Bondevennen 48 – 2. desember

Bondevennen 48 – 2. desember

Bondevennen 48

2. desember

Bonde Jan Sigvart Håland, Audnedal i Vest-Agder, har vore i tenkeboksen og valt båsen. Båsfjøset skal få leva ei stund til på garden. Janny Idland er mjølke- og sauebonde på garden Idland i Gjesdal kommune, Rogaland. Ho er oppteken av å drive landbruk i samarbeid med dyra og naturen kring seg.
Den norske grisen skal blir grøn. – Det blir ikkje grønt skifte utan landbruket, sa Ola Hedstein under svinekongressen Gris i 16 i november. Delen norske råvarer i kraftfôret til gris på 70 prosent, skal bli 100 i løpet av få år. Tine satsar ambisiøst på klima og miljø, konsernsjef Hanne Refsholt oppsummerte Tine sitt STYRK-prosjekt under fagdagen i Øystese. Departementsråd Leif Forsel vurderte landbrukets moglegheiter og utfordringar på same samling. Elles tar me turen til Glen South Farm i Irland og til fruktbønder i Bosnia-Hercegovina.

Bondevennen 47 – 25. november

Bondevennen 47 – 25. november

Bondevennen 47

25. november

Hausten er tid for fagsamlingar og møter på rekke og rad, og dei siste veken har ikkje vore noko unntak. På kongressen Storfe 2016 var berekraftig og lønsam produksjon den raude tråden gjennom to dagar med tettpakka program. Bygdeutviklingsprisen for Hordaland gjekk til Voss Gardsslakteri. Øystesemøtet 2016 var arena for overrekkinga av prisen. Kongressen Gris i 16 samla 600 deltakarar frå heile landet. Overproduksjon og komplisert marknadsregulering er utfordringar som vart diskutert i pausane mellom føredraga.
Per Kristian Gjerde er bonde på Stranda i Møre og Romsdal. Målet er å produsere mest mogleg grovfôr for å optimalisere kombinasjonen av mjølk og kjøt.
To kremmarbrør i Nord-Irland gjer sitt for at dei sjølv sitt igjen med profitten som vanlegvis ville gått til mellomledda. Peter og Brian Casey sel eigenprodusert storfekjøt i eigen daglegvarebutikk.
Me har tatt ein prat med framtidsbonden Inger Lise Aarrestad Rettedal. Vekas fagartiklar handlar om gris og Ingris, lyssiv og knappsiv.

Bondevennen 46 – 18. november

Bondevennen 46 – 18. november

Bondevennen 46

18. november

I Bjerkreim har bygdefolket stelt i stand tradisjonsmatfestival for å auke merksemda om sau-og geiteressursane. Men korleis skal dei løyse overproduksjonen?

På Varhaug på Jæren spring Monika Bratland til og frå den vesle dottera og grisefjøset. Den ferske bonden takkar familien for at ho får kvardagen til å gå i hop.

Det store potensialet i ammekuproduksjon er tema på aktuelt-sidene.

Få også med deg den spanande historia om 81-årige Olav Georg Tveiten, sjølvaste dalasauekongen frå Eiken i Vest-Agder.

I vekas fagsaker kan du lesa om grovfôrproduksjon i eit stadig våtare vestlandsklima, samt om mekaniske tiltak mot ugras.

Neste nummer av Bondevennen kjem 25. november.

Bondevennen 45 – 11. november

Bondevennen 45 – 11. november

Bondevennen 45

11. november

Oddfrid Bakke, slaktegrisprodusent på garden Bakke, Hornindal kommune, Sogn og Fjordane. Aleinemor til Nils, Kristen og Oline. Etter å ha kjempa seg fram, ikkje heilt utan hinder, er ho endeleg bonde på heimegarden. Maj-Lena Knutsen og Jostein Hellevik er folka bak Dalen villmarkssenter, Dalen i Telemark. Dei er i ferd med å skapa seg ein leveveg basert på magiske naturopplevingar. Fosfor har vore mest kjend som både plantenæring og forureiningsmerksemd. Dei siste åra har merksemda auka, særleg den avgrensa tilgangen på det. Det skal no forskast på, blant anna, kva som skjer med fosforet i gjødsellageret med ulike tilsetningar, og korleis næringsstoffet kan nyttast maksimalt til plantene. Regionskonferansen til Norsvin gjekk av stabelen under Agrovisjon-helga. Utfordringane med overproduksjon og dårleg omdømme vart ein sentral del på programmet.
I vekas fagartiklar får du lese om førebygging av mjølkefeber, og om kjemiske middel mot lyssiv og knappsiv.

