App-styrt: Klaven rundt halsen gir geita signal og til slutt støyt om ho går ut av beiteområdet. Foto: Nofence

Nofence er lovleg i bruk til geit. No står sau og storfe for tur. Deretter skal det usynlege gjerdet erobre verda. – Eg gler meg stort til å sjå  gris på beite i framtida, seier mannen med ideen, Oscar Hovde Berntsen.

Liv Kristin Sola

 

Du har kan hende høyrt om geiter som beitar tilsynelatande fritt mellom beina på turistar på Fløyen, men likevel ikkje snik seg inn for å ta eit jafs av blomane i hagen til dei fastbuande? Geitene vert kontrollert av usynlege gjerder som held dei innanfor beiteområdet. Slik kjem vi inn til dei, men dei kjem ikkje heim til oss. Systemet kallast Nofence og er utvikla av den vesle bedrifta med same namn, som held til i Batnfjordøra på Nordmøre.

På grensa til sprøtt

Geitebonde, oppfinnar og ingeniør Oscar Hovde Berntsen vaks opp i ein husmannsbustad med ein far som var prest og spesielt oppteken av sjølvberging. Ungane skulle ha eit forhold til dyr og vete kor maten kom frå.

– Inne på beitet, i det fine landskapet i lag med beitedyra, var det mykje trivelegare enn i den store hagen, som eigentleg berre minner meg om plenklipping, seier Berntsen.

Når det passa seg slik, slapp dei dyra utanfor beiteområdet, også grisen.

– Eg fryda meg over å sjå kor glade dyra vart over å få tak i graset også på andre sia av gjerdet. Det var slik ideen om beiting utan fysisk gjerde oppstod, seier Berntsen.

Oscar Hovde Berntsen. Foto: Nofence

Tanken slapp aldri taket. Prestesonen tok ingeniørutdanning og kjøpte seg småbruk. I mellomtida hadde den teknologiske utviklinga kome så langt at det var på tide å ta fram skissene frå gutedagane og realisere draumen.

– Eg kunne ikkje la vere. Eg var sikker på at dyra var i stand til å lære korleis systemet fungerer. No er det bevist, seier Berntsen.

Tommel opp frå landbruket

– Kva var reaksjonane då du presenterte ideen – i vaksen alder?

– Ja – det var nok litt begge deler, men eg vart positivt overraska over at landbruket sjølv tok ideen på alvor og hadde tru på prosjektet. Landbruket har heile tida vore ein god støttespelar. Det er stas, seier Berntsen.

– Ideen er god, men den er verdilaus om den er knytt til feil person. Berntsen har ei formidabel evne til å gjennomføre. Det var  avgjerande for å få finansiering av prosjektet, seier Erik Harstad, dagleg leiar av Nofence.

Nofence fekk mykje omtale då representantar frå Mattilsynet i Bergen stansa utprøvinga to stader – av omsyn til dyrevelferd. Saka ende i Stortingets spørjetime og fekk statsråd Dale til å instruere Mattilsynet om å legge til rette for naudsynt utprøving for å dokumentere god dyrevelferd. Statsråden understreka at regjeringa er oppteken både av dyrevelferd og av bruk av utmarksbeita og at saka måtte ryddast opp i.

– No har vi brevet på veggen som seier at Nofence er lovleg til geit, seier Harstad.

Nofence til storfe og sau

– Utprøvinga på storfe starta i fjor haust, og i førre veke starta vi opp på sau, seier Silje Eftang, som er tilsett hjå Nofence som doktorgradsstipendiat og ansvarleg for dyrevelferd. I lag med Knut Egil Bøe, professor i dyrevelferd ved NMBU, skal Eftang gjennomføre kontrollerte forsøk på Ås, før systemet skal prøvast ut i større skala hjå utvalde bønder over heile landet.

– Klavane må tilpassast og teknologien må finjusterast slik at me kan dokumentere god dyrevelferd for kvart dyreslag, seier Eftang.

Målet er at Nofence vert lovleg til storfe og sau i 2020.

