Bygda Kvilldal i Suldal.

Denne bygda er full av kraft. Både vasskraft og krafta til å produsere mat. Kvilldal har vore gjennom eit generasjonsskifte og unge folk trør til. Resultatet er nye driftsbygningar og auka folketal.

Noko er på gang i ein dal mellom fjell og fjord i Suldal. Pågangsmotet har slått rot, og blomane spirer gjennom snøen.

 

Jofrid Åsland

 

Mange veit det finst krefter her. Statkraft blant anna. Bønder har ivrig investert for å utnytte vassmassane som dundrar nedetter fjellsidene. Til og med britane har fått auga opp for vasskrafta frå Suldal, og kjem snart med kabel. Englandskabelen, som den heiter på folkemunne. Energi frå bygda i Ryfylke skal fløyme over sjøen.

Men det finst ei anna kraft her i bygda. Ei kraft tufta på gamle tradisjonar, som har gått i arv frå generasjon til generasjon. Krafta til å produsere mat. Den kjem frå kvar og ein som står opp i grålysinga og tuslar ut i fjøset.

Bygda har vore gjennom eit generasjonsskifte, og ungdomane trør til med nye driftsbygningar og store planar. Naturen er leverbrødet i kommunen og i Kvilldal.

 

Kraftverk i Kvilldal.

Her ser me kraftverket i Kvilldal. Det er det største i Noreg, og skal i framtida forsyne britane med energi.

Kraftverk for eigne pengar

– Der har dei bygd kraftverk, og der har dei bygd kraftverk.

Astrid Brommeland peiker og fortel frå passasjersetet. Ho er bygdeutviklar i Suldal kommune. Ho informerer om næringa på dei ulike gardane, byggeprosjekt og planar. Denne dama sit tett på prosessane, og frydar seg tydeleg over innsatsviljen.

– Frå Foss til Helganes har bøndene investert for 120 millionar kroner i kraftverk. Det vert produsert meir straum frå småkraftverk i kommunen enn totalforbruket, forklarer ho.

Hjula triller langsetter svingete vegar stadig oppover, mot djup snø og frostrøyk. Historiene om korleis mange bønder livnærer seg frå gard og ei tilleggsnæring er mange. Bygdeutviklaren er i sitt ess. Ho skildrar både tradisjonelle og meir originale måtar å tene til livets opphald på. Brommeland er oppteken av at folk skal trivast i arbeidet sitt.

– Sjå her kan me gå ut, så får du fine bilete.

Ho klyv ut på snøen attmed vegen, peiker og fortel om bruka nede i dalen. Dei fleste gardane har fått ansiktløft ved hjelp av yngre og eldre krefter, hand i hand.

– Ser du det lange trebygget? Det er saga til garden me skal besøke.

Brommeland informerer med ivrig røyst.

På ei slette har ein gravemaskin sett tydelege spor. Lars Vaarvik har arbeida 200 timar på tomta så langt. Bak spakane er den erfarne maskinføraren i sitt rette element. Han arbeider hardt for at dottera og svigersonen skal få nytt lausdriftfjøs. Dagens fjøs er frå 1918. Garden Øystad møter modernisering i desse dagar.

Garden Øystad i Kvilldal i Suldal.

Garden Øystad møter modernisering i desse dagar. Eit nytt fjøs reiser seg.

Draumen om ein gard

Torhild Vaarvik vaks opp på Suldalsosen i eit byggefelt. I helger og feriar var familien mykje på eit småbruk på Foreneset. Det var barndomsheimen til mora. Torhild vakna som oftast tidleg og sneik seg ut til sauene før søstera var oppe. Åleine med sauene kunne ho fôre og kose seg i fred.

– Me hadde ikkje kjøpt gard i så vaksen alder dersom ikkje barna var interesserte i gardsdrift, seier mora, Audhild.

Ho fortel om dottera si interesse for gardsliv og dyr. Om får på Foreneset, agronomutdanning frå Tveit vidaregåande skule og avløysarjobbar. Torhild arbeida på Øystad i eitt år då gamlebonden, Tor Øystad, ikkje kunne stelle på grun av operasjon i kne og hofter.

– Det er rart å tenke på, at me skulle ende opp her, seier Torhild.

Draumen har alltid vore ein gard, endå betre vart det med ein gard familien kjenner godt.

– Eg har vore mykje her for å hjelpe til. Heile familien var med på stølane. Det er kjekt å kjenne til dei gamle namna og historia i utmarka, fortel faren.

Lars Vaarvik.

Lars Vaarvik har arbeida 200 timar på tomta til nybygget så langt.

Fjøs frå eigne ressursar

Det låg i korta då familien flytta til gards i 2005. Fjøset frå 1918 var modent for utskifting. Arbeidet mot det rette alternativet har vore ein lang prosess, men no kan ein skimte målet. Gjødselkummen er nedgraven og på tomta like ved reiskapshuset er gravemaskinen stadig i sving.

– Far du må stille deg opp med gravemaskina og ta bilete.

Torhild oppmodar ein kamerasky maskinførar. Det fungerer. Eit knips festar han til papiret.

– No står me i mjølkerommet, informerer Lars.

Han peiker og forklarer.

– Fantastisk, responderer bygdeutviklaren til informasjonen ho får servert.

Langs veggen på reiskapshuset står ferdigsnekra element. Det er tømmermannen på garden som har æra for dei. Treet er henta frå eigen skog, og skåren på eiga sag. Det nye fjøset skal byggast i ubehandla tre. Då er det ekstra viktig med god kvalitet på råvarene.

