BN+

Beite bra for biomangfald: – Eit forsvarleg beitebruk gir ein vanvitig biodiversitet og bind meir karbon enn skog, seier Stein Brubæk.


Agroøkologi er det som må til for å sikra naturmangfaldet og berekraftig økonomi, meiner FN. Stein Brubæk meiner det er på høg tid å ta oppmodinga på alvor.


Liv Kristin Sola


FN-rapporten, som kom 11. mai, gir dystre spådommar for artsmangfaldet og jordsmonnet verda over. Gjennom landbruk, skogbruk, gruvedrift og overfiske er naturlige økosystem redusert med rundt femti prosent dei siste femti åra, stadfestar rapporten. 75 prosent av alle landområde er anten dyrka opp, dekka av betong, drukna i demningar eller på anna vis radikalt endra. Moderne matproduksjon med monokulturar og intensiv dyrking med bruk av sprøytemiddel, kunstgjødsel og tunge maskinar, får sin del av skulda for at over éin million artar står i fare for å bli utrydda.

Heilt ny landbrukspolitikk

Rapporten held fram agroøkologi som eit aktuelt system for å sikre matproduksjon verda over, samstundes som det viktige mangfaldet i naturen blir tatt vare på. Stein Brubæk, bonde på Nordmøre og leiar av internasjonalt utval i Bonde og Småbrukarlaget, meiner vi må ta agroøkologi på alvor. Han setter matproduksjon i samanheng med klima, jordsmonn, avskoging, forørkning og ikkje minst helsa vår og rettferdig global fordeling.

– Heile klodens befolkning har rett til tilgang til nok, sunn og kulturelt tilpassa mat, produsert på ein måte som ikkje øydelegg jordsmonn, lufta og vatnet, seier Brubæk.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,