Rasjonelt: Investering i tårnsiloanlegg kan vera eit godt alternativ for til dømes mjølkebruk med kvote på 150.000 – 300.000 liter i kombinasjon med sau. Saman med fylltømar får du ei rasjonell og kostnadseffektiv grovfôrhandtering. Foto frå Bondevennen sitt arkiv.

Tårnsilo var einerådane på 70 og 80-talet når det gjaldt lagring av surfôr, men grunna utvikling i hausteteknikk og arealavstandar tok andre ensileringsmetodar over meir og meir av arenaen utover 90-talet.

Andreas Lundegård
Økonomirådgjevar Tveit Rekneskap AS

Spesielt rundballeensilering har spreidd om seg, og har no overteke som den leiande ensileringsmoden. Men enkelte har med tida byrja å snu blikket attende til tårnsiloen, kan denne få sin renessanse? Grunngjevinga er at ein med ny hausteteknikk og i-mek kan automatisere og rasjonalisere bruken meir, samstundes som det er eit miljøaspekt med rundballeensilering med tanke på plast og avrenning. Korleis er såleis økonomien rundt dette med bruk av tårnsilo?

Transportavstand og storleik

Først må vi nok gjera ei avgrensing av kva bruksstorleikar dette er aktuelt for. Store mjølkebruk krev store areal for å ha nok innhausta fôr, gjerne 300-400 dekar og oppover. Så store areal krev store og mange tårnsiloar for å stette behovet, så på desse bruka er nok plansilo eller rundballeensilering mest aktuelt. Transportavstandar avgrensar òg noko, men nye og større transportvogner muliggjer transport over større avstandar.
I fortsettinga vil vi rekne på to alternativ; eit for eit middels stort bruk (mjølk 200-250 tonn i kvote, alternativt 30-40 ammekyr) og eit for eit moderat bruk (200 vinterfôra sau eller 15-20 ammekyr).
I samanstillinga vil vi samanlikne desse ensileringsmetodane:

  • Lagring i tårnsilo
    • Innhausting med traktor montert finsnittar
    • Leigd slått, snitting og fråkjøring
    • Uttak med fylltømmer til fôrbrett.
  • Rundballeensilering entreprenør:
    • Leigd slått og rundballepressing
    • Prissetting av inntransport rundballar
    • Utfôring på fôrbrett med traktor (kostnad til handtering).
  • Rundballeensilering med eige utstyr:
    • Same forutsetningar som entreprenør.

Alternativ 1:

Ein kan først gjere utrekningane for bruka med størst areal (mjølk eller ammeku), dvs. eit bruk med om lag 200 dekar dyrka, tilsvarande 900 siloballar eller m3 fôr pr. år. Arealet blir hausta med skiveslåmaskin, og enten finsnitta og køyrt i tårnsilo eller rundballepressa. Føresetnadane gir oss dette reknestykket:

Kostnader anlegg og utstyr:

1. 2 stk tårnsiloar, 8 meter i diameter og 10 meter tipphøgd og kapasitet på 900-1000 m3 silofôr. Prisestimat 2 mill. kr inkl. fylltømmer, grunnarbeid og overbygg m.m.
2. Rundballepresse 700.000 kr, slåmaskin 200.000 kr. Restverdi etter 10 år 200.000 kr.

Tårnsilo er konkurransedyktig

Utrekningane over viser at tårnsiloalternativet er konkurransedyktig mot rundballemetoden, og at ein faktisk kjem ut med noko lågare kostnad pr. år. I reknestykket har vi prøvd å få fram kostnad på fôr levert på fôrbrettet. I mange tilfelle samanliknar ein berre kostnaden med å få fôret i fôrlager, og gløymer kostnaden/arbeidet mellom fôrlager og inn på fôrbrett. Bruk av fylltømmer i tårnsiloen rasjonaliser og sparar mange arbeids- og traktortimar ved utfôring. Ved bruk av rundballar må ein starte traktoren kvar dag og hente/laste opp rundballar på fôrbrettet . Dette er ein tidstjuv og kostnad som dei fleste gløymer når dei vurderer rundballemetoden.

