Planlegg årshjulet i lag

30. november 2021

Med blanke ark: Anne og Even – to heilt ferske bønder som det siste året har hatt stor nytte av Åse Ingebjørg (t.v.) si lange erfaring. – Me vil sterkt anbefale mentor-ordninga til andre, seier Even.
Anne Aakhus og Even Simensen har lite erfaring med husdyr. No bygger dei fjøs til sau og storfe. Mentor Åse Ingebjørg Flateland heiar fram den unge familien.

Liv Kristin Sola

– Dette har me ikkje prøvd før, så det kan me bli veldig god på, seier Even Simensen.

Han og kona Anne Aakhus har overteke heimegarden til Anne, Aakhus Øvre, i Bygland i Setesdal. No sit dei rundt kjøkenbordet i lag med Åse Ingebjørg Flateland. Sistnemnde har vore mentor for paret det siste året.

– Mi viktigaste oppgåve har vore å gjere ting oversiktleg og ryddig for dei ferske bøndene, seier ho.

Anne og Even

For ti år sidan reiste Anne til Molde for å bli sjukepleiar. Der møtte ho Even frå Porsanger i Finnmark. Etter sju år i forsvaret på Rena, ville han studere økonomi og logistikk, og flytta til Molde. Paret kjøpte seglbåt og bytta hybel ut med flytande husvære. Ho hadde knapt vore ombord i ein båt. Han kunne skryte av eit lynkurs i segling i det karibiske hav.

Etter tre år i Molde og eitt år i Kristiansand, kasta dei loss og sette kursen mot Karibia. Fjorten månadar seinare kom dei heim att. Anne hadde fått fast jobb, og dei skulle flytte til Bygland og bli bønder.

– Me segla halve jorda rundt utan å kunne det, og var klar for nye utfordringar, seier Even.

Då paret overtok i 2017 var jorda pakta vekk og bygningane stod tome. No bygger dei fjøs til ammekyr og sau, og har overteke drifta av jorda. Garden har femti dekar innmark og like mykje dyrka, og store beiteareal. Målet er at begge på sikt kan ha redusert stilling utanfor bruket.

Dette har me ikkje prøvd før, så det kan me bli veldig god på.

Even Simensen

Om å flytte heim

Som einebarn har Anne alltid ønska å drive garden.

– Det er jo familiegarden min, seier ho.

Even var ikkje vond å be. Han er glad i dyr og praktisk arbeid, og treng plass til å drive med ulike prosjekt. Bygda er lita, men garden ligg sentralt.

– Me har kort veg til barnehage, skule, butikk, idrettshall og svømmehall, og til og med ein bygdekino, seier Anne.

Ho jobbar turnus på Byglandsheimen og Even er sakshandsamar ved landbrukskontoret. Barna Gisle (3,5) og Kjetil (2) går i barnehagen.

Dexter og spælsau

Fjøset som snart er klar til innflytting har plass til 100 vinterfôra sau og ti ammekyr med kalv og påsett. Men i sum skal det aldri huse fleire dyr enn at dei er sjølvberga med surfôr og beite. Dei har valt kvit spælsau og storferasen dexter.

– Dei har lette kalvingar, treng ikkje kraftfôr, og beitar som geiter. Det er den viktigaste grunnen, seier Anne.

At dexter også er den minste storferasen er viktig for dei som skal handtere dyra. Utan erfaring med storfe.

Året har vore hektisk, men Anne og Even har prioritert besøk av mentor.

– Det aller beste er at me har hatt nokon å rådføre oss med i ein krevjande prosess, seier Even.

At mentor ikkje er ei dei kjenner frå før og at ho får litt betalt for jobben, er ein styrke for ordninga, meiner dei begge.

– Åse Ingebjørg har vore tett på drifta, men har også overblikk og ser ting i samanheng, seier Anne.

Kvit spælsau: Valet av sauerase er tilpassa garden og dei som skal drive den.

Råd er sett i system, og me har laga eit årshjul for å få oversikt.

Anne Aakhus

Råd sett i system

I 25 år var Åse Ingebjørg mjølkebonde i Valle i Setesdal. No har ho seld kvota, pakta vekk jord og beite, og jobbar som næringsutviklar i Tokke kommune i Telemark. Ho har hatt mange tillitsverv, både i landbruket og politikken.

Som mentor har Åse Ingebjørg hatt fem turar til Aakhus, dei fire første før sommaren. Kvart besøk har hatt ein plan og eit tema, gjerne knytt til årstida, og mentor har skrive rapport etter kvart besøk.

– Eg har forstått at me har eit litt meir proft opplegg enn mange andre, men det gir oss ein god oversikt, seier Even.

Dei har snakka om drift og planlegging. Mentor har utfordra bøndene til å kartlegge ressursane på garden, både menneskelege, økonomiske og naturlege. Dei har hatt markvandring og diskutert god agronomi med gjødsling, fôrdyrking og beitebruk.

Eit besøk har handla om dyreflyt og oppfølging av kalving og lamming. Dei har diskutert logistikk i det nye fjøset, og ikkje minst snakka om prioritering av arbeidsoppgåver.

– Råd er sett i system, og me har laga eit årshjul for å få oversikt, seier Anne.

Nyttig samarbeid: Med Åse Ingebjørg (t.v.) som mentor har Anne og Even fått gode råd sett i system. 

Eit godt utgangspunkt

Anne og Even er ikkje redd for å be om råd og prøver gjerne ut dei råda dei får.

– Det er ein god eigenskap, seier Åse Ingebjørg.

Ho rår paret til å gå vaksenagronomen og delta på kurs og fagmøte.

– Finn forbetringspotensial, sett dykk mål, og ta eit steg om gongen, seier mentor.

Rapportane hennar blir eit verdifullt dokument i mange år framover. Og dukkar det opp nye spørsmål, er det berre å ringe, også til neste år.

– Det viktigaste rådet eg kan gi i denne fasen, er å skaffe seg mest mogleg oversikt og sjå dei store linjene. Detaljane kjem etter kvart, seier Åse Ingebjørg.

 

Stikkord denne saka: , , , ,