Sjonglerer familieliv og gardsdrift: Trond er bonde på heiltid, medan Johanne syt for kjærkomne inntekter utanfor bruket. Ho skulle gjerne vore meir aktiv, men dei må gjere nokre kompromiss for å få kvardagen til å fungere som småbarnsfamilie.

Det starta med 122 søyer, men begge hadde ein kvote i medgift. I dag er Johanne og Trond Grødem mjølkeprodusentar i nytt robotfjøs.

Liv Kristin Sola

Våren 2012 var Trond tittgjengd i sauehuset på Grødem, der Johanne hadde ansvar for dei 122 søyene som skulle lemme. Då sauene kom ut på grønt gras, flytte Johanne til Trond. Trond vaks opp med sau og mjølk. Som yngst av tre brør var han aktiv med i drifta, men draumen om å bli bonde var ikkje det som prega ungdomstida. For Johanne var det annleis. Odelsjenta ville jobbe med dyr. Ho ville overta garden og
utvikle den slik ho ville. Før lemminga 2013 flytte dei begge til Grødem. Same året gifta dei seg og i januar 2014 overtok dei garden.

– No er det vår gard, ikkje berre min, seier Johanne.

Trond ville ha Johanne. Om ho ville ha sauene sine, var det heilt greitt for han. Men det varte ikkje lenge før også Trond vart engasjert i gardsdrifta.

Kvifor?: Ein fireåring har mange spørsmål og Olav utfordrar gjerne sine foreldre på krevjande tema.

Gi gass eller gi seg

Mjølkekvota på 145 tonn var utleidd i samdrift. Trond var i full jobb som gravemaskinførar hjå Jærmaskin. Johanne hadde fått fagbrev og var tilsett i lærebedrifta. Johanne og Trond vurderte ulike alternativ. Ammeku, gris eller fortsette med sau. Uansett måtte dei investere og målet var at ein av dei skulle vere bonde på fulltid. Då vart mjølkeproduksjon det beste – og dyraste, alternativet.

– Me måtte gi gass eller gi oss, seier dei unge bøndene.

Ein prat med Trond sin familie ting meir på plass. Johanne og Trond kunne leige kvoten og kjøpe fôr. Oksane kunne dei selje til framfôring på Eikeland.

– Dei var ikkje vanskelege å be. Me har eit kjempeflott samarbeid. Dei er heilt fantastiske, skryt Johanne.

Bygde fjøs utan kyr

Johanne og Trond planla fjøs i 2015, men Innovasjon Norge var tom for pengar og prosjektet vart flytta til 2016. Trond slutta i jobben i mars og satsa alt på byggestart i april. Tomta var stukke og gravemaskinen stod klar då Johanne ringte IN 15. april.

– Dei sa endeleg ja. Det var heilt magisk, seier Johanne.

Same dagen sette gravemaskinen tennene i jorda. Johanne og Trond hadde besøkt fleire fjøs og snakka mykje om ulike løysingar. Mange meinte mykje. Til slutt måtte dei berre bestemme seg for kva dei ville sjølve, og gjere det skikkeleg.

Målet var å bygge arealeffektivt, men samstundes ha høg standard for dyrevelferd. Difor bygde dei velferdsavdeling, sjølv om det framleis var litt råflott i 2015. Ei god løysing for kalvane var den største utfordringa. Dei valde kalverom med eigen ventilasjon for kalvar under fire
månadar.

– Det var gildt å bygge fjøs, seier Trond, vel vitande om at dei var i ein unik situasjon som ikkje hadde mjølking og fjøsstell å ta seg av under byggeprosessen.

18. november 2016 kom det 26 kyr frå båsfjøset på Eikeland til robotfjøset på Grødem.

– Det var stort, seier Johanne.

 

Ope og romsleg: Fjøset har 62 kubåsar, 24 av dei er delt mellom sinkuavdeling, velferd, kalvings- og sjukebinge. Det er plass til 25 kalvar under fire månadar og 35 kviger.

Gardsfakta 

Johanne og Trond Grødem overtok familiegarden til Johanne på Grødem på Nærbø på Jæren i 2014. Dei har sønene Olav (4,5) og Torje (7 månadar).

Trond har fagbrev som maskinførar, men er no bonde på heiltid. Johanne har fagbrev som industrimekanikar. Ho har for tida permisjon frå jobben som produkt- og utviklingsmedarbeidar hjå Serigstad Agri. Trond er agronom frå vinterlandbruksskulen.

Dei har 70-80 vinterfôra sau, 43 mjølkekyr og ein kvote på 315.000 liter. 170 tonn leiger dei av Trond sine foreldre, Ingunn og Terje Jensen på Eikeland i Time. Johanne og Trond eig 130 dekar dyrka jord og 160 dekar innmark. Dei har avtale om leige av beite og fôrkjøp frå Eikeland. Oksekalvane vert selde til Eikeland.

Identitet til garden

Johanne trivst i jobben hjå Serigstad Agri. Samstundes skulle ho gjerne jobba meir på garden.

– Eg slit med identiteten i forhold til garden, seier Johanne.

– Eg hugsar ein gong eg kom heim frå kurs – i kjole og høge sko, og møtte Trond i fjøsklede. Det slo meg at dette er så langt frå den eg er. Eg skulle jo drive gard, stelle dyr og lukte fjøs. Kven er eg i forhold til garden? seier Johanne.

Det var ho som i si tid ivra mest for garden. No har Trond det daglege ansvaret og dei er avhengig av hennar løn. Ho leverer og hentar i barnehagen, og har middag klar klokka fem. Trond prøver å vere ferdig med fjøsstellet til middag. Det gir dei eit par timar i lag alle fire, før Olav og Torje må legge seg. Den tida er viktig.

– For oss fungerer det slik. Eg ofrar timar i fjøset, og Trond må ofte ofre opplevingar i lag med oss, seier Johanne.

I møte med andre kvinnelege bønder fann ho ut at ho ikkje er åleine om å kjenne det slik.

– Det er faktisk godt å vite, seier Johanne.

Helgene er best

– Me kan bytte på ansvar om me vil, men eg trur både gutane og dyra har det meir stabilt når me har ansvar på kvar vår plass, seier Trond.

– Helgene er best. Då kan me bruke god tid i fjøset, svare på alle spørsmål, og Olav kan drive på i sitt tempo, seier Johanne.

Dei har avløysar annan kvar helg, og oldemor og oldefar til Olav og Torje kan trø til som barnevakt på to minutts varsel.

– Heilt ærleg – det aller beste er når me har barnevakt og Trond og eg kan stelle fjøset i lag. Det er heilt magisk, helst betre enn å ha avløysar, seier Johanne.

Dei små viktige tinga

Johanne og Trond snakkar mykje i lag om kva dei skal prioritere av arbeidsoppgåver og investeringar.

– Det er viktig å ha ein å diskutere med og at Johanne forstår at somme tider må eg prioritere garden – sjølv om eg heller ville vore med henne og ungane, seier Trond.

– Ein bonde er ferdig når jobben er gjort, slår han fast.

Trond saknar ikkje livet som lønsmottakar. Han er nestleiar i produsentlaget på Nærbø og dei er ein gjeng bønder som møtast med ujamne mellomrom. Telefon og snapchat er flittig brukt.

– Slike små, idiotiske ting som er så viktige, seier han.

Johanne og Trond er aktive på kurset Friskare kyr gir glad bonde. Kurset gir inspirasjon og kunnskap og har ført til fleire endringar på garden. Blant anna vart dei inspirererte til å ta i bruk fleire whiteboard-tavler både i fjøs og sauehus. Tavlene gir god oversikt og nyttig informasjon – og sparer dei for mange telefonsamtaler. 

– Hadde du teke frå meg tavlene, hadde det vore kritisk, seier Trond.

 

Sjølvmelding

Mest nøgd med: At me turte å satse på mjølkekyr. I fjøset er me mest nøgd med velferdsavdelinga.
Kunne vore betre: Mjølkeytinga, men satsar på høgare yting når me får bygd opp buskapen.
Tips til andre: Sats på det du har mest lyst til og gi gass!

Oversikt: Whiteboard-tavler heng både i fjøset og i sauehuset. Heilt unnværlege, meiner bøndene.

Eige rom: Kalvene er plassert i eige rom med eigen ventilasjon dei første fire månadane.  

 

Midt i fjøset: Roboten er skiller mjølkeavdelinga frå sjukebinge, sinku-, velferd-, kalvingsavdeling.

