Går eigne vegar: Tone, Julian og Magne Sæstad følgjer sin eigen draum, og satsar på dei gamle storferasane, og på utmarka.

Utmark, landrasar og mindre fjøs. Tone Sæstad og Magne Kyllingstad Sæstad satsar på alt det styresmaktene vil ha. – No får me sjå om dei meiner alvor, seier Magne.

LIv Kristin Sola

Julian (2,5) har fri frå barnehagen. Han har venta i spenning på besøk frå journalisten i Bondevennen, og viser stolt fram den nye t-skjorta frå Nortura, full av dyrefigurar.

– Det gjekk tre døgn før han motvillig gjekk med på å ta den av, seier mora.

Tone vaks opp her på garden. Ho har agronomutdanning frå vinterlandbruksskulen og fann tidleg ut at ho ville bli bonde. Magne vaks  opp på gard med sau og mjølk på Kyllingstad i Gjesdal. Tone og Magne overtok garden i 2014. Dei tre siste åra har Magne jobba fulltid på garden. Far og svigerfar, Jan Sæstad, er framleis ei viktig brikke i drifta.

– Svigerfar er spesielt engasjert i kystlyngheia. Me kom til dekka bord, seier Magne.

Han skryt av Jan som er ein god støttespelar og pådrivar i drifta. Han trør til når det røyner på med arbeid og tida ikkje strekk til.

  • Kyrne har god mjølkeevne og kalvene har høgt tilvekstpotensial dei første månadane. Her er vestlandsk raudkolle. Foto: Tone Sæstad.

– Kvifor satse på dei gamle rasane?

– Den viktigaste årsaka er nok at dei er gode beitedyr og klarer seg godt i kystlyngheia. Dyra er nøysame, dei er fine for auga og har stort sett veldig godt lynne. Sjølvsagt er det også eit pluss at me får ekstra tilskot for desse rasane, seier Magne.

For familien er det inspirasjon i seg sjølv å gå i utmarka ein fin vårdag, midtsommars eller når haustfargane melder seg, og sjå korleis dyra skjøttar beitene. I seinare tid har dei fått støtte til å rydde og gjerde 370 dekar lyngheibeite til storfe. Ytterlegare 800 dekar skal vere klart neste sommar.

– Beitene krev lette rasar. Alternativet er utanlandske rasar som galloway eller tyroler gråfe, men for oss er det viktig å ta vare på dei norske rasane, seier Magne.

Gardsfakta:

Tone Sæstad og Magne Kyllingstad Sæstad driv med kjøtproduksjon på storfe og sau på Eigerøya i Eigersund i Rogaland. Begge er
aktive i drifta. Sonen Julian (2,5) går i barnehage.

Buskapen består av 32 dyr der seks er reinrasa vestlandsk raudkolle og åtte er reinrasa sidet trønderfe og nordlandsfe. Ein reinrasa okse av kvart slag er ein del av flokken. Resten er kryssingar, samt ungdyr og kalvar. Saueflokken på kring 270 vfs er delt nokså likt mellom NKS og gamal norsk spæl, der dei fleste går ute heile året (villsau).

Dei eig tre bruk og leiger 14 små bruk og disponerer totalt 172 dekar dyrka jord og 355 dekar innmark. I lag med ein nabo disponerer dei vel 4000 dekar kystlynghei.

Reine rasar: Tone og Magne har satsa på to rasar, sidet trønderfe og nordlandsfe (bildet) og vestlandsk raudkolle.

Leverer slakt til Urfe

Dei norske landrasane var tradisjonelt brukt til mjølkeproduksjon, og sjølv med lite kraftfôr oppnår dei høg tilvekst på kalvane. Kvigekalvane vert fôra fram og sett på i eigen buskap eller selde som livdyr. Oksane vert kastrert og slakta rett frå beite etter andre beitesesong. Alle dyr som er minst 7/8 reinrasa vert slakta under merkevaren Urfe, hjå Nortura, og seld som eksklusivt kvalitetskjøt til hotell og restaurantmarknaden.

– Det er stor etterspurnad frå kokkane etter kjøt frå dei gamle rasane. Kjøtet er mørt og godt marmorert, men på grunn av at rasane er små vil skrottane aldri oppnå dei best betalte klassane i EUROP-systemet, seier Tone.

Dei er begge nøgd med at Urfe-tillegget no skal differensierast og at satsen for å oppnå toppkvalitet vert dobla frå 3,5 til sju kroner per kilo.

– God kvalitet er avgjerande for eit godt omdømme, seier ho.

God kvalitet er også nøkkelen til god økonomi i drifta. Bøndene blir motiverte av gode økonomiske resultat, god tilvekst på dyra.

– Å vere bonde på fulltid betyr at eg kan bruke den tida som trengst med dyra for å oppnå gode resultat. Eg må sjå kvart dyr, og er nøye med å sjå på papira når eg skal legge på livdyr, seier Magne.

Ute på beite har dyra tilnærma dagleg tilsyn, og Magne legg vekt på å førebygge sjukdom.

– Tilbakemeldingane frå rekneskapsføraren er at me nok aldri hadde oppnådd så gode resultat om eg hadde arbeidd utanom garden.

Auka interesse for livdyr

Tone og Magne har satsa på rasen med flest mordyr, sidet trønderfe og nordlandsfe (STN), og den som har færrast, vestlandsk raudkolle.

– Kvifor?

– Raudkolla er den opprinnelege rasen her i området, og STN-dyra er rett og slett så utruleg fine, seier Magne.