Bondevennen 44 – 4. november

Bondevennen 44 – 4. november

Bondevennen 44

4. november

Vegard Voll, Sola kommune i Rogaland, er ikkje av den arbeidssky typen. I tillegg til mjølk, har han potet på garden. Potetdyrkinga er blitt ei god tilleggsnæring.
For familien Lund-Mikkelson var det eigentleg eit liv i byen som var planen. Siste helga i oktober var det opningsdag for gardsbryggeriet, og gardstunet var fullt av tørste sambygdingar. Den nyutdanna veterinæren, Aslak Fitjar Oltedal vart råka av akutt sjukdom, og måtte i ein periode bruke to hjul, framfor fire, då han var på jobb.
Hønsehirse er kategorisert som verdas tredje verste ugras. No har det funne vegen til Rogaland. Agrovisjon vart arrangert siste helga i oktober, og me var sjølvsagt med på sirkuset. Me byr på ein liten smakebit.
Smittesluse i storfebesetningar og virusa BRSV og BCoV er tema i fagartiklane denne veka.

Bondevennen 43 – 28. oktober

Bondevennen 43 – 28. oktober

Bondevennen 43

28. oktober

I Bondevennen denne veka møter du familien Gilje i Gjesdal, Rogaland. Dei fortel om utfordrande val med omsyn til utvikling av garden . Les også om bøndene Astri og Tor Mikalesen på Lista, som nyttar kyr og sau til å skjøtte store kulturlandskapsområder.
Ikkje alt er solskin. Jæren Young Cowboys har synt mot og arrangert møte om «Å møta fjosveggen», om krav og depresjonar i landbruket.
Fleire med tilsyn på garden sin har blitt overraska over at det er medlemmar av dyreverndemnda som dukkar opp. Mattilsynet forklarar kva rettar bonden har når dei eller dyreverndemnda kjem på besøk.
Faglege innslag denne veka handlar mellom anna om bonden som bedriftsleiar og om holdvurdering i ammekuproduksjon.

Bondevennen 42 – 21. oktober

Bondevennen 42 – 21. oktober

Bondevennen 42

21. oktober

I Bondevennen denne veka treff du Ole Anton Liverud, mjølkebonde på Undheim i Time, Rogaland. Han deler sine byggeplanar, og ressursane på garden er grunnlaget for framtidig drift. Bondekona Gunhild Lovise Maudal ville gjere noko utanom det vanlege. Med tid og mot i ryggsekken, blei ho kokebokforfattar.
Rogaland Bygdeungdomslag blir 70 år i år, og dette skal markerast som seg hør og bør, med feiring i Varhaughallen. Er du, eller har du vore medlem? Då vil dei ha deg med!
Faglege innslag denne veka handlar om smitte i pelsdyrgarden, fôring i ammekuproduksjon og livssyklusen til lyssiv og knappsiv. I serien om reglane for produksjons- og avløysartilskot, kan du denne gong lesa om paragrafane 3 og 4, som handlar om tilskot til husdyrhald og jordbruksareal.

Bondevennen 41 – 14. oktober

Bondevennen 41 – 14. oktober

Bondevennen 41

14. oktober

Med bakgrunn i det aukande behovet for økologisk produksjon i Norge, vart det i slutten av september arrangert fagmøte for produsentar. – Me må prodsera det forbrukarane etterspør, sa Ola Andreas Byrkjedal, leiar i Rogaland Bondelag. Felleskjøpet Rogaland Agder får ny kraftfôrfabrikk hausten 2018. Ei investering på 200 millionar kroner skal gi dei større kapasitet, og gjere dei langt meir effektive og fleksible. Sparebanken Vest frir til landbruket. Geir Ingve Øglend er øko-bonde på Auglend i Sandnes kommune, Rogaland. På garden blir det produsert mjølk og sau. Han meiner meir¬arbeidet i øko-produksjonen må vere lønsamt. I Austerrike har dei ein unik tradisjon. Bøndene inviterer til fest, og pyntar dyra for buføring. Ein folkefest for lokalbefolkninga, for austerrikske bønder, og for imponerte turistar. Norsk Landbruksrådgivning bidreg med fleire sider fagstoff. Her får du lese om erfaringar med importerte jordbærplanter, fôrkvalitet, og næringsinnhald i gjødsel frå mink.