Alternativ 1
1) Utfôring omfattar henting og avplastring rundball, 30 min pr. dag i 365 dagar.
(2) Annuitetslån 25 år, 5 % rente, investert beløp 2 mill. kr.
(3) Annuitetslån 10 år, 5 % rente, investert beløp 0,7 mill. kr.
(4) Omfattar slått, fråkjøring ball med traktor eller fråkjøring med transportvogn, finsnitting eller rundballepressing.
(5) Kun vedlikehald presse/slåmaskin.
(6) Kostnad til eigen traktor på slått og presse, samt fråkjøring.

Alternativ 2:

Ein kan gjere same reknestykket for eit noko meir moderat bruk, gjerne eit typisk sauebruk med 200 vinterfôra sauer:

Kostnad anlegg og utstyr:

1. 1 stk tårnsilo, 6 meter i diameter og 10 meter tipphøgd – kapasitet 250-300 m3 silofôr. Prisestimat 1.100.000, inkl. fylltømmer m.m.
2. Rundballepresse 700.000 kr, slåmaskin 200.000 kr. Restverdi etter 15 år 200.000 kr.

I dette alternativet kjem ein gunstigast ut om ein vel leigd rundballepressing, dette skriv seg frå mindre handtert fôrmengd, slik at kostnaden til sjølve tårnsiloen og det tekniske utstyret blir for høg. Alternativet med eige rundballeutstyr kjem òg dårlegare ut enn å leige. Årsaka er den same, volumet å dele kostnaden på blir for lite. Som Tveit Regnskap har belyst i tidlegare artiklar om grovfôrmekanisering, må ein presse om lag 1000 ballar pr. år om det skal vera lønsamt å eige utstyret sjølv.

Alternativ 2
(1) Utfôring omfattar henting og avplastring rundball, 10 min pr. dag i 365 dagar
(2) Annuitetslån 25 år, 5 % rente, investert beløp 1,1 mill. kr.
(3) Annuitetslån 15 år, 5 % rente, investert beløp 0,7 mill. kr.

Oppsummering:

Hovudkonklusjonen på talleiken endar på at tårnsiloen under gitte føresetnadar absolutt fortener sin renessanse. Men bruka bør verken vera for store eller for små. Er haustearealet for stort, må siloane vera store og mange, likeeins er det heller ikkje alle stadar det passar inn med eit tårnsiloanlegg, du bør helst ha eit skråande terreng der du kan få tippa rett i siloen. Skal ein nytte innblåsingsutstyr eller transportband blir kapasiteten for liten.
Tårnsiloanlegg kan vera eit godt alternativ til bruk som driv med ammeku, mjølkebruk på 150-300 tonn eller kombinasjonar av dette og sau. Spesielt tårnsiloanlegget kombinert med fylltømmer lagar ei rasjonell og kostnadseffektiv grovfôrhandtering. Mange opplever rundballehandteringa som arbeidskrevjande med tanke på inntransport og utfôring.
Som eit motstykke er rundballehandteringa gjerne einaste farbare veg dersom ein har spreidde hausteareal. Kva haustelinje ein vel med innhausting kan òg vera avgjerande for korleis ein opplever tårnsiloanlegget, dersom ein vel fôrhaustaren og avlesservogna kan haustearbeidet lett bli oppfatta som evigvarande i ei stadig meir vêrmessig utfordrande verd. For effektivt hausteutstyr, som til dømes ein sjølvgåande finsnittar, kan gi utfordringar på mottak i siloen.
Til sjuande og sist er det opp til kvar enkelt bonde å avgjera kva som høver best på hans bruk, men der areala ligg nokolunde samla, og ein har eit overkommeleg hausteareal, kan absolutt tårnsiloen vera rasjonell og kostnadseffektiv.

Stikkord denne saka: , , ,