Fjøs som er bygt med veggar og tak av massivtreplater og  brystning av betongelement.

Fjøs som er bygt med veggar og tak av massivtreplater og brystning av betongelement.

For å få lønsemd i utbyggingsprosjekt for små robotfjøs er det ekstra viktig å ha fokus på rimelege løysingar og skreddarsydde planar.

Oddvar Sandal, TINE

Utviklinga går i retning av at gardsbruk med 25 – 30 kyr også skaffar seg mjølkerobot. Overgangen til robot er sjølvsagt enklast og billegast der ein alt har eit lausdriftsfjøs og kan skifte ut mjølkestallen med robot. I andre tilfelle er det ombygging av båsfjøs eller nybygg som er aktuelt.

Nybygg med 30 liggebåsar

Eit nytt robotfjøs med 30 liggebåsar inkludert sinkubåsar og bingar for kalvar og kviger, blir som regel minst 550 – 650 m2 i grunnflate. Då er det også med plass til å ta inn rundballar. Eit fullisolert fjøs av denne storleiken kostar ofte ca. kr 10.000,- per m2. Totalkostnaden blir dermed fem til seks millionar kroner. Det er dyrt i forhold til produksjonen.
Skal ein bygge eit relativt lite robotfjøs kan ein som regel ikkje velje det ein helst vil av materialar og teknisk utstyr, men ein må velje rimelege alternativ. Det må nemnast at byggekostnadane ikkje er like over heile landet. Det som er dyrt ein stad kan vere billegare ein annan stad. Det gjeld til dømes prisen på veggelement av betong, men også totalkostnaden på driftsbygningane kan variere ein del.

Grunnarbeid og betongarbeid

Billegast grunnarbeid og betongarbeid får ein viss ein har ei relativt flat tomt og kan bygge grunne vakumrenner eller opne skraperenner. Har ein ei hellande tomt kan det passe å bygge flyterenner eller renner med kanalomrøring. Det er ein del dyrare, men utløyser ikkje krav om gasstett forbindelse så lenge rennene ikkje djupare enn 170 cm. Når tomta er bratt er det vanskeleg å kome utanom å bygge gjødselkjellar med gasstett forbindelse. Det er det dyraste alternativet.
Enkelte vurderer å bruke såkalla ”klaffegolv” eller ”det grøne golvet”. Dette er spaltegolv med gummiklaffar i spalteopningane som skal tette for gjødselgass. Desse golvtypane er dyrare enn vanleg spaltegolv, men totalt blir det billegare på grunn av mindre betongarbeid. Etterkvart vil ein få meir erfaring med korleis desse spaltegolva fungerer over tid. Der det trengst gjødselsilo kan den byggast av betongelement, stål eller glasfiber. Gjødselsilo av stål med innvendig plastduk direkte på sandpute, blir ofte billegast og kan vere aktuelt å bruke til fjøs av den storleiken det er snakk om her.

Veggtypar

Ved val av veggtype legg ein vekt på pris, levetid og styrke. Det er mykje å velje mellom og prisen kan variere frå nokre få hundre kroner per m2 til ca. kr 2.000 per m2 for dei dyraste betongelementa. Om fjøset skal vere fullisolert, delvis isolert eller uisolert må det også takast stilling til. Mange vil helst ha betongelement på grunn av styrke, lang levetid og ikkje minst lite vedlikehald. Prisen er derimot såpass høg at billegare veggtypar som stålsandwich eventuelt med brystning av betongelement mange gonger må veljast i staden. Veggar av massivtre blir meir og meir brukt, og er blitt eit alternativ som er verd å vurdere. Dette er kompakte treelement som er ca. sju centimeter tjukke og er utan annan isolasjon enn isolasjonsevna i sjølve treverket. Veggane må målast og vedlikehaldas, men er gunstige prismessig og bra med tanke på det estetiske.
Prisen ligg om lag på same nivå som stålsandwich. Det er sjølvsagt også mogleg å bygge med vanlege bindingsverksveggar, særleg når det er snakk om små lausdriftsfjøs der det kan vere mogleg å gjere ein eigeninnsats. Det aller enklaste og billegaste er eit nytt alternativ med rammeverk av stål og plastduk som veggar og tak.

Konstruksjonar og tak

Taket på eit fjøs utgjer eit stort areal. Mange er mest opptekne av kva veggane kostar og kva som kan sparast der utan å tenkje så mykje på kva taket kostar. Takarealet kan vere dobbelt så stort som veggarealet. Billegare pris per m2 tak gjer dermed relativt store utslag på totalkostnaden. Stålbuar med åsar og sandwichplater av stål er mykje brukt og rekna for å vere gunstig prismessig. Hos mange firma som set opp ferdigfjøs kjem dette ofte rimelegast ut. Andre rimelege alternativ kan vere sperr av limtre og tak av massivtreplater. Det er vanleg å plassere limtresperr og søyler med senteravstand 360 centimeter. Då kan massivtreelementa monterast som sjølvbærande takelement utan åsar. Det er mest vanleg å tilleggsisolere elementa på oversida. Prefabrikkerte takstolar kan også vere aktuelt. Takstolar er relativt rimeleg, men det er særleg arbeidskostnadane som dreg opp prisen på isolerte tak med takstolar. Kan ein gjere noko av arbeidet sjølv kan det likevel bli gunstig.

Teknisk utstyr

Små robotfjøs har som regel to liggebåsrekker og fri kutrafikk. Det blir forholdsvis god plass ved fôrbrettet dermed treng ein ikkje å ha automatisk grovfôrtildeling. Ein kan heller bruke ein rimeleg fôrutleggar eller minilastar. Brukt robot kan også vere aktuelt, men ein må ta med i reknestykket kva ein eventuelt taper i tilskot ved å velje brukt i staden for ny robot. Innovasjon Norge gir ikkje tilskot til brukt utstyr. Til små robotfjøs treng ein heller ikkje kraftfôrautomat, all kraftfôrtildeling kan skje i roboten.

Ombygging og tilbygg

Ved ombygging og tilbygg er det mogleg å spare inn areal ved å bruke deler av det ein allereie har, og dermed få ei billegare utbygging. Det kan vere ein god idé å prøve å planlegge slik at det eksisterande fjøset og fôrsentralen kan brukast i lausdriftsplanen på ein slik måte at ein unngår omfattande rivings- og ombyggingsarbeid. Kanskje kan ein bruke om att fôrsentralen, fôrbrettet, fôringsutstyret, mjølkerommet og biromma. Anna fjøsareal kan brukast til eteareal, sjukebingar og kalve- og ungdyrplass. I beste fall treng ein kanskje ikkje å bygge på så mykje anna enn bingen med liggebåsar for kyr pluss robotrommet. I så fall sparer ein inn så mykje areal at det kan vere mogleg å få til ein betydeleg kostnadsreduksjon i forhold til nybygg. Kostnader til framføring av vatn og straum kan også falle nesten heilt bort.
Ved å vere kreativ i planleggingsfasen er det godt mogleg å få til gode og rimelege løysingar, sjølv om ein må aksepter løysingar som er litt mindre gunstige enn det ein får ved nybygg. Det er vanskeleg å seie kor lågt ned ein kan kome i pris for eit slikt ombyggingsprosjekt for 25 – 30 kubåsar, men innsparinga kan erfaringsmessig ligge på ein til to millionar kroner i forhold til nybygg.

Nytt robotfjøs i Sunnfjord bygt med utgangspunkt i eksisterande båsfjøs. God utnytting av eksisterande bygning og eigeninnsats gjorde fjøset billeg.

 

 

 

 

 

Stikkord denne saka: , , ,