Dyrke dekar for dekar

– Me må finne ut kva og kor me vil, og bygge garden trinn for trinn. Samstundes må me tenke stort, større enn garden, seier Johanne.

– Og vere litt tålmodige, legg Trond til.

På lenger sikt ønsker dei seg nytt maskinhus og smalehus, men først må dei dyrke meir jord og auke grovfôravlingane. Dei har 160 dekar gjødsla innmark, kring 100 dekar er dyrkbart.

– Me skal klare oss med 200 dekar gras i tillegg til det me får kjøpt hjå mor og far, seier Trond.

Driftsplanen tek høgde for at dei må kjøpe mykje grovfôr, men ikkje til dei prisane som har vore dei siste to åra. For å klare ein fôrfattig vinter, har dei redusert talet på sauer og kjøpt 60 tonn halm.

– Eit lykketreff. Behovet for rundballar er redusert frå 4-500 til 200, seier Trond.

Halm fungerer så bra til kviger og sinkyr at det vil dei halde fram med. Blandinga består av fire kilo halm og ti kilo blaut tredjeslått per dyr per dag frå ungdyra er seks månadar. I tillegg får dei 2,5 kilo kraftfôr frå dei er fire til tolv månadar, deretter 1,2 kilo fram til dei er drektig. Drektige kviger får mineralbolus. Dei vurderer å supplere med proteinkraftfôr for å auke proteininnhaldet i fôrrasjonen. Rundt to veker før kalving startar opptrapping til mjølkefôr.

Om hausten legg dei planar for vinterfôringa i lag med Tinerådgivar, Liv Egeland. Det beste surfôret vert nytta til mjølkekyrne. Dei har fri tilgang til grovfôr og får i tillegg Favør Premium 70 og Fiber Elite. Rådgivaren justerer kraftfôrrasjonen til kvar ku basert på yting og hald.

– Haldvurderingskamera var eit nyttig investering for fôre rett mengde kraftfôr gjennom heile laktasjonen og ta ut potensialet i dyra, seier Trond.

Fryktar import

Johanne og Trond trivst med ein variert arbeidsdag. Dei blir motivert av å sette seg mål, av å skape noko og heile tida forbetre seg. Stå for eigne val og sjå konsekvensane.

– Når sauer og lam kjem på beite om våren er det verd kvar time i fjøset og lite søvn i lamminga, seier Trond.

– Me veit at dyra våre har det bra og at me produserer god og trygg mat, seier Johanne.

Trond meiner bøndene må henge med i tida og produsere det forbrukaren vil ha

– Skal me overleve som bønder må me tørre å ta i bruk ny teknologi og ny kunnskap og vere i dialog med forbrukaren. Alternativet er import, det er pengar ut av landet og tap av arbeidsplassar, seier Trond.

– Import er den største trusselen. Å velje import framfor norsk mat har konsekvensar, det må me opplyse forbrukaren om, seier Johanne.

 

Helgene er best: Lange dagar i lag heile familien – det er kvalitetstid.

Alltid i farten: Både far, farfar og Olav køyrer John Deere, men Olav sparer til New Holland. 

Sparer til New Holland

Johanne har henta Olav i barnehagen. I dag har dei steikt lappar som dei skal ha med seg på gamleheimen i morgon.

– Me er gledesspreiarar. Me besøker dei gamle. Dei vinkar og smiler, seier Olav, og slikkar sjokoladekremen av kjeksen.

– Eg elskar å vere hjå sauene og kyrne. Når eg blir stor skal eg hjelpe far i fjøset heile tida. Eg elskar å køyre traktor og hjelpe far å fôre. Me blander halm og den blaute siloen til ungdyra og dei andre kyene, men dei kyene som mjølker får den beste siloen, forklarer fireåringen. Far køyrer John Deere, men Olav sparer til New Holland og til lesseapparat.

– New Holland har så fine tak og så fin farge. Og farfar, han treng lesseapparat, konstaterer Olav.

– Me har høner og me skal få kyllingar. Då legg hanen eit frø i høna. Men korleis, mor?

Mor svarar etter beste evne medan dei tek på støvlar og jakke.

– Du kan få sjå fjøset vårt, og sauene og hønene. Kom, seier Olav, og er allereie på veg ut dørene.

Det starta med sau: Johanne og Trond har 70-80 vinterfôra sauer som held til i det gamle kufjøset. 

Stikkord denne saka: , , ,