
Nortura ønsker ein større del av storfeslaktet første halvår og mindre om hausten. – Ikkje umogleg, men det krev bevisstgjering og planlegging, seier Asgeir Svendsen.
Liv Kristin Sola
Fagsjef storfe i Nortura viser til at etterspurnad etter storfekjøt og tilgang til slakt er i utakt. Etterspurnaden er størst om våren, spesielt frå påske til sommarferien, då innmeldingane er lågast. Underskotet vert dekka opp av import.
– Det går mot balanse i storfemarknaden. Då er det viktig at vi klarer å balansere tilbod og etterspurnad, seier Svendsen til Bondevennen.
Små justeringar
Sal av kjøt frå fryselager gir eit direkte driftstap i tillegg til at det reduserer prisen i marknaden. Folk vil heller ha fersk kjøt enn kjøt som har vore tint. Samstundes aukar presset på import om våren for å dekke etterspurnaden etter fersk storfekjøt.
– Jo betre vi klarer å balansere tilførsel gjennom året, jo større blir volumet for norsk produksjon, seier Svendsen.
Allereie digital abonnent?
Logg inn her
Sjå veiledning for korleis du bytar passord.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss ein epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer
eller kontakt oss på telefon 51 88 72 61.







