Vil utvida jordvern-omgrepet
Jordvern bør handla om meir enn dekar. Også molda si evne til å halda på karbon, vatn og artsmangfald bør med i rekneskapen, meiner Arne Bardalen, spesialrådgjevar ved Nibio.
Jordvern bør handla om meir enn dekar. Også molda si evne til å halda på karbon, vatn og artsmangfald bør med i rekneskapen, meiner Arne Bardalen, spesialrådgjevar ved Nibio.
Ingen kan klandra mjølkebonden om han i desse dagar kjenner sterk uro over utviklinga i Tine.
Senterpartiet har sendt forslag til Stortinget om full kompensasjon til pelsdyrbøndene. – Det står om den økonomiske framtida til dei som blir råka av avviklingsvedtaket, seier Geir Pollestad.
Bondevennen nr 29 – 4. oktober 2019
I bakkar så bratte at «feiaren neppe har lov å gå der», haustar Kari Lutro 45 tonn epler, 7-8 tonn plommer og ein heil del pærer. Dei 13.000 frukttrea gjev rikeleg med arbeid heile året
Fruktdyrking er i framgang fleire stader i sør-Noreg, og epla frå Sogn tek sin del av marknadsveksten.
– Jau, me merkar press frå presseple-fronten, seier Kari Opedal ved Ullensvang Fruktlager. Ordspelet framkallar smilet, og det same gjer pilene som peikar oppover for fruktnæringa.
Kvifor er epletrea stadig meir utsette for sjukdom og skadedyr? Forskarane ved NIBIO Ullensvang har sine teoriar, og stasjonsleiar Gunnhild Jaastad er uroa for at frukttre-importen kan ha konsekvensar me ikkje har oversikt over.