Vurdering før beite: Søye og lam skal vurderast før beiteslepp. Vitalitet (livskraft), evne til å følgje mor, alder og storleik er faktorar ved lammet som bør vurderast. Foto: Liv Kristin Sola

Sjodogg, alveld, og fleire andre sjukdommar får bønder til å klø seg i hovudet, men mange beiteproblem kan ein unngå, med dei riktige førebuingane.

Dyrevelferd hjå sau i utmark var tema på fagdagen Bærekraft i beitenæringa, i Oslo i slutten av juni. Dermed var sjodogg og alveld uunngåelege tema. Dei er begge kjelder til uro og hovudbry for bønder i heile landet. Den flåttbårne sjukdomen sjodogg er eit veksande problem saman med attgroing og fuktigare vintrar. Alveld er den sjukdommen ingen eigentleg heilt forstår seg på.

Sjodogg

– Sjodogg er den sjukdommen sauebøndene er mest bekymra for, sa Lise Grøva, forskar ved NIBIO Tingvoll.
I verda finns det 860 artar flått. Berre 11 av dei er i Norge, utanom dei som kjem med fuglane, men ikkje etablerer seg. Det er blitt meir flått i Norge, og Grøva viste til tre årsakar: Attgroing av vegetasjon gir eit fuktig og fint miljø for flåtten, kortare, mildare og fuktigare vintrar, og fleire vertsdyr, blant anna auka hjortebestand, gir meir flått.
– Men hjorten er ikkje det einaste vertsdyret for flåtten, og det er verdt å nemne at borrelia ikkje blir med vidare frå hjorten. Slikt sett er hjorten ein «inkompetent vert», sa Grøva.
Det er meir flått på lam, og meir flått i vegetasjonen dess meir trær på og rundt innmarksbeita.
– Det blir som ein aidssjukdom, den sett ned immunforsvaret og dyret blir mottakeleg for alt, sa Grøva om sjodogg.
Med nedsett immunforsvar kjem ein heil del følgjesjukdommar, og Grøva viste til eksempel som blodforgifting, leddbetennelse og lungebetennelse. Ho oppmoda til å avle på robuste dyr.
– Nokon dyr har genetisk større sjanse for å overleve på beiter med flått, enn andre, sa ho.

Alveld

Alveld er ein mystisk sjukdom hjå lam. Sjukdommen gir fysiske plagar som oppsvulma andlet og lamma blir ekstra vare for sollys. Alveld oppstår ved at ukjente toksin gir ein leverskade som fører til ein fotosensitiv reaksjon og celledød i vev og kroppspartia der dyret i særleg grad blir utsatt for sollys, som i andlet og auge. Skadane er livstruande for dyret.
– Det varierer kva rasar som vert råka av denne sjukdommen, og det varierer i kor stor grad lam i dei forskjellege rasane blir råka. Det er viktig å avle på motstandsdyktige dyr, sa Kristin Marie Sørheim, forskar ved Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK).
Sørheim og NORSØK har, saman Universitet i Oslo og Farmasøytisk institutt og Institutt for biovitenskap arbeidd for å skaffa meir kunnskap om årsaka til sjukdommen alveld, og i tillegg undersøka moglegheita for å finna førebyggande tiltak som kan hindra opptak av giftstoff som framkallar sjukdommen. Hovudmålet er å undersøka om det er mogleg å utvikla ein bolus eller kapsel som inneheld stoff som kan binda toksina i dyret før dei gjer skade.

