Skikkeleg verdsett? Dagens prissetting av livdyr tar for mykje omsyn til slakteprisen og gir lite rom for å skilje dei beste frå dei svakaste, skriv artikkelforfattarane. Illustrasjonsfoto: Bondevennen

Rett pris er verdien på produktet.

Svein-Egil Skartveit, Fagleiar Avl, TINE Rådgjeving Hordaland og Ryfylke
Stein Ove Nesheim, økonomirådgjevar i TINE

Tilbod og etterspurnad er nok eit sentralt omgrep her, men ein bør likevel betale rett pris. Me vil her prøva å setja ein pris på verdien av ei nykalva kvige og forklare kvifor prisen blir som den blir. Det å kjøpe inn ungkviger/bedekningsklare kviger for vidare sal som nykalva/kalvingsklare kviger, er lite lønsamt. Det er faktisk ein risikosport. Tar me utgangspunkt i dekningsbidraget i mjølkeproduksjon, påsett 80-120 prosent (tall frå rekneskapslaga på Jæren og Dalane – Nøkkeltal 2017), så er det på 33 791 kr per ku utan tilskot, mens tilsvarande for ammeku, over 50 prosent påsett, er på 8 931 kr per ku utan tilskot. Livdyrprisen gjenspeglar ikkje dette, og det er ikkje prisen på ammekua som er feil.
Ein får for lite igjen for å drive eit godt og aktivt avlsarbeid for livdyrmarknaden. Tanken her er at denne prisinga er rasenøytral. Som produksjonsdyr har dei tilnærma lik verdi fordi dei har kvar sitt fortrinn, og dei same risikofaktorane i oppdrettet. Dagens pris tar for mykje omsyn til slakteprisen. Det er ikkje eit slakt ein produserer, men ei mjølkeku. Dagens prissetting ligg altfor tett opp mot slakteprisen og gir lite rom for å skilje dei beste frå dei svakaste. Prisen må i større grad vurderast ut frå produksjonsevne, og ikkje etter slakteverdi/storleik.
Storleiken på dyret er viktig éin dag, og det er på slaktedagen. Dei andre dagane er det mest lønsamt med ei mindre ku som produserer godt. Men den skal være stor nok og normalt utvikla ved kalving.

Kva kostar det å produsere ei kvige?

Føresetnadar: Innkalvingsalder 25 månadar (middel i Kukontrollen), kalvegodt, kostnad innhausta grovfôr er sett til kr 3,20 med tanken om at ein kunne seld fôret om ein ikkje hadde hatt kviga, to beiteperiodar á fire månadar.

*Risiko er inndekning for kviger som går ut av produksjon, dette kan vera kalving, kasting, fruktbarheitsproblem, mastitt, patting , trespent o.s.v. Etter desse føresetnadane vil det kosta kr 18 000,- å produsera ei kvige.

Kva bør livdyrverdien på ei kvige vera?

Føresetnadar: Avlspoeng 10, GS-testa, seljar får ti prosent av framtidig forventa produksjon, snittproduksjon på ei ku er ca. 20 000 liter, dekningsbidrag utan tilskot kr 3,- per liter. (Avlsverdien er 240 kr per poeng + 60 kr = 300 kr per poeng viss den er GS-testa)
Er kviga drektig, gir ein kalven ein verdi.

 

Me brukar som i dag 240 kr for kvart poeng i avlsverdien. Er kviga GS-testa brukar ein 300 kr. Grunnen til dette er at verdien er sikrare og at det har ein kostnad å ta denne testen. Avlsverdi/NTM har ein ikkje på Holstein og Jersey i dag, men det kjem. Ein avlsverdi er ein evig verdi. Ifølgje ei dansk undersøking gjort på Jersey, så er den største drivaren for holdbarheit NTM (avlsverdien), med ein korrelasjon på over 50 prosent. GENO uttaler at avlsverdi har ein korrelasjon på ca. 70 prosent for holdbarheit.
Me har ikkje satt nokon verdi/pris for helsestatus. Men eit livdyr skal jo ha ein helseattest og den bør betalast av selgjar.
Frakt bør alltid belastast kjøpar. Det hadde også vore ein fordel for både kjøpar og selgjar at ein rådgjevar frå anten TINE/Nortura/Fatland/Q var ute i besetninga og takserte kvart enkelt dyr. Her bør bestillar av tenesta betale.

Kor lang tid brukar ein på å tena inn investeringa?

Dette er jo eit veldig interessant spørsmål. Det er denne verdien ein kjøper. Livdyrprisen på mjølkeku har ikkje fulgt med i inntektsoppgangen i mjølkeproduksjonen. På 80-tallet gav ein opp mot 20000 kr for dei beste mjølkedyra. Ein kan ikkje halde på som i dag og ta denne jobben på dugnad. Rett nok er dugnadsanda sterk i Norge, men den bør ikkje praktiserast i kvigeoppdrettet. Mal heller samfunnshuset.
Føresetnad: snitt dagsproduksjon 30 liter, dekningsbidrag per liter utan tilskot kr 3,-

 

Konklusjon:

Ut frå desse føresetnadane meiner me at ei nykalva kvige med 10 i GS-verdi, bør koste 27 000 kr. Ein har då rom for å trekke kviger med svak avstamming, eksteriøre svakheiter og liknande, utan at dei kjem under slaktepris. Me vil ikkje tilrå å kjøpe inn dyr som er ei slakteku, men kan mjølka nokre månader til. Det er lite framtidsretta. Tar du først risikoen på å kjøpe inn ei mjølkeku, så kjøp ei som har ei framtid. Frakt og attest kostar jo det same. Kjøper du ei eldre ku, så er jo mykje av verdien som me har omtalt over tatt ut og kua bør prisast deretter.

Stikkord denne saka: , , ,