Meiningsfull kvardag: – Drivkrafta er ikkje å maksimere profitt, men å leve eit god liv, seier Ottar Flatland.

Frå stabbur til robot

Med eit topp moderne fjøs håper Ottar Flatland i Skorve samdrift at dei har sikra mjølkeproduksjon i Flatdal i mange år framover.

Liv Kristin Sola

Ottar mjølka i ei lausdrift frå 1986. Odd Arne Byberg og Tore Mæland dreiv i eldre båsfjøs.

– Fjøset mitt var for lite. Dei andre måtte fornye eller legge ned. Me valde å samarbeide, seier Ottar.

Skorve samdrift ligg i Flatdal i Seljord kommune i Telemark. Her har det vore jordbruk i alle fall attende til 1400-talet. Kring 40 bygningar fordelt på ti bruk er samla i ei klynge på det høgaste punktet i den flate dalen. Slik sikra dei bygningane mot flaumane som kunne legge heile dalen under vatn.

– Flaum er framleis ei utfordring. Det same er isbrann og tørke, seier Ottar.

Kvart bruk har sine teigar med jord på flatane ned mot innsjøen Flatsjå. Bøndene har gått i lag om eit felles vatningsanlegg. Dei har bora seg ned til grunnvatnet og plassert minst ein hydrant ved kvar av teigane. Ottar skryt av godt samhald og samarbeid mellom bøndene i bygda.

– Alle er best i lag – også bønder, seier bonden. 

Ottar er glad for støtta dei fekk, også frå bygdefolket, då dei bygde fjøs – eit av landets største i volum.

Nøkkelferdig fjøs

Tomta jobba dei fram sjølve, men med full drift på heimegardane vart dei samde om å kjøpe nøkkelferdig fjøs. Ottar sitt råd er å få mest  mogleg detaljar inn i kontrakten. Dei hadde avtale om dagsmulkt om prosjektet vart forseinka.

Fjøset er ein stålkonstruksjon med sandwichelement i vegger og tak. Sjølv om temperaturen kan krype ned mot 20 kuldegrader, valde dei lysopningar med gardin på langveggane. Overskotsvarme frå varmevekslaren vert nytta til å varme drikkevatnet til dyra. Bygget på rundt 1350 m2 har flyterenner med spalt. Gjødselkummen rommar 4000 m3.

– I praksis vert det meir husdyrgjødsel enn det som kjem fram i utrekningane, så me slengde på ein meter ekstra djupne, forklarer Ottar.

Reint mjølkefjøs: Fjøset har totalt 102 liggebåser. Velferdsavdelingen er stor med plass til 35 kyr. Ein romsleg kalvingsbinge ligg rett ved. Her får kalvane gå og får mjølk frå mora den første veka. Sjå fleire bilete og planteikning av fjøset her

Gira av ny teknologi: Med to mjølkerobotar, skraperobot og ein Lely Vektor er Skorve Samdrift godt rigga for framtida. Ein stor velferdsavdeling, blant anna til nykalva kyr, og ein stor kalvingsbinge, skal sikre god velferd rundt kalving. 

Mjølk frå mor

To Lely A4 mjølkerobotar er plassert sentralt i fjøset. På den eine sida er det plass til 59 kyr med tilgang til begge robotane. Velferdsavdelinga på andre sida har 22 liggebåsar og prioritet i den eine roboten.

– Etter å ha sett på fleire fjøs fekk me ideen om ein stor velferdsavdeling og god plass til kalving. Det har me aldri angra på, seier Ottar.

Alle tre har stor interesse for kyr oglang erfaring med mjølkeproduksjon. Dei var rimeleg samde om korleis dei ville ha fjøset.

– God tilgang til vatn og god plass, ikkje minst framfor robotane og i kalvingsavdelinga, er og viktig, slår Ottar fast.

Sinkuavdelinga har plass til 17 kyr og sjukebingen har fire liggebåsar. Ein stor kalvingsbinge med djupstrø kan delast av ved kalving. Kalven vert sikra nok råmjølk og får gå i lag med mora det første døgnet før kua går over i velferdsavdelinga. Den første veka vert kua sleppt inn til kalven fleire gonger i døgnet for at kalven skal drikke.

Fullmekanisert drift

Ein Lely Vector (fôringsrobot) registrerer fôrmengd på fôrbrettet kvar time og blander ny rasjon når det trengst påfyll. Kyrne vert fôra for ei yting på 10.000 kilo EKM. Miksen er ei blanding av ulike slåttar. Kraftfôret i mjølkerobotane vert tilpassa grovfôrkvaliteten. 30 dekar på
utsida av fjøset vert nytta til stripebeiting.

Ottar har ansvar for avlsplanlegging og inseminering. Han nyttar både Holstein og NRF. Bonden har prøvd seg med embryo, men lagt det litt på is. For Ottar er det viktig å avle fram haldbare kyr med god fruktbarheit og god jurhelse.

Leikar med avl: Ottar har god erfaring med amerikansk og kanadisk Holstein. Superkua etter amerikanske 33265 End-Road Beacon-ET har mjølka 14.600 liter i snitt dei tre første laktasjonane.

God økonomi

Målet var eit lettstelt fjøs. Det har dei fått. Kostnaden vart mellom 12 og 13 millionar. Drifta går bra og økonomien er betre enn det som ligg til grunn i driftsplanen og dei har vore i stand til å betale meir på lånet enn planlagt. Ottar er nøgd.

– Me har vore bevisst på kostnadane og prøvd å utnytte stordriftsfordelane, seier han.

Bonden trekker fram grovfôrproduksjon og buskapsplanlegging som viktige for økonomien i drifta. Skorve-bøndene driv grasproduksjon kvar for seg. Dei haustar tre slåttar på det meste av arealet. Grovfôret vert analysert og samdrifta kjøper 1500-1600 rundballar av det beste fôret. Resten nyttar dei til eigne dyr.

Enga vert brakklagd og pløgd etter behov, om lag kvart fjerde år i snitt. Ein del isbrann tvingar fram hyppigare fornying. Ottar direktesår med westervoldsk raigras året før fornying. Han nyttar ei blanding av timotei og engsvingel. Kløver vart for sårbar mot sprøyting og er kutta ut. For tida er strandrøyr under utprøving på eit skifte.

– Ikkje alt treng vere dynamittfôr. Jordprøvane viser lite kalium i jorda. Det merkast på legde i graset, erfarer Ottar.

Dei nyttar kunstgjødsel med ekstra kalium. Ottar er oppteken av gode og korrekte avlingar og prøver å tilpasse gjødsling til venta avlingsnivå på dei ulike teigane.

Vinnar av grovfôrkampen 2017: Jorda er god og kan gi høge avlingar. Det viste resultatet frå Avlingskampen i 2017, med 1322 kg tørrstoff og 1100 FEm per dekar. Avlingsgjennomsnittet på alt areal er i overkant av 800 FEm.

Flatdalbygda: 3000 dekar med fruktbar jord, men utsett for tørke, isbrann og flaum.

Best på grovfôr

Kunnskap og interesse for grovfôrproduksjon sende Skorve-bøndene rett til topps i grovfôrkampen 2017. I ein utfordrande sesong, først med isbrann, så mykje nedbør, hausta dei 1322 kg tørrstoff og 1100 FEm per dekar, på 20 dekar andre års eng som var med i tevlinga.

– Jorda er god og kan gi høge avlingar, men i gjennomsnitt på alt areal er avlinga i overkant av 800 FEm, seier Ottar.

Ottar er med på prosjektet Grovfôr 2020. Nyttig, skal me tru bonden. Ikkje uventa fann dei at grovfôrkostnadane generelt er låge, men kartlegginga avdekka relativt høge kostnader knytt til husdyrgjødsla. Han vurderer nedfelling eller slangespreiing, men mange små teigar og
lange avstandar gjer det tungvint. 

– Gjødselvogna er lettvint og praktisk, konstaterer bonden.

Kampen om mjølkelitrane

Ottar trur at dei som ønsker å halde fram som mjølkeprodusentar vil investere – og lukkast. Samstundes er han uroa over at kapital som burde vore nytta til å investere i driftsapparatet, forsvinn i høge kvoteprisar eller kvoteleige, og til kjøp av grovfôr.

Sjølv om dei driv stort her ved foten av det mektige Skorve-fjellet, meiner Ottar at det må vere rom også for deltidbønder og små kvotar.

– Drifta må baserast på ressursane. Her i Flatdal har dei tilgang til areal med god jord og kan ta høge grovfôravlingar. Det er eit privilegium, seier han.

Ottar er uroa over at så mange nye prosjekt er basert på eit usikkert ressursgrunnlag.

– At bonden ikkje eig ressursgrunnlaget for produksjonen sin, det er problematisk. Næringa tappast for store summar og bønder står mot kvarandre.

Ottar meiner kjøp og sal av kvote bør skje gjennom staten og at utleige bør ha ei avgrensa levetid, og på sikt avviklast.

– Telemark Bondelag fremja forslaget på Bondetinget i sommar. Diverre vart det nedstemt. Bondelaget vil gjerne gjere alle til lags, men tør ikkje skjære gjennom med ei klar retning for kvoteordninga, seier Ottar.

