Det gode bondeliv: – Når alt går som det skal med kalvinga, når kalvane drikk godt og kyrne eter og mjølker, og når eg kan sleppe friske dyr på beite om våren, då er det godt å vere bonde, seier Jostein.

Avlar for friske dyr og høg mjølkepris

mai 24, 2020

Bondeyrket byr på mange utfordringar som må løysast, steg for steg. Jostein Holta begynte med buskapen. Målretta avlsarbeid og gs-test av alle kviger begynner å gi resultat. – Det er dyra som sikrar inntekta mi, seier bonden.

Liv Kristin Sola

Jostein Olaus Holta er ikkje blant dei som har oksekatalogen liggande på nattbordet. Men han er likevel oppteken av avl og avlsframgang. Aller mest fordi han vil ha friske dyr som lever lenge og ikkje treng besøk av dyrlege.

Meir presise verdiar

Fruktbarheit og bein er dei vanlegaste grunnane til at kyr går ut. Fruktbarheit, helse, lynne, bein og klauver er derfor dei viktigaste avlsmåla. For å lære meir om fruktbarheit, melde bonden seg på Geno-kurset Cand.KU.

– Eg fekk nokre nye tips og i tillegg ein god oppfrisking av gammal kunnskap, seier bonden.

Teorien er éin ting. Praksis er noko heilt anna. Å få kyrne drektige er framleis ei utfordring, men på kurset fekk Jostein auga opp for genotyping av kviger. Han bestilte ti øyremerke og har dei siste to åra systematisk gs-testa alle kvigekalvane. Bonden er nøye med å ta både gs-testen og dei vanlege øyremerka så tidleg som råd.

– Då reagerer kalvane mindre enn når dei er litt eldre, seier bonden.

I utgangspunktet er kalven eit gjennomsnitt av mor og far, men det er berre teori. Ved å genotype kvigekalvane får bonden meir presise verdiar for kvar av eigenskapane. Informasjonen vert lagra i kukontrollen og i avlsplanen.

– Meir sikker kunnskap om kviga gjer det lettare å finna den beste oksen til kvart enkelt dyr, seier Jostein.

Bonden går ikkje rundt og hugsar på tal og avlsverdiar, men meiner å sjå resultat av eit målretta avlsarbeid gjennom mange år.

– Eg ser det spesielt på kvigene som er store og fine ved kalving og produserer godt med mjølk, seier han.

Mot straumen

For Jostein er det viktig at dyra klarer seg godt på beite og held i mange laktasjonar. Samstundes mjølker kyrne meir for kvart år. Bonden trur det er eit resultat av at kyrne er friske og raske til beins. Dei fleste bønder blir motivert av slikt. Men høg yting er ikkje det viktigaste for Jostein.

– Eg trur jag etter høg yting i seg sjølv gjer kyrne meir sårbare for sjukdom og skadar. Det kan koste meir enn det smakar, i alle fall i mitt driftsopplegg, seier han.

Bonden minner om at tilskot er ein viktig faktor på mindre bruk. Han har for tida seksten mjølkekyr på dei 24 båsplassane. No vurderer han å satse på lågare yting, fleire kyr og meir tørrstoff i mjølka.

– Reknestykket er enkelt. Omsettingsavgifta aukar og etterbetalinga blir redusert, då må eg auke mjølkeprisen, seier Jostein.

Tal frå kukontrollen viser eit snitt på 9300 kilo EKM per årsku, 8900 kilo levert til meieriet. Feittprosenten svingar mellom 4,3 og 4,5. Proteinprosenten er rundt 3,5.

– Skal tørrstoffinnhaldet opp må eg justere fôringa og velje oksar som gir høgare feittprosent. Eg har også vore inne på tanken om å kjøpe nokre jerseykyr, seier Jostein.

For dyrt med kvote

Dei første seks åra som bonde hadde Jostein full jobb utanom. Innteninga frå drifta gjekk attende til garden. Fjøset vart utvida med ei kalveavdeling og eit ungdyrrom og bonden fekk fleire mjølkebåsar. Jostein kjøpte kvote, både frå staten og privat, og auka eigen kvote frå 99.000 til 143.000 liter. Med dagens prisnivå er det uaktuelt å kjøpe fleire liter, sjølv om han har god kapasitet i fjøset. Leige er heller ikkje eit alternativ.

