Stolt gjeng: Familien var takksame for alle som tok turen på fjøsåpninga, og viste stolt fram bygget. Audun og Aneth saman med (frå venstre) Ingrid (8 år), Anna (12 år), Eivind (10 år) og Arne (7 år).

Endeleg kunne Aneth og Audun Meland invitere til opningsfest av det nye ungdyrfjøset på garden.

Jane Brit Sande

Både sambygdingar og bondekollegaer tok turen til Eiken i Hægebostad kommune i Vest-Agder, førre veke. Aneth og Audun, saman dei fire borna Anna, Eivind, Ingrid og Arne, sytte for at alle besøkande kom seg gjennom smitteslusa og fekk ei omvising i ungdyrfjøset.

Eige fjøs for ungdyr

– Eit nytt ungdyrfjøs har lenge vore ein draum. Etter mange år med leigd ungdyrfjøs på nabogarden, var det godt å få samla alle dyra heime, seier Audun.

Den nye driftsbygningen er eit supplement til mjølkefjøset på garden. Totalt er det plass til om lag 140 dyr i det fullisolerte ungdyrfjøset.

– Sinkyrne blir flytta opp til det nye fjøset ved avsining, og blir flytta ned igjen når kalven er ferdig på råmjølk, seier Audun.

Tidlegare har Aneth og Audun selt oksekalvane ved tre til fire månadars alder, men med betre plass kan dei no fôre dei fram til slakt sjølve. Kvigekalvane har dei fram til eiga rekruttering eller livdyrsal. Bøndene har ei mjølkekvote på 430 tonn, og i tillegg har dei 200 vinterfôra sauer. Ungane har eit titals høner, og sel egga for å tena eigne pengar.

Gode arbeidarar: Anna og Eivind fekk ansvaret for å skru saman kalvehyttene, og fekk dreisen på korleis det skulle gjerast. Foreldra kunne ikkje skryte nok av dei driftige ungane.

Startar ute

Bøndene legg opp til kalving heile året. Sinkyrne har eigen garde med liggebåsar øvst i fjøset. Dei yngste dyra og kalvings– og sjukebingane er plassert midt i bygget, nærast fjøskontoret, kalvekjøkkenet og bøndene sin inngang. Alle kalvane står den første tida ute i kalvehytter.

– Så langt synest me hyttene fungerer utruleg godt. Det er også mindre arbeid, samanlikna med då me hadde dei inne nede i mjølkefjøset, seier Aneth.

Når kalvane er ferdige med mjølk, får dei plass inne i fjøset. Sidan blir dei flytta etter kvart som dei veks, kviger og stutar i kvar sin retning.

Heile familien i sving

Det var ikkje rom for å ligge på latsida då fjøset skulle byggast.

– Særleg Anna og Eivind har vore gode til å hjelpe til, seier Aneth.

– Dei har skrudd saman alle kalvehyttene, med berre litt hjelp heilt i starten og mot slutten, seier Audun.

Ungane sjølve har kost seg.

– Kva synast du var kjekkast med fjøsbygginga?

– Hmm, eg kan ikkje sei berre ein ting. Me fekk vere med å kle fjøset og bygge innreiinga også. Eg synest alt var kjekt, seier Eivind.

Anna nikkar samd.

– Ja, og kalvehyttene var gøy. Når me fant utav det, gjekk det veldig fort også, seier ho.

Fjøsåpning samlar folk: Både bondekollegaer og sambygdingar fann vegen til fjøset på Eiken denne tysdagen. Mange likar å nytte høvet til å sjå korleis andre har det.

Nøgde dyr: Det nye fjøset er ljost, oversiktleg og triveleg for folk og fe. Dyra er rolege, til tross for eit jamt tilsig av folk.

Fasilitetar

Det 950 m2 store fjøset har ein prislapp på 4,2 millionar kroner, pluss tomtearbeid. Bøndene fekk 800 000 kroner i støtte frå Innovasjon Norge. Grude Bygg har levert stålbuar og sandwichelement på taket. F. A. Betong i Lyngdal har levert betong og gjort støypearbeid. Det er full gjødselkjellar med kanalomrøring. Felleskjøpet Rogaland Agder har levert innreiing.

– Fjøset har royalimpregnert kledning, og alt snikkararbeidet har me gjort sjølve, seier Audun.

Førebels ligg dei på mellom 55 og 65 kalvingar så godt som jamt fordelt gjennom året, og fjøset er rekna til å klare 70 kalvingar i året. Aneth og Audun er begge godt nøgde med ungdyrfjøset.

– Skal eg peike ut det eg likar aller best med dette fjøset, må det vere at det er så enkelt med fôring. Me bestemte oss tidleg for at me skulle har køyrbart fôrbrett. Fullfôrvogn hadde me allereie som me nytta til mjølkekyrne, og den er i sving her også, seier Audun.

– Og så er det så lyst og triveleg her inne, seier Aneth.

Stikkord denne saka: , , ,