Sauebøndene Vibeke Aniksdal Ueland og Marita Aniksdal utfordrar kvarandre på å levere flest lam av best kvalitet når slakteprisane til Nortura er på sitt høgste.

Liv Kristin Sola

Dei kan sjå rett heim til kvarandre, Vibeke Aniksdal Ueland og Marita Aniksdal på Aniksdal på Vigrestad. Begge driv med sau og mjølk. Begge har eit snev av
konkurranseinstinkt. Mest for gildt, altså, skal me tru dei to bøndene.

Si eiga hei

Medan mange rogalandsbønder sender flokkane sine langt til fjells har Marita og Vibeke si eiga hei. Berre lange rekker med steingard skil dei store beiteområda deira frå kvarandre. Gode beite gjer at dei kan levere lam til slakt frå tidleg i august, før dei store flokkane kjem frå fjellbeite.

– Kan hende litt urettferdig, seier Marita.

– Det er ein grunn til at prisane er høge i august. Nortura treng lam tidleg, seier Vibeke.

Ho minner om at det beste for fellesskapet er at dei som kan levere tidleg, gjer nettopp det. Etter veging tidleg i august, skil dei frå lamma og sender første pulje til slakt. Begge er med i lammering og får puljetillegg sjølv om dei sjølve har få lam i ei pulje.

– Dei fleste over 45 kilo blir sendt, men også eit lettare lam kan vere stort nok, og motsett. Eg kjenner over ryggen på lamma når dei står på vekta, seier Vibeke.

Resten av lammeflokken får beite på dyrka mark medan søyene vert sendt på skrinnare beite. For å få ro i flokken, skil Vibeke saulam og vêrlam, i tillegg til livlam, og lar dei beite på kvar sine teigar.

Vennskapleg konkurranse

Marita har flokken sin samla på beite og leiger mann og hund når ho treng å sanke dei heim. Vibeke deler flokken i mindre grupper og nyttar samlekve når dyra skal sjekkast og snyltebehandlast. Om hausten køyrer ho vekta ut i beitet.

– Eg har heile familien med meg i tillegg til ein Border Collie som er under opplæring, seier Vibeke.

Når morgonøkta er unnagjort og mann og barn er ute or hus, stikker dei gjerne innom til kvarandre for ei kjapp oppdatering. Det er viktig å kunne slå i bordet med det beste resultatet.

– Eg pleier å ringe Marita når me får slakteoppgjeret, for å samanlikne resultat, seier Vibeke.

– Eg vil helst ha litt betre vekter enn Vibeke, men eg gler meg sjølvsagt med henne når ho får gode resultat, seier Marita. Ho flirer godt medan Vibeke ristar
på hovudet.

Marita vaks opp på Varhaug kor faren, Brynjulv Kvia, hadde ein flokk Blæset sau.

– Far og eg hadde «ei greia» med desse sauene, seier Marita.

Ho mista faren berre 50 år gammal, men Marita trur han ville vore stolt av korleis ho har utvikla saueflokken og garden i lag med Paul. Også morfaren sin saueflokk tok ho heim til gards då han la ned drifta.

To eller tre lam?

Marita har lamming frå starten av mars. Vibeke frå april. Vibeke fekk 2,5 lam i snitt. Marita enda på 2,4. Med mindre søya har eit godt jur og får to jamne og
fine lam, mjølker dei ho for hand og sikrar råmjølk til alle lamma.

– Spesielt er det viktig om søya står i fare for å få jurbetennelse eller har litt tjukke spenar, seier Marita.

Beitene er gode og begge prøver å la søya gå med tre lam

– Fungerer det ikkje plukkar eg inn eit av lamma og lar dei gå i lag med kopplamma. Det er alltid best med to lam, meiner Vibeke.

Kopplam er ikkje til å unngå. Normalt er det Astrid Karin, mor til Vibeke, sitt ansvar, men i vår vart ho avlasta av Vilde og Vegard, takka vere korona-skule.

