Vestlandsk fjordfe på beite. Foto: Nibio.

Med tal frå eiga drift har Ola Hammer Langleite samanlikna produksjon på NRF med sidet trønderfe og nordlandsfe. Tala gir optimisme på vegne av dei norske landrasane.

Liv Kristin Sola

– God økonomi handlar om å optimalisere produksjonen ut frå dei ressursane ein rår over, meiner Ola  Hammer Langleite, mjølkeprodusent på Snåsa og dagleg leiar i samvirkeselskapet Urfe SA.

Kvar bonde må sjå sine moglegheiter og avgrensingar og tilpasse seg ut frå det.

– For bønder som rår over store beiteressursar kan produksjon av mjølk og kjøt på dei gamle  bevaringsverdige storferasane vere det alternativet som gir best økonomi.

Liten skilnad i dekningsbidrag

Ola Hammer Langleite, mjølkebonde med STN og NRF, og leiar av samvirkeorganisasjonen Urfe SA. Foto: Privat.

Heime på garden Hammer i Snåsa i Trøndelag, er produksjonen til Langleite avgrensa av 20 båsplassar  og ein mjølkekvote på 90.000 liter. Buskapen består av NRF, og sidet trønderfe og nordlandsfe (STN). NRF-kyrne produserer eit snitt på 8000 liter mjølk med 40 prosent kraftfôr i rasjonen, medan STN-kyrne har eit snitt på 5000 liter på 20 prosent kraftfôr.

Gitt at kvoten er avgrensande faktor trengst det 20 STN-kyr for å fylle heile kvoten, mot tilsvarande 12 NRF-kyr. Med det som utgangspunkt gir dømet med STN eit dekningsbidrag i underkant av kroner 800.000, inkludert tilskot. 12 NRF-kyr gir eit dekningsbidrag i overkant av 650.000.

Om ein aukar til 20 kyr av NRF-rasen aukar dekningsbidraget med 150.000 samanlikna med 20 STN-kyr. Dette beløpet skal dekke kjøp eller leige av meir kvote, samt auka kostnadar til grovfôr hausta utanfor eige bruk. Likeeins aukar kostnadane i samband med handtering av gjødsel. .

Kva for rase ein vel å fylle fjøset meder ikkje er avgjerande for lønsemd. Ein kan oppnå tilnærma same resultat med ulike rasar, men resultatet kjem fram på ulike måtar. Skilnaden i dekningsbidrag er i dette tilfellet så liten at eiga interesse, ønska driftsform og val av rase bør vere meir avgjerande enn dei økonomiske betraktningane, er Langleite sin konklusjon.Utrekningane er gjort ved hjelp av Tine sitt kalkyleprogram.

Lik produksjon på same mengd fôr

– Dei små rasane har ei effektiv fôrutnytting av grovfôr av god kvalitet, men er spesielt gode til å utnytte utmarksbeita, seier Langleite.

Han viser til at dei små rasane kan produsere same mengd mjølk og kjøt like effektivt som dei  kommersielle. Produksjonen skjer berre på fleire dyr, men med totalt same mengd fôreiningar, fordi dei
små rasane krev mindre fôr til vedlikehald.

– Det er god fôringsøkonomi. I tillegg gir fleire dyr god utteljing på tilskot då dei fleste tilskot vert utmåla per dyr, og du treng fleire dyr for å oppnå tilsvarande produksjonsvolum som på dei kommersielle rasane, seier Langleite.

Figuren viser utviklinga av tal avlskyr av dei bevaringsverdige storferasane frå 1990 til i dag. Kjelde: Kuregisteret/Norsk genressurssenter. Norge har seks nasjonale og trua storferasar: Dølafe, sidet trønderfe og nordlandsfe, telemarkfe, vestlandsk fjordfe, vestlandsk raudkolle og østlandsk rødkolle. Kvar av rasane har sine raselag, og gjennom laget Norsk Bufe samarbeider fem av raselaga for å gjere dei gamle rasane meir kjent og sikre dei for framtida gjennom å auka populasjonane. Somrane 1989 og 1990 reiste Nina Sæther rundt i heile landet for å registrerer og telje dyr av dei ulike rasane. Jobben vart konsentrert om fem av dei seks rasane, då populasjonen av sidet trønderfe og nordlandsfe var for stor og uoversiktleg til å telje. Sæther etablerte Kuregisteret som er ei slektskapsdatabase for alle dei bevaringsverdige norske storferasane, som i dag driftes av Norsk genressurssenter. Utviklinga i tal mordyr av dei bevaringsverdige rasane i Norge frå 1990 til 2017 kan du sjå i figuren. STN kom med i registeret frå 2010.

 

Trenden snur

Produksjonsøkonomien i moderne landbruk har lenge vore tilpassa dei kommersielle rasane. Dei  særeigne kvalitetane på mjølk og kjøt frå dei gamle rasane får ikkje utteljing i industrien.

– Ting er i endring, meiner Langleite.

– Etter stort press frå bondeorganisasjonane og avlslaga gjennom Norsk Bufe, ser det no ut til at styresmaktene ser verdien av denne driftsforma. Styresmaktene viser stor vilje til å ta vare på og styrke dei nasjonale rasane, noko som etterkvart merkast på økonomien hjå dei som har satsa på denne driftsforma, stadfestar han.

Han er glad for at styresmaktene sender eit tydeleg signal gjennom å auke tilskotet til dei  bevaringsverdige storferasane frå 3000 kroner i år, til 3200 kroner per dyr i 2019.

– Saman med tilskot til beiting i utmark, samt Nortura sitt vedtak om å auke tillegget til storfe slakta som Nortura Urfe til sju kroner per kilo for dei beste slakta, gir dette eit løft som monner, meiner Langleite.

Utmarka er trendy

Like viktig som produksjon, er desse dyra si evne til å ta vare på og utnytte dei store beiteressursane utmarka.

– Både nasjonalt og internasjonalt står bruk av utmarksareala høgt på dagsorden. Naturressursane er i ferd med å bli moderne landbrukspolitikk, heilt i tråd med internasjonale føringar som har klima, kulturarv og miljø som grunnleggjande faktorar for korleis politikken skal innrettast, stadfestar Langleite.

 

Stikkord denne saka: , , ,