Forgifting: Både veterinærar og bønder melder om fleire tilfelle av eikenøttforgifting av sau og lam, enn det dei har opplevd tidlegare. Illustrasjonsfoto: Dreamstime.

Fleire bønder har i haust opplevd at sau og lam på beite har blitt sjuke og døydd av eikenøttforgifting.

Jane Brit Sande

Sauebonde Siri Tau Ursin, frå Tau i Rogaland, har mista ein sau og seks lam grunna eikenøttforgifting.

– Eg merka at dyra vart sjuke, og hadde inne dyrlege. Etter kvart som dyra også døydde vart dei sende inn til obduksjon. Då kom det fram at dei hadde ete eikenøtter, og døydde av forgifting, seier ho.

– Eg visste ikkje at eikenøtter er farleg for sau. Etter å ha delt dette i forskjellege landbruksrelaterte grupper på Facebook, kom det fram at eg ikkje er den einaste. Dyrlegen har meldt tilbake om at det i år er fleire tilfelle av eikenøttforgifting enn normalt, seier Tau Ursin.

Mange tilfelle på obduksjonsbordet

Cecilie Ersdal, førsteamanuensis ved Veterinærhøgskulen si avdeling i Sandnes, stadfestar at det i år er langt fleire tilfelle av eikenøttforgifting enn det plar vere.

– Me plar oppleve eit eller to tilfelle kvart år, oftast i Rogaland. Nokre år stiller me ikkje diagnosen i det heile tatt. I år har me hatt tilfelle frå Lyngdal i Vest-Agder, Ulvik i Hardanger, samt fleire forskjellige stader i Rogaland. På ei veke fekk me inn tilfelle frå fem forskjellege besetningar. Det er unormalt mykje, seier Ersdal.

– Eikenøtter er også giftige for storfe og hest, seier ho.

Fleire faktorar

Det er garvestoff i eikenøttene som er syndaren.

– Me veit ikkje kor store mengder med eikenøtter som skal til for at sauene skal bli forgifta, då det er fleire faktorar som speler inn. Innhaldet av garvestoff i nøttene varierer. Det ser ut til at dei grøne nøttene har eit høgare nivå enn dei brune, som er blitt modne. Dersom sauen har ete mindre gras enn normalt kan dette også ha noko å seie. Sauen kan då ete meir av planter han elles ikkje plar ete, og kanskje vere meir mottakeleg for giftstoffa. I år har ikkje beitesituasjonen vore særleg god, og det har også vore mykje eikenøtter på bakken på grunn av sterk vind, seier Ersdal.

Også lauvet inneheld garvestoff, men Ersdal seier at det er særleg nøtter ein finn i vomma under obduksjon.

Tre til sju dagar

Sjukdomsforløp avheng av mengda nøtter som dyret har fått i seg. Ersdal seier sjukdomsteikna viser seg gradvis.

– Først kan du sjå at dyra er litt nedstemte, sluttar å ete, og får ei unormal åtferd. Etter kvart får dei også diaré. Det tek mellom tre og sju dagar frå dei har begynt å ete eikenøttene, til dei døyr av forgifting, seier ho.

– Forgiftinga gir stans i vomma, og skadar i tarm og nyrer. Nokre kan bli friske, men det avheng av omfanget av skadane, seier veterinæren.

– Kan bonden gjere noko for dyr som er blitt forgifta?

– Det kan hjelpe med det me kallar symptomatisk behandling. Då må bonden sjå til at sauen får i seg væske, godt fôr, og dei kan også nytte aktivt kol eller matolje. Diverre er prognosane dårlege ved forgifting forårsaka av eikenøtter. Avliving bør difor vurderast, seier Ersdal.

Ho rår bønder med eik på beite om ikkje å ha sau i nærleiken av trea.

– Eit anna tiltak kan vere å gjerde inn det området der ein veit nøttene dett ned, men det beste er å unngå dette området heilt.

Eikenøtt i vomma: Biletet er frå eit lam som vart obdusert for to veker sidan, og som fekk diagnosen eikenøttforgiftning. Det er mykje eikenøttar i vominnhaldet, der to nøtter er merka med piler. I tillegg er det blødningar i tarmopphenget merka med stjerne. Foto: Cecilie Ersdal

Stikkord denne saka: , , , ,