Ber arven vidare: – Øvst i tunet ligg fjøset til Gome og Goffa. Grannebygget her er fjoset til mor og far. Og me står i fjoset til Ingvild og meg, seier Aasmund Nordstoga. Heilt til venstre i biletet ligg den vesle brune tømmerstova kor Aasmund Olavsson Vinje vaks opp. 

Langs E134 i Vinje i Telemark står eit praktbygg i lafta tømmer. Fjøset huser 18 mjølkekyr og bringer arven på garden Plassen vidare til komande generasjonar.

Liv Kristin Sola

Om det er bonden og det nye fjøset, eller artisten og løfte om intimkonsert frå kubåsen som trekk folk til fjøsopning på garden Plassen i Vinje i Telemark, er uråd å seie. Men ingen vart skuffa, korkje av fjøset eller songen. Med tradisjonelle tonar og sjølvskriven tekst, presenterer Aasmund Nordstoga byggeprosessen og takkar arbeidsfolket for innsatsen. Akkompagnert av bror Odd på trekkspel og gitar – og rautande kyr frå nabofjøset, blir publikum servert både alvor og skrømt frå kubåsen.

– Øvst i tunet ligg fjøset til Gome og Goffa. Grannebygget her er fjoset til mor og far. Og me står i fjoset til Ingvild og meg, seier Aasmund, utan å legge skjul på kjensler av stoltheit og audmjuke over å få bere arven vidare slik som generasjonar føre.

– Det vitnar om vilje til å halde på og ikkje gjeve seg, seier bonden.

Klar for robotmjølking: Etter ein travel byggeperiode ser Haakon (12), Aasne (snart 11) og far Aasmund fram til at kyrne skal flytte inn og roboten kjørast i gang.

Planløysing: Skisse over fjøset med den gamle delen til høgre og nyfjøset til venstre. Telebygg har lafta fjøset med ubehandla tømmer frå øvre Telemark. Stålsøyler er dekka av treprofilar og leidningar er gøymde under ei kvitmåla himling. 

Reint mjølkefjøs: Fjøset har 18 liggebåsar i eit to-rekkesystem med smalt fôrbrett. Nedste del av lausdrifta kan stengast av til sinkyr eller anna bruk om det trengst i periodar.

Vendepunktet

Våren 2015 kom tanken om nytt fjøs på Plassen. Året etter kom Mattilsynet på besøk. Dei minna bonden om krav til sjukebinge og betre ungdyrplass. Då vart det alvor. Ulike enkle og rimelege løysingar til ungdyra vart diskutert. Løysingar som ikkje var tilfredsstillande verken
økonomisk eller driftsmessig.

– Anten måtte me gjere det skikkeleg, eller så måtte me slutte med mjølkekyr, seier Aasmund.

Etter ein runde med fjøsteikningar til 30 kyr, snudde dei på bestillinga. Størrelsen på bygget måtte henge saman med ressurstilgangen. Spørsmålet var kor lite han kunne bygge for å få driftsplanen til å gå i pluss.

– Målet var å ikkje tene mindre enn i det gamle fjøset og helst ikkje køyre lengre for å hauste fôr eller få ut gjødsla, seier bonden, som eig 64 dekar dyrka jord og leiger 80 dekar.

Stuttreist og tradisjonelt

Aasmund har lagt vekt på å nytte lokale entreprenørar. Fjøset er lafta av Telebygg i Hjartdal, med ubehandla tømmer frå øvre Telemark. Utsjånad var avgjerande, men tre bind CO2 og er eit godt klimaval. Stålsøyler er dekka av treprofilar og leidningar er gøymde under ei
kvitmåla himling.

Innovasjon Norge brukte lang tid på søknaden. Så lenge at Aasmund tok med seg Jonny Fjukstad i Tine og Tor Kristiansen på landbrukskontoret for å argumentere for at mjølkeroboten var ei nødvendig del av satsinga for å gi fleksibilitet til oppdrag utanfor bruket, og aller helst redusere kostnad med avløysing.

