BN+

Eit godt utgangspunkt: Mykje ligg til rette for at Heidi og Jon Line skal lukkast med lokalmat-satsinga. Ein allsidig produksjon med både mjølk, kjøt og egg frå eigne dyr. Kort avstand til Bryne-byen og Heidi sin kompetanse på å eige og drive butikk. 


Heidi og Jon Line sel Jærske Egg frå Line Gard til Coop-kjeda. Til våren opnar dei gardsutsal med sal av egg, kjøt og mjølk frå eigne dyr. – Me har nådd eit tak på volum, då må me tenke nytt, seier Jon.


Liv Kristin Sola


I over tjue år har Heidi og Jon Line drive med tradisjonell husdyrproduksjon, med mjølk og egg, samt kjøt frå storfe og litt sau. Jorda har dei nytta til allsidig grovfôrproduksjon. Det starta med 18 kyr og 82 tonn i kvote. Med jærsk pågangsmot har dei bygd ut og bygd om og starta både med egg og ammekyr.


– Me har alltid likt å vekse og utvikle drifta. Landbruket har hatt ei ekspansjonstid. No kan me ikkje lenger auke på volum. Då må me snu oss rundt og tenke annleis, seier Jon.


For Heidi og Jon betyr det blant anna å spisse kvaliteten og selje råvarer frå Line Gard, direkte til forbrukar.

Frittgåande høns

I 2012 bygde dei om hønsehuset frå bur til frittgåande aviarsystem. Systemet var nytt og mange var skeptiske, men Karin Hansen hjå Innovasjon meinte det var framtidsretta. Heidi og Jon høyrde på rådet og har aldri angra.


– No er det mykje meir interessant å drive med eggproduksjon, sjølv om det tek meir tid, seier Heidi.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , , , , ,