, seier Hoff.

Opptrappingsplan

Lausdriftskravet vart vedteke i 2004, med frist i 2024. I 2016 vart fristen utsett til 2034. Seinare har det kome nye krav til båsfjøs frå 2024.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,