Dei lukkast. Fjøset har ein kostnad på 4,5 million. Eit kvotekjøp på 60.000 liter kjem i tillegg. IN løyvde 1,3 millionar og Vinje kommune støtta med 600.000.

– Heilt avgjerande for å realisere prosjektet, seier Aasmund.

Intimkonsert i fjøset: Med hjelp av yngstebror Odd, fekk publikum med seg ein spesiell konsert frå kubåsen – truleg for første og siste gong. 

Nybygg og ombygging: Fjøset har 18 liggebåsar og står på full kjellar. Kvoten er auka frå 50 til 110 tonn. No skal den gamle lausdrifta byggast om til ungdyr.

Gratulasjonar: Mange var møtt fram for å sjå fjøset og gratulere bøndene med praktbygget, som er bygd i forlenging av fjøset frå førre generasjon.

Støtte frå bygdefolket

– Det mest utfordrande var å overtyde oss sjølve om at dette var rett å gjere. Det var mange rundar på heimebane. Kva om me ikkje greier å betale? seier Aasmund.

Familien er takknemleg for god støtte frå lokalmiljøet. Det er stort sett heiarop og få som ristar på hovudet.

– Det er svært gledeleg og betyr mykje for oss, seier Aasmund.

Sjølv om samvirke er viktig for vinjebonden, blanda han inn konkurrentar i starten for å samanlikne og vurdere prisnivå.

– Men eg var letta då Felleskjøpet til slutt kom med det beste tilbodet.

Neste generasjon

Aasne (snart 11) og Haakon (12) er nøgd med det nye fjøset og at så mange kom for å sjå. Storesyster Ingrid (14) var på skulen då fjøset vart opna.

Det har vore ei travel tid med mykje arbeidsfolk på garden. No ser dei fram til at kyrne skal flytte inn og roboten kjørast i gang.

– Det blir mest som om våren når dyra kjem på beite. Dei er alltid litt ville, seier Aasne.

Haakon minnast i fjor sommar kor støvskya stod rundt dyr då dei fekk fart på seg på beitet på Englandsmo.

– Mest som i Texas, seier Haakon. 

Aane er litt skeptisk til dei store dyra og likar seg best på det vetle kontoret, som har kontorpult som kan hevast og senkast. Her kan ho spionere på far og arbeidsfolka via kamera i fjøset.

Haakon er spesielt fasinert av mjølkeroboten og skjermane, og vil gjerne overta garden ein dag.

– Eg tenker det hadde vore fint å vere bonde. Eg likar dyra, og eg likar traktorar og maskinar – kan hende endå litt betre enn dyra, seier Haakon.

Fjøset er ein del av mangesysleriet på Plassen

Prosjektet vart ei utfordring for Tine-rådgivar Jonny Fjukstad.

Jonny Fjukstad, Tine

– Eg funderte mykje på denne saka. Truleg var det heilt avgjerande at me kunne sannsynleggjere gjennom driftsplanen, at eit nytt fjøs med 16 til 18 liggebåsar og robot kan gi minst lite «stor» botnlinje som det gamle fjøset med åtte ni kyr og mjølkegrav, seier Fjukstad til Bondevennen.

 – Størrelsen på botnlinja kan sjølvsagt diskuterast. Somme vil meine det er tilfredsstillande, medan andre ikkje hadde bygd på same grunnlag. Fjøset og gardrifta er ein del av mangesysleriet til familien på Plassen. Då står arbeidsvederlaget i forhold til det, seier rådgivaren. 

 Han brukte mykje tid på prosjektet, ikkje minst fordi han forstod at dette fjøset ville skape stor interesse og auka merksemd på små fjøs. 

 – Fjøset er eit godt døme på IN si viktige rolle for små prosjekt, og kva deira bidrag betyr for å få eit tilfredsstillande resultat etter utbygging, seier Fjukstad, som ser fram til å planlegge fleire små prosjekt, både i Telemark og på Agder.

Stikkord denne saka: , , ,