Kjøper 40 prosent: 40 prosent av kvotane som vert selde i år må seljast til staten for 4 kroner og 50 øre. Foto: Tine.

Ved årets ordinære kvotesal kjøper staten 40 prosent av kvotane for kroner 4,50. Kumjølka skal seljast ut att innanfor kvoteregionane, medan det for geit heller ikkje i år vert statleg kvote å få kjøpt.

Liv Kristin Sola

Etter at staten kjøpte ut 35 millionar liter mjølk i fjor, blir det i år eit ordinært kvotesal, men denne gongen blir det altså digitalt. Innan 1. august kan eigar av ein landbrukseigedom med grunnkvote for ku- eller geitmjølk søke om å få selje heile eller delar av grunnkvota si, utan å signere eit einaste papir.

Minst 40 prosent av volumet må seljast til staten til ein fast pris på fire kroner per liter. Dette gjeld både for ku- og for geitmjølk. Medan volumet av geitmjølk som vert seld til staten ikkje blir seld vidare, vil etter alt å dømme heile volumet av kumjølk bli selt ut igjen innanfor produksjonsregionane, til fire kroner per liter. Det stadfestar Olav Sandlund, seksjonssjef i landbruksdirektoratet. Han trur det blir rift om dei statlege litrane.

– No er det trong for mjølk. Forholdstalet er sett høgt og meieria er ivrige etter å få inn meir mjølk, seier han.

Også til avviklingsbruk

Potten med rimeleg kvote frå staten vil bli fordelt mellom alle interesserte, også dei som styrer mot avvikling. Det er ingenting som hindrar ein kvoteeigar i å kjøpe kvote frå staten og leige den ut eller selje igjen om eit år.

– Vi kan sjølvsagt ikkje unngå spekulasjonar, men Bondelaget jobbar hardt for å endre kvoteregelverket til fordel for den aktive produsenten, seier John-Erik Skjellnes Johansen, styremedlem i Bondelaget.

Vårt fokus er heilt klar at produksjonsretten i størst mogleg grad skal eigast av bønder som vil sikre seg ei framtid i næringa.

John-Erik Skjellnes Johansen

Vil endre kvotesystemet

I eit styrevedtak frå desember i fjor gjekk bondelaget inn for fleire endringar i kvoteforskrifta. Blant anna at det ikkje skal vere lov til å leige inn og ut kvote samstundes.

– Vårt fokus er heilt klar at produksjonsretten i størst mogleg grad skal eigast av bønder som vil sikre seg ei framtid i næringa, seier Johansen.

I regjeringa sitt tilbod til staten var ingen av endringsforslaga tatt med.

– Det må vi berre beklage. Og då vi gjekk til brot, var det med klarheit i at vi ikkje fekk desse endringane på plass i denne omgang, seier Johansen.

Han lovar at Bondelaget vil jobbe vidare med desse endringsforslaga i alle tenkelege fora. Ikkje minst fram mot valet og neste regjeringsplattform.

– Bondetinget vedtok ein fempunktsplan for korleis vi skal jobbe opp mot alle politiske parti fram mot valet. Vi har mange kanalar og lovar og bruke kvar og ein av dei aktiv for å få til endringar i kvotesystemet, seier Johansen.

Stikkord denne saka: , ,