Dei tre leiarane, Jan Ole Mellby, Geno, Geir Heggheim, Norsvin, og Leif Helge Kongshaug, Tyr, fekk alle fornya tillit frå sine respektive årsmøter.

Liv Kristin Sola

I år som i fjor, vart årsmøta til avlsorganisasjonane Geno, Norsvin og Tyr avvikla parallelt, same tid og same stad, nærare bestemt på Hamar 19. og 20. mars. I løpet av to hektiske årsmøtedagar vart det blant anna vald nye styre i dei tre organisasjonane.

Styreval i Geno

Eit  i Geno benkeforslag frå område sørvest skapte spenning under valet til valet til nytt styre i Geno. Valnemnda hadde instilt Nils Neteland frå Nordheimsund som nytt styremedlem frå område sørvest. Valnemnda si grunngjeving var eit strategisk ønske om å rekruttere nytt styremedlem blant anna med tanke på å førebu komande leierskifte i organisasjonen.

Nytt styre i Geno: Inger-Lise Ingdal (f.v.), Jon Helge Sandal, 1.vara, Elisabeth Gjems, Jan Ole Mellby, leiar, Berit Glømmen, Ole Magnar Undheim og Anne Margrethe Solheim Stormo. Foto: Mari Bjørke, Geno.

Neteland skulle erstatte Ole Magnar Undheim som har sete som sørvest sin representant i styret i fire år. Undheim ønska sjølv ein ny periode og stilde seg til disposisjon for to nye år då benkeforslaget vart framsett. Representantane frå sørvest argumenterte for Undheim sitt kandidatur blant anna ved å vise til at det er ein fordel å ha ein styrerepresentant i området kor det er stort innslag av andre mjølkerasar.

Tala etter avstemming viste 15 stemmer for Nils Neteland og 22 stemmer for Ole Magnar Undheim, som dermed får to nye år i styret.

Jan Ole Mellby vart attvald som styreleiar og går inn i sin sjuande periode i tillitsvervet. Inger-Lise Ingdal fekk tillit som nestleiar etter at Hans Einar Stendal takka nei til ny periode i styre. Anne Margrethe Solheim Stormo vart nytt styremedlem frå området nord.

Styreval i Norsvin

Geir Heggheim vart attvald som styreleiar i Norsvin. Han tek fatt på sin sjette periode som leiar. Linda Gjerde Myren vart attvald som nestleiar. Ny i styret er Tor Henrik Jule.

Solveig Kongsrud og Dyre Johan Haug er de tilsette sine representantar i styret.

Nytt styre i Norsvin: Per Fredrik Bang (f.v.), Solveig Kongsrud, Dyre Johan Haug, Geir Heggheim, leiar, Linda Gjerde Myren, nesteleiar, Beate Menes Didriksen og Tor Henrik Jule som representerer Trøndelag. Foto: Svin/Tore Mælumsæter.

Styreval i Tyr

Også i Tyr vart det attval på sitjande styreleiar, Leif Helge Kongshaug. Etter to år som styremedlem vart Kongshaug vald som leiar første gong under årsmøtet i 2015. Ny i styret er Per Ivar Laumann frå Tysfjord.

Nytt styre i Tyr: F.v. Torill Helgerud, Leif Helge Kongshaug, leiar, Per Øyvin Sola, Merethe Mørk, 1. vara, møter i styret, Inger Johanne Bligaard, Erling Gresset, nesteleiar og Per Ivar Laumann.

Stikkord denne saka: , , ,