Bondevennen 33/34 – 26. august

Bondevennen 33/34 – 26. august

Bondevennen 33/34 – 26. august

Terje Birkeland var berre 16 år då han blei sjef i gardstunet på garden i Evje og Hornnes, Aust-Agder. Bonden kan no skryte på seg tre tiår som matprodusent. Anders Felde, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, snakkar helst om levande bygder og eit aktivt landbruk. Me fekk han
likevel til å snakke litt om seg sjølv. Du treff han i Sommarportrettet. Ida Løken og Jørgen Anda vil bli bønder. Dei meiner kunnskap om agro­økologi og global matproduksjon er viktig for dei som vil ha ei framtid i landbruket.
Norsk Landbruksrådgjeving bidreg med fleire sider med godt fagstoff.
Du får lese om plansiloar, plantevernjournal, haustsprøyting, sikkerheit, og mykje meir.

Neste blad kjem i postkassane 9. september!

Bondevennen 31/32 – 12. august

Bondevennen 31/32 – 12. august

Bondevennen 31/32 – 12. august

Idar Egeland, Fotland i Time kommune, Rogaland, sett krav til eiga drift. For han, er det avgjerande. På Osterøy i Hordaland finn me Havråtunet – eit av svært få bevarte klyngetun me har her i landet. Fôringsrådgjevar i Tine, Cathinka Jerkø, arbeider for at bønder skal ha betre oversikt over kor mykje, kor godt, og kor kostbart fôr dei har. Ho anslår at rundt 85-90 prosent av grovfôrprodusentane ikkje kjenner produksjons- kostnadane. Grønsaksrådgjevar Kari Aarekol fortel om hobby og minner frå barndommen i vekas sommarportrett. Du får òg lesa om, silobagging, beiting på jordbruksareal som er ute av drift, og økonomien til Haugalandsbonden.

Neste blad kjem i postkassane 26. august!

Ungdom søkjer landbruket

Ungdom søkjer landbruket

Den positive trenden med aukande interesse for landbruksfag held fram. 20 prosent fleire ungdom har landbruksfag som sitt fyste studieval i år i samanlikna med 2015.

Kampen om produksjonsvolum og marknadstilgang

Kampen om produksjonsvolum og marknadstilgang

«Bondekanibalisme» har muleggjort den strukturutviklinga vi har hatt og har i landbruket. Det kan høyrast rimeleg brutalt ut, i realiteten har det for veldig mange vore ein frivillig overgang frå landbruk til andre yrke.