Lokale variasjonar

Alveld er eit lokalt problem, og kor stort problemet er varierer frå år til år. Alveld var vanlegast i Nord-Trøndelag, Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag, der mellom 22 og 39 prosent hadde mist lam på grunn av sjukdommen i 2014. Hedmark og Oppland vart ikkje råka i det heile, og Sogn og Fjordane i svært liten grad.
– Det er viktig å trekke fram desse geografiske forskjellane, då det nasjonale måltalet ikkje seier noko om kor stort problem sjukdommen er i enkelte regionar og lokalt. Til dels vart det i Møre og Romsdal, i beitelag under organisert beitebruk, sleppt 29 951 lam på beite i 2014, og tapet var 2415 dyr. Dette gir eit snitt på åtte prosent, men tapsprosenten i beitelaga i fylket varierte frå to til 33,8 prosent, påpeika Sørheim.
Smitteutbrot og mange teoriar Ein våt vår etterfølgt av ein tørr sommar er eit gunstig miljø for blågrønbakteriar, eller algar, som lev i dammar som dyra drikk frå på beita.
– Det er eit godt utgangspunkt for eit kjempeår for alveld – og alveldforskarar, spøkte Sørheim.
Forskarar og bønder har også trudd at fargen på ulla på sauen kan ha hatt noko og seie for å hindre utbrot.
– Me trudde dei svarte sauene var betre beskytta, men dei er berre betre beskytta mot sola, og får derfor svakare reaksjon og symptom, sa Sørheim.
Ei stund gjekk det rykte om at grå trøndersau ikkje blei smitta.
– Det blei sleppt ut sauer av rasen på beite der dei hadde vore plaga med alveld. Det gjekk bra dei to første beiteåra, men så kom det utbrot på dei også, sa Sørheim.

Fortsatt arbeid som må gjerast

Alveldarbeidet held fram og følger to hovudstrategiar for om mogleg å utvikla førebyggande tiltak mot alveld. Den eine strategien er å utvikla ei bolus mot alveld, det andre er å kartlegge høve til å gjere ei kjemisk påvising av faregrad for alveld i beite.

Beitedyktighet

Åshild Øritsland Våge er veterinær og sauebonde i Sveio Smalesamdrift, i Hordaland. Ho var invitert til beitedagen for å snakka om beitedyktighet, eit heller nytt uttrykk.
– Det eg legg i ordet «beitedyktighet», er at sauen skal ha visse ferdigheter når det gjeld helse, velferd og produksjon, sa ho.
Beitedyktighet må vurderast etter minstekrav, og den skal vurderast på søya, lammet, og også søya saman med lammet.
– Har søya og lammet god nok helse til å starte beitesesongen? Dei må vere sterke nok til påkjenninga, og søya må ha kapasitet til å gå med det eller dei lamma ho har. Miljø- og stressfaktorar påverkar sårbarheita. Våge trekte fram kvifor det er viktig med ei sterk søye.
– Søya er ein formidabel fosterprodusent og ein god mjølkeprodusent. Laktasjonskurva er kort, og råmjølksmengda er høg. Det trengs supermødrer for å klara dette, sa Våge.
Etter lemming er det ofte naudsynt med kraftfôr, også som overgangsfôring når beitesesongen er starta.

Minstekrav for beiting

Våge viste til ei punktliste for minstekrav for beiting for både søyer og lam. Faktorar ved søya som bør vurderast er morseigeskapar, produksjonseigeskapar, anatomi (jur, spenar, osv.) og genetikk. Vitalitet (livskraft), evne til å følgje mor, alder og storleik er faktorar ved lammet som bør vurderast. Andre forhold som påverkar beitedyktighet er næringstilgang og terreng i beitet, stress (inkludert rovdyr), og rutinar ved beiteslipp (storleik på puljar og drivetid).
– Eg plar råda haldvurdering på søyene allereie på hausten, som eit førebyggande tiltak, sa Våge.

 Sjukdommar

Det finns ei rekke sjukdommar som utan riktig behandling, gjer at dyra ikkje er beitedyktige. Våge ramsa opp sjukdommer som halebitt, leddbetennelse, klauvputebetennelse, tarm- og skjedeframfall, og munnskurv.
– Ein annan ting å vere merksame på, men som ikkje er ein sjukdom, er feilskjering av klauver. Dette kan vere smertefullt for dyra, sa ho.
Beitedyktigheten på dyr som har vore sjuke, må vurderast individuelt.
– Er dyret beitedyktig i det heile tatt? Vurder godt, og vurder dyra individuelt. Hent gjerne inn meir kunnskap om sjukdommen. Flytt tidspunktet for beiteslepp, viss du veit du har eit problem. Det er ofte det same problemet som kjem igjen fleire år, sa Våge.
Arrangementet Bærekraft i beitenæringa vart skipa av Norsk Sau og Geit, Animalia, Norges Bondelag, og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Stikkord denne saka: , , , ,