Kommunikasjon mellom klave og mobiltelefon. Foto: Nofence

Nofence har tilsett ein dyrevelferdsansvarleg for å sikre god dyrevelferd ved bruk av Nofence. Foto: Nofence

Trekk opp grensene på mobilen

Beiteområdet definerer du via ein app på mobil eller nettbrett. Beiteområdet kan endrast utan at du fysisk treng å flytte på ein einaste gjerdepåle.

– Beiteområda kan vere så store som helst, men dei må ikkje vere for små eller for labyrint-aktig i utforming slik at dyra blir stressa og ikkje forstår grensene, seier Berntsen.

Han trekk fram fjellbeitene som interessante, både fordi dyra kan sporast, men ikkje minst for å kontrollere nedre grense mot bygd og dyrka jord.

– Grunneigarar som ikkje lenger har beitedyr tek ikkje alltid ansvar for gjerdeplikta. Det gir store utfordringar for bønder som framleis har dyr på beite, men verken har tid eller økonomi til å halde gjerdene ved like åleine, seier Berntsen.

Smaken på geit

Etter at Nofence vart lovleg til geit, opplever somme geitebønder stor etterspurnad etter kje som skal beite i kratt og utmark. Geitene ryddar områder som tidlegare har vore for krevjande å gjerde inne.

– Eg håper forbrukaren får auga opp for den gode maten geita verkeleg er. Elles kan me stå overfor ei etisk utfordring, seier Berntsen.

Nofence – eit GPS-basert lydgjerde: Beiteområdet vert avgrensa på telefon eller nettbrett via ein app. Når dyret nærmar seg den elektroniske grensa, gir klaven gir frå seg ein pipelyd. Lyden aukar i styrke og om dyret ikkje snur får ho eit straumstøyt i det ho passerer gjerdet. Dette gjentar seg tre gonger. Systemet koplar seg ut og melder dyret som rømt dersom ho passerer den siste grensa. Går dyret attende til beiteområdet vil ho ikkje få straum. Systemet vert først aktivert når ho er attende. Illustrasjon: Nofence.

Verda venter

Slik situasjonen no er, ser det ut til at den lokale bedrifta på Nordmøre kan velje og vrake i finansielle samarbeidspartar. Ein telefon frå finansavisa The Wall Street Journal, stadfestar Berntsen og Harstad sitt inntrykket av at finansverda famnar om landbruket som aldri før.

– Ny teknologi i landbruket er heilt klart det mest attraktive for dei tunge investorane no om dagen, og Nofence vert trekt fram som den type teknologi som finansverda ønsker å satse pengar på. Nemleg teknologi som tek landbruket i retning av det meir naturlege, med beitedyr som faktisk beitar, seier Berntsen.

Ein stille revolusjon

Han ser eit stort potensial i at geita kan rydde kratt og opne beiteområde for å gjere dei meir verdifulle for andre beitedyr.

– Tørken i sommar viser kor sårbart landbruket har blitt. Det ligg enorme verdiar i utmarka, seier Berntsen.

Han håper Nofence på sikt vil bidra til betre utnytting av beiteressursane og opnare landskap. Samstundes vil det gjere beiteområda meir tilgjengelege for friluftsfolk og turgåarar som utan hindringar kan vandre gjennom beiteområda. Slutt på opne grinder som slepp dyra inn på områder dei ikkje skal beite.

– Kva er draumen din for Nofence?

– Det har vore eit fantastisk eventyr. Vi har klart å bevise at draumen om beitedyr som ikkje vert hindra av fysiske gjerder kunne realiserast. No gler eg meg til å sjå Nofence i bruk i Norge og store delar av verda, og sjå beitedyr i områder som tidlegare har vore utilgjengelege.

– Eg gler meg stort til å sjå gris på beite i framtida. For det er faktisk slik at grisen er eit beitedyr. Næringa reknar opp ei liste med utfordringar, som sjølvsagt er reelle, men det greier eg ikkje å godta, rett og slett, seier Berntsen.

Han snakkar om ein stille, naturleg revolusjon som kan bevege landbruket litt i retning av at fleire dyr også i moderne husdyrdrift kan få oppleve å gå på beite.

– Det gler eg meg til. Det er min store draum, eigentleg, seier Berntsen.

Foto: Nofence

Stikkord denne saka: , , ,