– Eg baserer ikkje drifta på leige. Noko er grunnleggjande gale når passive bønder kan halde på kvotane i det uendelege medan aktive bønder må nedskalere, seier Jostein.

Han saknar ordninga kor staten kjøpte opp kvotane og selde dei ut att til ein fast pris.

– Hadde ordninga framleis vore gjeldande ville landbruket sett heilt annleis ut i dag, meiner Jostein.

Eit dritår

I 2015 takka bonden for seg som lønsmottakar. Han skal klare å leve av garden, men det er sårbart. Det fekk han merke i 2017.

– Eg mista fem dyr det året. På toppen av alt regna avlingane vekk og tredjeslåtten kom aldri i hus, fortel Jostein.

Fleire kostbare maskinreparasjonar og eit traktorhavari vart utfordringa dei to neste åra. Det tek tid å bygge seg opp og bonden veit han må gjere nokre kostbare val også i næraste framtid. Maskinparken er sliten og lite effektiv. Fjøset nærmar seg pensjonsalder.
Året han overtok kjøpte Jostein ei brukt kombipresse og la om frå tårnsilo til rundballar. Alternativet var å støype plansilo, men han vegra seg for dei høge kostnadane. Bonden spanderte tvillinghjul på pressa for å flyte betre på myra. Også traktoren går med tvillinghjul mykje av sommaren.
Men maskinparken er ikkje berre slitt, den har også dårleg kapasitet. Flaskehalsen er slåmaskinen. No skal den skiftast ut.

– Eg vil ha slåtten unnagjort på tre dagar, ikkje tre veker slik som no, seier Jostein.

Han vil klare seg sjølv i slåtten. Det er ikkje lett å spørje folk om hjelp, i alle fall ikkje akkurat når han treng det. Samstundes er det ei vurdering kor vidt han skal betale folk for arbeid han kan gjere sjølv. Tidsforbruk og økonomi blir heile tida vege opp mot kvarandre.

Byggetankar: – Eg skal vere bonde også etter 2034 og kjem til å bygge lausdrift før 2024, seier Jostein Holta. 

Bondegenet: St. Bernardshunden Bella luskar i føtene på bonden. Eit par viper sirklar i lufta. Lander, trippar bortover marka, og letter att.  Nede ved Holtavatnet beitar kvigene. Reine idyllen, men Jostein veit det blir tøffe tak framover, ikkje minst økonomisk. Myrjorda må arronderast og  drenerast. Blåleira under gir bonden hovudbry. Likevel finn Jostein motivasjon i kvardagen. For han har det i seg, dette bondegenet som handlar om å vere sjølvstendig, ta sjølvstendige val, klare seg sjølv, og meistre både dyra, jorda og maskinane – og været.

Gardsfakta>

Jostein Olaus Holta driv med mjølk og sau på Holta i Strand kommune i Ryfylke. Han overtok etter foreldra sine, Else og Martin Holta, i 2009.

Jostein har ein mjølkekvote på 143.000 liter og femten årskyr på bås som produserer 9300 kilo EKM. Oksekalvane vert selde til ein fast kjøpar. For å utnytte kapasiteten i fjøset vil Jostein ha jamn kalving heile året.

Garden har 119 dekar dyrka jord og 100 dekar beite. Jostein eig både kvoten og jorda sjølv.

Bonden har ein villsauflokk på 37 vinterfôra søyer og ein vêr på utegang. Ei blanding av gammalnorsk spæl og svartfjes. Mest for beitepussing og for skjøtsel av kystlyngheia Holtaheia.

Jostein er yngst av fem søsken. Han har fagbrev i produksjonselektronikk, og er agronom frå vinterlandbruksskulen.

Reknestykket er enkelt. 

Omsettingsavgifta aukar og etterbetalinga blir redusert, 

då må eg auke mjølkeprisen.

Byggeplanar

Men det er ikkje berre maskinparken som treng fornying. Frå 2024 er det krav om sjukebinge, kalvingsbinge og lufting. Ti år seinare er båsfjøsa historie.

– For meg blir det ingen mellomløysing. Eg skal vere bonde også etter 2034 og kjem til å bygge lausdrift før 2024, seier Jostein.

Prosjektet er berre på tankestadiet, men i løpet av året håper han å ha teikningar klar slik at han kan gå til Innovasjon Norge på nyåret. Tanken er å nytte det gamle fjøset til fôring og ungdyr, og utvide med ei liggebåsavdeling. Om det blir mjølkegrav eller robot er eit økonomisk spørsmål.

– Om eg ikkje likte å mjølke kunne eg lagt ned for lenge sidan. Det er den viktigaste jobben min, seier Jostein.

Han meiner framtida ser annleis ut no enn for berre eitt år sidan. Mjølkeprisen er pressa og krona er svekka.

– Det har blitt eit dyrare år og eit byggelån vil bli betydeleg høgare enn i fjor. Men inntekta står stille, seier Jostein.

Men bonden legg ikkje byggeplanane på is. Han skal få til ei løysing som han kan leve med, men er heilt avhengig av støtte frå Innovasjon Norge.

Ein meir presis avlsplan

Heilt sidan Jostein overtok har Svein-Egil Skartveit, fagsjef avl i Tine, vore innom ein gong i året for å sjå på dyra og sette opp avlsplan. Dei har vurdert eigenskapar, hald og val av okse. Etter at Jostein tok i bruk gs-testing kjem Svein-Egil to gonger i året. Geno ønsker nemleg å eksteriørvurdere alle kyr i kvar laktasjon.

– Eit flott utgangspunkt for ein god avlsplan, betalt av Geno, seier Svein-Egil på telefon frå Bondevennen.

Han minner om at det hjå dei fleste er stor variasjon i økonomisk verdi mellom den beste og den dårlegaste kua. Ein variasjon som kan jamnast ut med ein meir målretta avlsplan.

– Med ein gs-test kan du finne den beste oksen og avle fram ein kalv som vil betre økonomien i drifta di, garantert, seier avlsrådgivaren.

– Og sæddosen kostar det same om du bruker den på rett eller feil ku, legg han til.

Svein-Egil tilrår å ta eit steg vidare og bruke kjønnsseparert sæd på dei beste kvigene og kjøtfe, gjerne Angus, på dei svakaste dyra.

– Då spissar du avlen på dei dyra som skal bli mor til framtidas mjølkekyr. I tillegg aukar du livdyrprisen med eit par tusenlappar og det blir meir kjøt til slakteria, seier Svein-Egil.

Middel avlsverdi i buskapen til Jostein er 10,1, men berre tre kviger har under tjue i gs-verdi, med 35 som høgste verdi. Fleire av kvigene har svært høge mjølkeindeksar. I tillegg har bonden og rådgivaren jobba systematisk for å betre fruktbarheita ved å heve kravet til avkomma, og fjerna dei svakaste oksane frå planen.

– Om Jostein no vil dreie avlen mot høgare feitt prosent har han lagt eit svært godt grunnlag for å lukkast med både mjølk og tørrstoff, seier avlsrådgivaren.

Myrjord: Tvillinghjul både på traktoren og rundballepressa er nødvendig når over halvparten av jorda er myrjord.

Høge gs-verdiar: Det vanka arbeidskle, t-skjorter og kapsar då Jostein tilfeldigvis var den som sende inn gs-prøve nummer 100.000 til Geno. Kalven 628 (privat foto t.v.) hadde 22 i avlsverdi, basert på foreldregjennomsnittet. Gs-testen justerte verdien opp til 35. Kalven har tydelegvis arva det beste frå begge foreldra. Kalven har spesielt gode indeksar for mjølk (115), jur (125) og lynne (121). Far er 12015 Vestbygda og morfar er 11033 Reitan2.

Kviga 612 (over) har 31 i gs-verdi og ein mjølkeindeks på 134. Far 11876 Alm og morfar er 11033 Reitan2.

Stikkord denne saka: , , ,