Tre generasjonar: F.v. Nils, far til Eivind, Eivind og kona Marianne, sonen Martin og kjærasten Benedikte Tvedt, og eldstesonen Joakim. Dotter Karina var ikkje til stades.

– Frykta for å begynne i fast arbeid var større enn frykta for å fortsette å mjølke, seier bonde Eivind Myrdal, som mjølker 13 kyr i lausdrift.

Liv Kristin Sola

Bonden smiler om kapp med sola denne laurdagen i april. Folk strøymer til frå fjern og nær for å sjå eit av Norges minste lausdriftsfjøs. Helsingar, blomar og gåver strøymer på og familien får mange godord om satsinga.

Garden ligg i Jordal i Eidsvåg, ti minutt med bil frå Bergen sentrum, likevel nokså vekkgøymt bak krappe svingar og nedlagt industri.

Innanfor eksisterande veggar 

Det gamle båsfjøset har grunnmur frå 1880-talet. Vindauga sit djupt inn i den breie steinveggen og rammer inn landskapet utanfor. Terrenget er så bratt at både låve, fjøs og møkkakjellar ligg på bakkenivå.

For åtte år sidan heva dei taket i fjøset frå to til 3,5 meter. Fem år seinare støypte dei nye veggar og golv i møkkakjellaren for å sikre at den var tett. Så stod sjølve fjøset for tur.

– Eg såg naboar investere i nye traktorar og maskinar og tenkte: Kan dei bruke millionar på slikt – då kan eg fikse fjøs, seier Eivind.

Det sette familien overfor eit vegval. Å bestemme seg for produksjon var ifølgje bonden den største utfordringa. Etter dei investeringane som var gjort, var det ikkje aktuelt å bygge nytt. Dei ønska heller ikkje å auke produksjonen, men vurderte andre produksjonar enn mjølk. I lag med Tine-rådgivaren såg dei økonomien i dei ulike husdyrproduksjonane, gitt rammene dei hadde.

– Her var det litt sprikande informasjon, men det var ikkje tvil om at mjølk kom desidert best ut økonomisk. Og desidert mest arbeidskrevjande, seier Eivind.

Les også SMÅTT KAN BLI GODT

Taket i båsfjøset vart heva til 3,5 meter for nokre år sidan. 

Med 13 kyr vert det heller ikkje så mange kviger.

Mjølkestallen er plassert på andre sida av fôrbrettet, medan kraftfôrautomaten står langs fôrbrettet i lausdrifta, utan å ta for mykje plass. Ein kost er det også plass til. 

Moderne drift i historisk bygg

Mykje fall på plass då dei hadde bestemt seg, og Eivind hadde ei heilt klar bestilling då han troppa opp hjå Felleskjøpet: Oppdraget var å fornye fjøset innafor eksisterande fire veggar – og innafor fornuftige økonomiske rammer.

Resultatet er eit lausdriftsfjøs med 16 liggebåsar, ein 1×3 fiskebeinstall og to kalvebingar med liggepall som kan nyttast til kalvar i ulike alder. Buskapen tel 13 kyr og kvoten er framleis 80.000 liter. Kalvinga er konsentrert om seinsommaren. Totalt har dei investert for to millionar
over åtte år. Ombygginga kom på 1,3 millionar, inkludert brukt mjølkegrav og kraftfôrautomat. Frå IN fekk dei 300.000 kroner. Tidlegare investeringar var nedbetalt.

– No er det eg, ikkje banksjefen, som bestemmer om eg skal arbeide ekstra eller ikkje. Det kjennest godt, seier Eivind.

I tolvte time

Bonden har kring 2/3 av inntekta si frå garden. Han sper på med litt ekstra frå brøyting og strøing, samt andre mindre oppdrag. Marianne arbeider som helsesøster.

Dei eig 75 dekar og leiger 20 dekar grasareal og er sjølvforsynt med surfôr. Bonden satsar på korte omløp og høg og god avling. Han nyttar framleis tresiloane, men supplerer med rundball. Fôringa består av surfôr, mask og kraftfôr, og litt halm i sinperioden.

Fjøset er ikkje større enn at bonden hadde avskrive kraftfôrautomaten, noko servicemannen frå Felleskjøpet ikkje ville godta utan å prøve. No står automaten plassert i lengste hjørnet, langs fôrbrettet, utan å stele unødig med plass. Grovfôret kjem frå låven via ei trakt ned på fôrbrettet. Enn så lenge må det fordelast med muskelkraft, men Eivind legg ikkje skjul på at eit fôrband står høgt på ønskelista. Han er heller ikkje framand for ein mjølkerobot – ein gong der framme.

– Eg har prøvd å gjere mitt for å ruste garden og eg angrar ikkje. No kan neste generasjon satse vidare, seier Eivind.

Hans råd til andre bønder i same situasjon er å sjå på korleis du kan utnytte eksisterande areal. Kunsten er å utnytte det arealet du har. I eksisterande fjøs er mykje allereie på plass, som mjølkerom, strømkabel, siloanlegg og brannvarslingsanlegg. Summen av dette vert høg.

– Alt må nyttast og du må tenke langsiktig, seier Eivind.

Viser at det går: Mange kom til Jordal i Bergen for å høyre og sjå kvifor og korleis familien Myrdal bygde om til lausdrift, utan å bygge på og utan å auke mjølkekvoten.

Det gamle båsfjøset har grunnmur frå 1880-talet. Vindauga sit djupt inn i den breie steinveggen og rammer inn landskapet utanfor. Steinveggen mot aust skulle ta av for sterke vindar som kom attende frå dalbotnen. 

Stikkord denne saka: , , ,