Bondevennen 6 – 10. februar

Bondevennen 6 – 10. februar

Bondevennen 6

10. februar

På framsida åtvarar bondelagsleiar Lars Petter Bartnes mot jordbruksmeldinga, frå talarstolen på Stormøtet på Varhaug førre måndag. Fleire hundre matprodusentar stilte opp for å høyre kva både Bartnes, Landbruks- og matminister Jon Georg Dale og andre politikarar hadde å seie om meldinga. Den Stolte Hane Jæren produsentlag, frykter overproduksjon og ønskjer å få fleire av slaktekyllingprodusentane over frå Nortura for å unngå for mange nyetableringar og redusert lønsemd grunna ubalanse i marknaden. Eli-Monica Aune Olimstad og Knut Emil Olimstad har investert tid og pengar på Nedre Ottersland gård i eit kvart hundreår. Nå står eit nytt og effektivt fjøs i tradisjonstunet. Norsk Landbruksrådgivning (NLR) Agder og Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder inviterte til seminar om landbruksbygg i tre, i håp om at flere bønder vil la seg friste. Vekas fagartikkel handlar om fôring og fruktbarhet. Sørg for energidekking i starten av laktasjonen, og vær spesielt merksam på førstegangskalvarane. Følg med på urea-innholdet i mjølka, og velg riktig kraftfôr til grovfôret.

Bondevennen 5 – 3. februar

Bondevennen 5 – 3. februar

Bondevennen 5

3. februar

På framsida treff du Bente Axelsson og Ole- Johan Norddal. Saman med barna Ingrid (12) og Sigbjørn (15), driv dei mjølkeproduksjon med jerseykyr i Sanddalen i Jølster, Sogn og Fjordane. På Bru i Rennesøy kommune, Rogaland, har garden til Aud Jorunn og Torleiv Bru vore godt etablert som eit konferansesenter. Dei tok over garden i 2012, og sidan har dei arbeida for å gjere liv laga av eigne planar og draumar om tradisjonell gardsdrift.
I fagartikkelen denne veka får du lese om mikromineraler til sau. Dyra har et grunnleggende behov for mikromineraler. Hvor stort dette behovet er blir påvirket av produksjon og vekst.
Det er mykje aktivitet i landbruksmiljøet om dagen. Tysdag i førre veke var møtesalen på hotellet på Skei i Jølster fylt til trengsle under Bondelaget sitt stormøte om landbruksmeldinga.
Lenge før rekneskapskontora har tal og statistikkar for fjoråret klart, summerte Asbjørn Voll frå Hå Rekneskapslag grove linjer kring fjoråret. 2016 var eit jamt over godt år for bøndene på Sørvestlandet. 2017 kan også bli bra, men overproduksjonen på lam må handterast.

Bondevennen 4 – 27. januar

Bondevennen 4 – 27. januar

Bondevennen 4

27. januar

Livet på 800 mål på Nevlandshei virkar fritt og godt, men det har vore mange tunge tak for Ingfrid og Trond Bårseth sidan overtakinga. På garden er det ca. 80 norske melkegeiter med ei kvote på 85.000 liter. I tillegg har paret 160 sau av rasen NKS og pelssau.
Har tårnsiloane utspelt si rolle i høve til nye ensileringsmetodar, eller kan det framleis vera rekningsvarande å bestilla entreprenør og støypa nye betongkummar. I vekas fagartikkel reknar Andreas Lundegård frå Tveit Rekneskap på kostnadane med tårnsilo kontra rundballeensilering ut frå to ulike bruksstorleikar.
Utnytt arealet og grovfôrpotensialet. Næringsrikt grovfôr gir høgare yting, lågare kraftfôrforbruk og betre totaløkonomi, meiner Lars Byberg Timpelen og Ragnvald Gramstad.
Elles kan du lese om grovfôr til sau, stell av ammeku og kalv, eventyrlege resultat for FKRA og om kvifor Rogaland er eit annleisfylke.

Bondevennen 3 – 20. januar

Bondevennen 3 – 20. januar

Bondevennen 3

20. januar

I Bondevennen denne veka tar me ein prat med Jon Leif Eikaas, svineprodusent i Søgne, nav-besetning i Sommerveien Purkering, og tidlegare leiar av Norsvin Agder. Kunnskap, interesse og ein god plan er grunnlaget for god drift hjå Arve Kjell Sunde og Tone Bjelland Sunde, i Dvergsdalen, på Skei i Jølster, Sogn og Fjordane. Dei driv med både sau og mjølk. Kvart år, andre helga i januar, blir Sørlandssamlinga sparka i gang, og 2017 var ikkje eit unntak. Me var med, og me serverer deg ein smakebit frå samlinga. – Aukande optimisme i melkeproduksjonen er det me tek med oss frå 2016, seier Askild Eggebø, styremedlem i Tine SA, til Bondevennen. Les meir om tankane kring året som er gått og året me er begynt på. Vekas fagartikkel handlar om eggkontrollen, som er eit godt styringsverktøy for eggprodusentar.