– Eg sorterer på saga, og tek ikkje det dårelege treverket. Vidare tek me dei dårlegaste plankane øvst under taket og dei beste nedst, forklarer Lars Christian.

Eiga sag gir moglegheiter han ikkje hadde hatt med ferdigfabrikkert treverk.

Tømmermannen Lars Christian Benninghoff

Tømmermannen Lars Christian Benninghoff bygger nytt fjøs av tre frå eigen skog.

Frida inn i framtida

– Du må berre kikke inn. Eg er stolt av dyra, men ikkje av fjøset.

Torhild opnar den låge fjøsdøra og kua Frida kikkar ut. Her har mang ein veterinær og arbeidskar stanga hovudet i taket.

– Ho er ei stødig og god ku. Frida har fått seks kalvar og skal vere med over i det nye fjøset, fortel bonden.

Frida er dottera, Helle, si ku. Jentene er like interessert i kyr som mora, og får velje stutar til sine dyr sjølv.

– Det er ikkje alltid dei vil følgje avlsplanen. Dei er mest opptekne av å ha dei høgaste indeksane.

Torhild smiler breitt når ho fortel om døtrene sitt avlsarbeid i fjøset. No ser ho fram til nytt fjøs og lettare løysingar. I dag ligg mange etappar arbeid føre ho, før fôret kjem på fôrbrettet. I det nye fjøset skal dei ha automatisk tidsinnstilt fôring, men Torhild vil ikkje overlate mjølkinga til ein robot med det første.

– Eg er veldig glad i å mjølke, fortel ho.

Sauene står hjartet like nært som kyrne. Det er både villsau og NKS på garden. I år vart villsauene para med svartfjesvêr og bonden har inseminert fem sauer sjølv. I planlegginga av fjøset var mange idear på bordet. Det vart vurdert om dei skulle bygge til sau eller ku, kvar bygget skulle stå og utforming.

– Det er godt å vite korleis me vil ha det før me sett i gang, konkluderer Torhild.

Kua Frida i eit fjøs frå 1918.

Kua, Frida, skal etter planen flytte inn i det nye lausdriftfjøset.

Vilje til innsats

Skulebussen i bygda har vore nedlagt, men kveika motoren att i 2007. I dag bur det 20 barn i bygda med smått og stort. Folketalet har auka i Kvilldal. Ei bølgje av generasjonsskifter har gått gjennom dalen, og kjem no til uttrykk i form av at det eine bygget etter det andre strekker seg mot himmelen.

– Det er lettare å investere når naboen gjer det. Dersom dei får det til kan me også få det til, seier Lars Christian.

Brommeland opplyser at bøndene i Kvilldal har investert for 15.6 millionar kroner frå 2011 til og med 2015.

– Det er eit godt miljø blant bøndene, og eigen bondeklubb. Me ringer kvarandre ofte og slår av ein prat. Det er veldig viktig med gode kollegaer, seier Torhild.

Det nye folket og den unge generasjonen på Øystad jobbar hardt mot ein lettare kvardag med nytt fjøs. Det er det store målet for framtida. Etter kvart skal det også dyrkast meir jord. Dei vil utvikle seg, men ser ikkje berre verdiar i kroner og øre.

– For oss har det me har ein verdi, ikkje berre pengar.

Det er Torhild som har siste ordet.

Lars Christian Benninghoff og Torhild Vaarvik.

Lars Christian Benninghoff og Torhild Vaarvik overtok garden Øystad i 2014.
Foreldra til Torhild kjøpte garden på den frie marknaden i 2005.

Fakta om garden Øystad:

  • Lars Vaarvik (59) og Audhild Vaarvik (54) kjøpte garden Øystad på den frie marknaden i 2005. Familien var ikkje i slekt med dei tidlegare eigarane, men hadde nær tilknyting til garden og folket. Familien Vaarvik var ofte på Øystad for å hjelpe til, og vere med på heialivet.
  • Lars og Audhild har to døtrer: Lillian (33) og Torhild (32).
  • I 2014 overtok Torhild og Lars Christian Benninghoff (33) garden. Dei har pussa opp folgehuset, og er i full sving med nytt lausdriftfjøs.
  • Torhild er bonde på fulltid medan Lars Christian arbeider som byggeleiar hjå Suldal Hyttebygg. Ho er utdanna agronom og han er tømmermann. Saman har dei døtrene Helle (11) og Sigrid (9).
  • Garden har eit areal på 31.000 daa. Av dette er 136 daa dyrka, 112 daa beite og 2.500 daa er skog. Dei leiger 55 daa dyrka jord, og 20 daa beite.
  • Med stølar, naust, sag, våningshus, kårhus, driftsbygningar og jaktbuer er det over 40 bygg som høyrer til garden.
  • Garden har eige kraftverk, som produserer 300.000 kwt årleg. Det er også gode jakt og fiskemoglegheiter på garden.
  • Dagens fjøs er frå 1918, og bygd på rundt 1950. Der er det plass til 26 kyr og kvoten er på 250.000 liter mjølk.
  • No er det 24 kyr, 62 sauer og tre hestar på garden.
  • I desse dagar er dei i gang med bygging av nytt lausdriftfjøs. Der skal det vere plass til 37 kyr, mjølkegrav og automatisk fôringssystem. Fjøset vert bygd av treverk frå eigen gard. Lars Christian står for bygginga.

Eit gammalt stabbur står midt i tunet, og ber gardens bumerke. Eit solkors. Huset ber på forteljinga om då garden låg aude under svartedauden. Les også: Stabbur med lang historie.

Stikkord denne saka: , , ,