Over 100 engasjerte sauebønder på Skei i Jølster, etterlyst meir kraftfulle tiltak for å få lam attende i butikkhyllene sommarstid.

Fulle reguleringslager og tomme butikkhyller. Det er kontrasten sauebøndene opplever i dagens marknadssituasjon for lam.

Liv Kristin Sola

Jon Thommassen, frå Nortura, sal og marknadsavdeling, og Robert Søndrål, styremedlem i Nortura, var blant innleiarane på Fagsamling sau, på Skei i Jølster, like over nyttår. Ein engasjert flokk sauebønder frå heile Sogn og Fjordane var samla for fagleg og sosialt påfyll.
– Vi må få norske forbrukarar til å ete meir lam, sa Jon Thommassen. Uttalen skapte engasjementet i salen, for sjølv den mest ihuga lammeetaren måtte ty til anna kjøt, eller importert lam på grillen i sommar, viste det seg.

Svar skuldig

Situasjonen uroar sauebøndene i vestlandsfylket. Lamma dei leverer til slakteriet hopar seg opp på reguleringslager, medan bøndene får spørsmål om kvifor det ikkje er lam å finne i butikkhyllene utanom sesong. No har sauebøndene i Sogn og Fjordane fått nok. Dei finn seg ikkje lenger i sitte passivt og vente på betre tider.
– Dersom det ikkje er råd å få lammekjøtet inn i butikkhyllene, må me gjere noko sjølve, sa bøndene, og lanserte Gilde-bua som eit alternativ.
Jon Thommassen og Robert Søndrål hadde innlegg kvar sin dag, men fekk begge dei same utfordrande spørsmåla frå bøndene. Begge gjorde sitt beste for å oppklara, og skape forventning om betre tider i 2017.
– Kjedene og Nortura har forplikta seg til eit samarbeid som reduserer lageret med fleire hundre tonn. Det er éit løft, men det er ikkje nok, sa Søndrål.

Listing og rullering

Dette er ikkje kvardagsord for dei fleste av oss, men eit faktum som sal og marknadsavdelinga dagleg må ta omsyn til.
– Alle produkt må betale ei «husleige» for plassering i hyllene, basert på volum på produktet, bruttoforteneste og kor fort produktet rullerer i hyllene. Det seier noko om lønsemda til kjøpmannen, og er noko av forklaringa på kvifor det er ei utfordring å få lam inn butikkhyllene utanom sesong. Då er andre produkt meir lønsame for kjøpmannen, sa Thommassen.
Rullering er altså noko av nøkkelen. Men korleis kan ein auke rulleringa av ei vare som ikkje er å oppdrive?

Betre tider?

Thommassen bad bøndene om å vise tolmod og ha tru på betre tider.
– Nortura har mykje på gang, det er litt for tidleg til å gå i detalj, men de skal få merke at situasjonen vil endre seg, sa Thommassen.
Bøndene viste forståing for at situasjonen er krevjande, men meiner det blir stilt for lite krav til kjedene. Spesielt var det Coop-kjeda som fekk gjennomgå. I mange lokale Coopbutikkar er det mest ikkje råd å finne Gilde lam i det heile. Eigarane ber Nortura ta tak i situasjonen.

Stikkord denne saka: , , ,
Share This