Bondevennen 2 – 13. januar

Bondevennen 2 – 13. januar

Bondevennen 2

13. januar

Soga om høna og egget på Litla-Undheim starta i 1948. Etter store investeringar produserer Børge Undheim AS no verpehøns for millionar årleg. Skotsk Høylandsfe steller kulturlandskapet i Sirdal. Dyra til Frode Ovedal er usedvanleg dyktige beitepussarar og produserer feittmarmorert kjøt med masse smak. Sørlandet kan få si første merkevare med beskytta nemning. «Spælsau frå Setesdal» er klar for butikkhyllene. Avtroppande styreleiar i Nortura Sveinung Svebestad er nøgd med utviklinga i 2016. Mektige matvarekjedar og nye forbrukartrendar krev likevel sitt på nyåret. Vekas fagartikkel handlar om frønytt og spiretips før våronna, du får lese om nye kvalitetstillegg på storfeslakt, og om gode fôringsstrategiar for storfe, frå konferansen Storfe 2016.

Bondevennen 1 – 6. januar

Bondevennen 1 – 6. januar

Bondevennen 1

6. januar

Med god hjelp av ein flott blåmeis, ynskjer me alle våre lesarar eit godt nyttår!
I årets første blad er me hjå Harald og Randi Rørtveit på Storesunde i Stryn kommune, Sogn og Fjordane. Sonen deira, Bjørn Rørtveit er aktivt med i gardsdrifta. Med ein god dose kreativitet har dei gjort endringar og grep for å betre drifta på garden. På Underøy i Lindesnes kommune, Vest-Agder, tok livet til Marie Smith ei endring ho ikkje hadde sett føre seg. Dei siste to åra har ho drive heimegarden.
Klimasmart landbruk er på veg. I mellomtida haustar Norsk Landbruksrådgiving erfaringar frå klimamedvitne bønder som har nytta NLR-Kretsløpstolken. Rolf Idsø mista hesten sin
i haust. Den tidlegare bonden er overraska over at det kosta 2.500 kroner å bli kvitt kadaveret. Vekas fagartikkel handlar om kylling. Me har reflektert over året som har gått, og fortel kva møter som gjer inntrykk på oss. Nye Bvloggarar er på plass, me håper du er like spent som oss!

Bondevennen 50/52 – 21. desember

Bondevennen 50/52 – 21. desember

Bondevennen 50/52

21. desember

Janne Gro Kleivan, Randaberg i Rogaland, vil gjere hagen til eit levebrød. I eigen blomsterbutikk, Polly&Molly, sel ho blomar og vekstar i takt med årstidene. I førjulstida inviterer ho til kransebindingskurs i butikken. I Herning i Danmark er Nordic holstein showmanship, eller Nordisk meisterskap i mønstring av kyr/kviger, gått av stabelen. Norge stilte med to juniorar og ein senior.
Hjå Torleif Birkeland, Birkeland i Sokndal, Rogaland, var det på tide å få julegrisen i hus. Stian Espedal tok seg av slaktinga. Nord-Korea er eit lukka land, men styresmaktene ynskjer hjelp utanfrå for å auka grønsaksproduksjonen. Ketil Fuglestad reiste ned med 12 kg kålrotfrø i kofferten. Ikkje eit julenummer utan julekryssord, juleteikningar, julequiz for dei minste, og mange gode juletankar.
Med ynskjer om ei god og fredeleg høgtid frå oss i Bondevennen.

Bondevennen 49 – 9. desember

Bondevennen 49 – 9. desember

Bondevennen 49

9. desember

Leif Håkon og Eva Korsbø er bønder på Sætra i Lund kommune, Rogaland. Dei driv med ammekyr, sau og gris. Målet er å produsere mat av beste kvalitet. I Irland satsar Aiden Winters på komfort for dyra og grovfôrav høg kvalitet.
Prosjekt Makebytte skal freiste å gjere det vanskelegare å bygga ned god matjord. Ei prinsipperklæring for korleis jordvern kan definerast som samfunnsinteresse og balansert opp mot andre samfunnsinteresser, er presentert. Vigre 4H på Nærbø i Hå, Rogaland, samlar inn plast frå bønder fire gonger i året. Dugnadsinnsatsen gir pengar i kassen. På Sørbø i Rennesøy kommune, Rogaland, satsar Silje og Jim Arild Håvarstein på reinrasa charolais. Dei unge bøndene inviterte til opent fjøs.
Vekas fagartikkel handlar om frisk luft. God ventilasjon er viktig for god helse og høg produksjon på dyra.