– Dei var oppe klokka seks kvar morgon og ga lamma fire gonger om dagen, innimellom øktene med skulearbeid, seier Vibeke.

Drivande naboskap: Det er gilt å vere naboar med same interesse og pågangsmot. Dei lærer av kvarandre, det er enkelt å spørje om hjelp, og ikkje minst – det triggar konkurranseinstiktet. 

 

 

Gardsfakta

Vibeke overtok heimegarden i 2018. Mannen, Ove Ueland, har jobb på Hårr betong. Vibeke har god hjelp av Ove og barna Vilde (13), Vegard (10), Emil (8) og Trygve (4), og foreldra, Astrid Karin og Peter Aniksdal.

Buskap: 143 vinterfôra sau og fire vêrar. 19 mjølkekyr og 160 tonn kvote. Bygger robotfjøs til 25 kyr og 180 tonn. Jord: 170 dekar dyrka, 300 dekar kulturbeite og 1200 dekar utmarksbeite.

Marita og Paul Aniksdal overtok heimegarden til Paul og kjøpte ein nabogard i 2007. Paul driv maskinstasjon med god hjelp frå eldstesonen. Barna Alise (22), Even (17), Bent (15) og Mari (13) er til god hjelp på garden. To barnebarn på fire og fem år.
Buskap: 140 vinterfôra sau og fire vêrar. Åtte ammekyr, 55 mjølkekyr og 460 tonn kvote. Robotfjøs frå 2009. Jord: 600 dekar dyrka, 700 dekar kulturbeite og 1700 dekar utmark.

 

Hårete lam: Det er ein ekstra bonus når lamma har litt hår i panna og i kjakane. – Då vert dei ikkje så lett solbrent, seier Marita 

Skryt for fine lam

Oppgjeret viser at det betalar seg å levere tunge og fine lam tidleg i sesong. I fjor fekk Marita 1639 kroner (utan tilskot) for det beste lammet og 489 for det svakaste. For Vibeke varierte prisen frå 1450 til 700. Begge fekk hundre prosent stjernelam.

Marita slakta 200 lam og fekk 91 prosent i R+ og betre og 86 prosent gourmetlam. På grunn av slåtten rekk ho ikkje alltid første pulje. Konsekvensen blir
berre tyngre lam.

Vibeke slakta 259 lam, alle utan feittrekk. Ho veg systematisk kvar fjortande dag og sender slakteklare lam. Ein flott beitesesong i fjor ga god tilvekst på lamma og færre lam enn normalt på sluttfôring. Resultatet vart slakteklasse på R+ i snitt og 98,4 prosent gourmetlam. Ho enda på 10,5  kvalitetspoeng og fekk krus frå Nortura. 

– Eg fekk telefon frå Stian. Han skrøytte av dei blanke og fine lamma mine, seier Marita.

Dei flirer godt. Å få ei skryt frå Stian Espedal (rådgivar i Nortura) henger kan hende vel så høgt som eit krus for mange sauebønder i regionen.

Ulik prioritering

Vibeke nyttar sauekontrollen og registrerer vår- og haustvekter, beiteslepp, snyltarbehandling og sanking, og speneplassering hjå søyene. All informasjon har ho
lett tilgjengeleg på ein app på telefonen. Indeks og blindspene er overordna når ho vel påsettlam og handlar vêr.

Dei to siste åra har ho berre avla på tvillingsauer. Ho vil ha færre lam slik at søya held eit år eller to lenger. Den eldste søya er elleve år og ho har ei eiga pulje med søyer som er over åtte år gamle.

– Trillingar aukar slitasjen på juret og det blir fleire taparlam. Når dei to sterkaste drikk står det tredje berre og trykkar. Trillingane endar ofte i lag med
kopplamma til slutt, seier Vibeke.

Går etter «hamen»

Marita har bevisst vald vekk sauekontrollen. Ho ser verdien av å registrere, men trur ikkje slakteoppgjeret hadde blitt så mykje betre for eigen del, i alle fall ikkje
vurdert opp mot tidsbruken. Likevel er ho nøye med å registrere under lamminga og merkar dyr som skal utrangerast med eit raudt øyremerke.