Han legg til at STN er den største blant dei gamle rasane. Slik vert det lettare å handle livdyr og drive avlsarbeid. Tone og Magne kjøper og sel livdyr og har merka seg at etterspurnaden aukar, spesielt blant unge bønder. Sjølv har dei opplevd at papira ikkje alltid stemmer
overeins med det som kjem ut av livdyrbilen, både med tanke på dokumentert slektskap og rase og at dyr som var seld som drektige har vore tome.

– Me skal vere ei seriøs næring med topp kvalitet på alle område, også livdyrsal, påpeikar Magne.

Driveplikt i utmarka

Magne og Tone går motstraums ved å satse utradisjonelt og sjå moglegheiter ut over det kommersielle landbruket. Samstundes står dei med begge føtene planta i den framtida som både landbruksministeren og Fylkesmannen i Rogaland ønskjer velkommen.

– Tilskot til bevaringsverdige storferasar er styrka dei siste åra. Men om styresmaktene verkeleg meiner alvor, bør driveplikta også omfatte utmarka, seier Magne.

– Grunneigarar som ikkje vil ha dyr i utmarka skaper utfordringar for oss som er avhengige av desse beiteressursane. Ikkje minst vert gjerding ei stor og dyr utfordring.

Bonden har sendt si meining i ein epost til landbruksministeren. Han håper ministeren forstår at skal me klare å ta vare på dei verdifulle beiteressursane, må det innførast driveplikt også av utmarka. Svar er lova, og Magne ventar i spenning.

– No får me sjå om dei meiner alvor med å satse på små fjøs og bruk av utmarka, seier han.

Tar vare på kystlyngheia: Beitedyr har vore med og prega landskapet på Eigerøya opp gjennom tidene.

Fine kyr: Framtida for dei nasjonale rasane avheng i stor grad av om styresmaktene meiner alvor med å ta vare på dei store beiteressursane, trur Magne.

Familiesatsing: Jan Sæstad (t.h.), far til Tone, hadde allereie bygd opp ei stamme med gamle rasar på garden før Tone og Magne overtok, for å drive satsinga vidare.

Ein strek i rekninga

Teikningane av det nye fjøset var klar og Innovasjon Norge hadde løyvd pengar. Men den låge totalkostnaden fekk dei til å rekne ein gong til. Det viste seg at prosjektet var kraftig underkalkulert frå planleggaren si side. Fjøset måtte endrast noko for å redusere  kostnadane, men planteikninga er den same.

Siste utkast er eit kaldfjøs med sandwichelement nedst på veggane og gardin øvst. Stålsperr i staden for limtre, gjødselkanalar og kanalomrøring, samt ledig kapasitet i sauefjøset erstattar utvendig gjødselkum. Planen var å få til matebord frå tårnsiloen over på bandfôring i taket. No må dei finne ei rimelegare løysing og satse på bandfôring på sikt.

– Me vil så gjerne realisere dette prosjektet, så me gir oss ikkje, seier Magne.

Etter at prisar er henta inn frå dei ulike entreprenørane, er fjøset kostnadsberekna til 3,7 millionar, inkludert graving. Dei er budd på å gjere mykje sjølve, ikkje minst med å legge til rette og sikre framdrift. Fjøset har plass til 20 mordyr, ti av kvar rase, i tillegg til kalvegjømme og framfôring av 25 oksar, fem kviger og to avlsoksar. Etter planen skal dei flytte inn neste haust.

Nøysame og fine for auga

– Planen er å legge kalvinga til januar og februar og sleppe oksen i lag med dyra på innmark om våren. Då kan me  drektigheitskontrollere kyrne før dei vert flytta til utmarka, seier Magne.

– Større og meir robuste kalvar fungerer også betre på beite, seier Tone.

Dei trur satsinga framover avheng mykje av signala som kjem frå nasjonalt hald, men er oppteken av landbrukskontoret si rolle.

– For oss har landbrukskontoret vore heilt fantastiske. Det same har NLR. Kommunen ga støtte til å utarbeide ein god skjøtselplan. Frå fylket fekk me tilskot til rydding, gjerding og brenning i utmarka, seier Magne.

– Kommunane og landbrukskontora er ein nøkkelfaktor. Det betyr mykje at dei er positive, understrekar Tone.

Velkommen til gards

Måten dei to driv på har fanga andre si merksemd. Familien får ofte telefonar med spørsmål om drifta og tek gjerne imot besøk på garden.

– Om folk vil kjøpe dyr eller berre vil drøse er dei hjarteleg velkomne, seier Tone.

Magne nikkar. For Julian er det heilt topp med besøk. Han deler raust av sjokoladekaka og serverer kaffi. Med eit stort smil går han laus på kremen før han byr mor resten. Det er tommel opp, både for sjokoladekake, for kyrne og utmarka – og for norsk landbruk.

Sjølvmelding

Mest nøgd med: Drifta generelt. Me ser positivt på framtida!
Kunne gjort betre: Eg har brukt veldig mange timar på garden, både somrar og helger, utan noko særleg fri. No vil eg disponere tida annleis og ta meir fri i helgene utanom dei travlaste periodane.
Tips til andre: Bruk heile garden, også utmarka. Bruk landbrukskontoret og landbruksrådgivinga. Dei er gode støttespelarar, i alle fall gull verd i vår kommune.

Full kontroll: Julian (2,5) snappar opp det meste som skjer på garden, og tek det med seg og lærer vidare til kameratane i barnehagen.

Stikkord denne saka: , , ,