Han minner om at det ikkje finst lettvinte og smertefrie løysingar på desse spørsmåla.
– Det finst ikkje rettferd, berre nåde, seier bonden, og trekker på smilet.

Ottar trur at den største trusselen mot kvoteordninga er å ikkje gjere noko med innretninga. Samstundes åtvarar han mot forslaget om at utleigar må selje 20 prosent av kvoten til staten. Det vil ramme også reelle samdrifter.

– Sjølvsagt finst det folk som vil utnytte regelverket gjennom fiktive samdrifter. Men alt kan ikkje handterast med stadig strengare regelverk. Godt samarbeid bør ikkje straffast med redusert kvote, seier Ottar.

Må auka sjølvforsyninga

Ottar snakkar om matsuverenitet, matsikkerheit og sjølvforsyning. Han snakkar om bonden sitt samfunnsoppdrag; å produsere nok, god og trygg mat til befolkninga.

– Skal me klare samfunnsoppdraget, må sjølvforsyninga aukast. Alle endringar må vurderast opp mot eit overordna mål om sjølvforsyning. Då må me rå over eigen landbrukspolitikk, seier han.

Han meiner jordbruksoppgjera har for stor merksemd på inntektsmål, og etterlyser ei tydelegare retning for landbrukspolitikken.

– Inntekt er viktig, men inntekt utan retning vil på sikt svekke økonomien, meiner Ottar.

Flatdalsbonden tek til orde for å styrke kornøkonomien og auke kraftfôrprisen.

– Det vil stimulere til produksjon av korn i kornområda og auka grasavlingar i andre områder. Med dagens kraftfôrprisar er det mykje som tyder på at det ikkje er nok stimulans til å betre grovfôrproduksjonen, seier han.

Likt ansvar og like rettar

Dei tre bøndene i Skorve Samdrift er likestilt på alle område. Like stor kvote, leverer like mykje fôr til samdrifta, lik arbeidsfordeling og like mykje ansvar. Nettopp det at dei er likeverdige er viktig for eit godt samarbeid.

– Me har same interesse og innstilling til drifta og samarbeidet. Me utnytter kvarandre sine sterke sider og gjer kvarandre betre. Samstundes er det viktig at me er opne og ærlege mot kvarandre, understrekar Ottar.

Dei har ansvar i fjøset kvar si veke. Kvar tysdag samlast dei for å oppdatere kvarandre, planlegge, og gjere arbeid som er godt å gjere i lag.

– Då skal fjøset vere rydda og kontoret vaska, seier Ottar, og lener seg attende i stolen.
Bonden er nøgd med at dei har gjort sitt for å sikre mjølkeproduksjon i Flatdal i framtida. Om det er hans eigne born som skal drive dette vidare, det er ikkje så viktig for han. Ikkje kven som helst skal bli bonde.

 – Den som vel dette yrket må trivast med livsstilen – og ikkje telje timar, seier den erfarne bonden.

Sjølvmelding

Mest nøgd med: Livet som bonde. Drifta sett under eitt gir god økonomi. Eg har eit interessant og meiningsfylt yrke, og heftar meg ikkje med tankar om timebetaling.

Kunne vore betre: Vêret kan vere ein stressfaktor – men eg har eit avslappa forhold til mitt eige stress.

Tips til høgare avlingar: Ikkje køyr i hel enga med tungt utstyr og vurder faste køyrespor. Ta opp enga ofte nok og gjødsle rett. 

Klyngetun mot flaum: Det har vore jordbruk i Flatdal i alle fall attende til 1400-talet. Rundt 40 bygningar fordelt på ti bruk er samla i ei klynge på det høgaste punktet i den flate dalen. Slik sikra dei bygningane mot flaumane som kunne legge heile dalen under vatn.                                                                                                                                  

Gardsfakta 

Ottar Flatland og kona Elisabeth Swensen kjøpte garden av onkelen til Ottar i 1986. Bruket hadde nokre få sauer og ein sliten driftsbygning. I 1992 fekk dei kjøpe 74.000 liter av staten. I lag med sambygdingane, Odd Arne Byberg og Tore Mæland, etablerte han Skorve samdrift i 2014. I november same året flytte dei inn i nytt robotfjøs.

Kvoten er på 870.000 liter, likt fordelt på deltakarane. Dei disponerer kring 600 dekar dyrka jord kvar og sel grovfôr til samdrifta. Samdrifta eig mjølkekyrne. Ottar kjøper alle kalvane og sel drektige kviger attende til samdrifta. Dei har ansvar i fjøset kvar tredje veke.

Alle er heiltidsbønder med storfe og sau på eigne bruk i tillegg til samdrifta. Ottar har 70 vinterfôra sauer.

Stikkord denne saka: , , ,