– Då er det ingen angrefrist når hausten kjem, seier ho.

Før beiteslepp klipper ho klauver og sjekkar jur på alle søyene. Nytt av året er behandlingsstolen som ho kan sette sauen ned i. Eit enkelt, men nyttig hjelpemiddel som sparer både bonden og sauen for krefter og stress.

Kvar haust plukkar Marita rundt 40 påsettlam.

– Eg går etter hamen. Dei skal vere lange over ryggen, ha fin ull og vere høgreiste. Helst skal dei ha litt hår på øyrene og i ansiktet. Litt spæl-ansikt, litt grått,
svart og spettete. Det beskyttar mot sol, seier ho.

For Marita er trilling eit pluss.

– Det er alltid gildt å sende mange lam til slakt, seier ho.

Gode beiteressursar: Vibeke Aniksdal Ueland (t.v.) og Marita Aniksdal har store beiteressursar i gå-avstand frå garden. Med god tilvekst og tett oppfølging av dyra på beite, får dei slaktemodne lam før dei store flokkane kjem frå fjellet.

Hårete lam: Det er ein ekstra bonus når lamma har litt hår i panna og i kjakane. – Då vert dei ikkje så lett solbrent, seier Marita.

Opne landskap: Du skal ikkje høgt opp i jærlandskapet før du får god utsikt over det opne landskapet. Her kan ein finne ro og hente nye krefter til ein hektisk kvardag. 

Ikkje problemfritt

På grunn av e-coli smitte i fjøset gir Marita Colivet til alle lam og er nøye med å desinfisere navlestrengen. I år var det også ein del søyer med dårlege jur. 

Heller ikkje Vibeke er spart for utfordringar. Då ho samla flokkane ei veke etter beiteslepp for å gi lamma Baycox, oppdaga ho fleire søyer med munnskurv på jur og spenar. Viruset er svært smittsamt, men det var berre fjorlamma som var råka.

Vibeke har behandla 28 av 30 fjordlam med Optima hudvask og Optima gel. Løysinga vart å mjølke søya, fôre lamma og vaske og behandle juret. Sauene måtte
i tillegg få penicillin for å dempe betennelsen som kom på grunn av skurv. Heldigvis ser det ut til å bli bra.

Norsk kvit med svarte får

Begge kjøper vêrar frå vêrering. Vibeke ser etter mjølk og kjøt og vil helst ha vêrane over 130 i indeks, men stolar ikkje blindt på tala.

– Eg vurderer kva som er for sal, ser på indeks og ser på vêren. Helst vil eg ha ein toåring som eg veit fungerer. Det hender eg kjem heim med ein annan enn
planlagt, seier ho.

Marita vel etter hamen. Ho likar høgreiste og store lam. At dei begge har fått enkelte svarte får av dei norske kvite vêrane er ein strek i rekninga.

– Det er pengar tapt for ulla, seier Marita.

Lamminga er høgdepunktet

Marita og Vibeke er ikkje i tvil. Lamminga er absolutt den beste tida som sauebonde. Sjølv om det er hektisk er det ei tid full av forventning, skal me tru bøndene.

– Å sjå nytt liv kome til verda og kjenne dei gode luktene. Lite kan måle seg med lukta av eit nyfødt lam, seier Marita.

– Og å sleppe sauene ut på grønt gras er like fantastisk kvart år, seier Vibeke.

Landskapspleie: Utan sauene hadde dette landskapet sett ganske annleis ut. Bøndene som nyttar desse heiabeitene kan sende dei første lamma til slakt før dei store flokkane kjem frå heia. Det kjem heile næringa til gode. 

Haldvurdering: Både Marita og Vibeke går hyppig på tilsyn og kjenner dyra god. Dei nyttar haldvurdering, spesielt på sauene, for å justere fôring i dei ulike periodane av året. 

Stikkord denne saka: , , ,