BN+

Ønskjer investeringspakke: – Siste utveg er å banke dette gjennom i jordbruksforhandlingane, seier Bondelagsleiar i Vestland, Anders Felde.


Bondelaget har i årevis prøvd å forklare politikarane at eit lausdriftskrav utan friske midlar berre er ønsketenking. - Med dagens vilkår og løyvingar diskvalifiserer i praksis regjeringa dei fleste mjølkebruk under 30 kyr for ei framtid i næringa, seier Anders Felde.


Liv Kristin Sola


Tine har om lag 7000 aktive mjølkebruk. 4000 av dei står overfor eit val. Investere og legge om til lausdrift, eller styre mot avvikling. Det er Stortinget som har gitt mjølkeprodusentane dette valet. Tidsfristen er 2034.


Les også:
IN druknar i søknadar 
– Skeivt fordelte midlar 
Stor satsingsvilje, men snart er kassa tom 

Staten må følgje opp forbodet

I dei tre fylka på sør og vestlandet er det framleis stor overvekt av båsfjøs, men køen hjå IN er lang.
Bondelagsleiarane Marit Epletveit i Rogaland, Knut Erik Ulltveit i Agder, og Anders Felde i Vestland, meiner det tyder på at mjølkebonden vil investere og bli i næringa også etter 2034, men at eit tilskot er heilt avgjerande for at så kan skje.
Dei avviser at investeringsvilja er eit resultat av gode tider i næringa, slik det vert hevda i enkelte politiske kretsar.


– Utan løyve frå Innovasjon er det kroken på døra for dei minste båsfjøsa. Og utan ein massiv investeringspakke blir regjeringa si satsing på mindre bruk og landbruk i heile landet, berre tomt prat, seier Ulltveit.


Sjølv om mjølk er priortert i IBU-potten, er potten altfor liten til å klare dei store investeringane mjølkenæringa står overfor dei neste tretten åra. I eit digitalt intervju med Bondevennen i førre veke, krev fylkesleiarane ei solid investeringspakke til mjølk.


– Staten må følgje opp sitt eige vedtak som forbyr båsfjøs, seier Epletveit.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,