Lange tradisjonar på Jakobgarden: Knut Ole og sonene Håkon og Jakob er to ledd i ei rekke generasjonar med Knut og Jakob på garden Overaa i Liabygda.

 

Knut Ole Overaa har bygd opp produksjonen på garden slik at han og gutane kan leve av drifta. – Det kjennes godt, men har sin pris, vedgår bonden.

Liv Kristin Sola

 

Ein ny driftsbygning fangar blikket frå vegen når ein passerer Liabygda i Stranda kommune på Sunnmøre. Det nye fjøset er siste tilskot til drifta hjå Knut Ole Overaa og dei to sønene, Jakob og Håkon. Fjøset er på 1100 m2 og kan huse 50 ammekyr pluss oksar og kviger. Frå før har dei 16 mjølkekyr og 130 vinterfôra sauer.

– Skal eg leve av dette måtte eg auke produksjonen. Det kravde nyinvestering, seier Knut Ole.

  • Fjøset med 16 mjølkekyr dannar på fleire måtar grunnlaget for at bonden kan satse slik han har gjort på garden, både økonomisk, men mjølka gir bonden også ein ny moglegheit når storfekjøtproduksjonen ein dag når taket.

Knapt med grovfôr

Tanken var å satse på smågrisproduksjon. Noko han vart sterkt frårådd. Handlingsrommet og støtteordningane peika mot ammekyr  og storfekjøt. Det vart avgjerande, sjølv om det vil endre grovfôrstatus frå overskot til underskot.

– Eg har dyrka 30 dekar og haustar totalt 12-1400 rundballar og supplerer med eit par vogntog med halm. Halm fungerer fint til ammekyr, konkluderer han.

Årets vekstsesongen er ikkje optimal, men tørken ramma ikkje så hardt hjå Knut Ole i Liabygda som mange andre stadar. Avlinga er om lag 70 prosent av eit normal år, men bonden håper på ein fin tredjeslått.

– Situasjonen er ille for mange, men for sauenæringa kan det bidra til ein betre marknadsbalanse, på sikt, seier sauebonden.

Han veit han kan oppfattast kynisk, men balanse i marknaden er viktig for økonomien i ein kvar produksjon. Må bremse i tide

– Vi har sett det gong på gong. Sist med sauen. Midt i den storstilte satsinga var overproduksjonen eit faktum, medan politikarar og landbruket sjølv stod mållause og lurte på korleis det gjekk til. Mønsteret er det same, men me er ikkje i stand til å lære av det, seier bonden.

– Satsinga på ammeku skjer i stor grad i korndistrikta. Dei har store areal, gode fjellbeite og god tilgang til halm. Men det gjer noko med strukturen i landbruket. Korleis kan vestlandsbonden drive like rasjonelt og til same kostnad som i flatare områder? I tillegg til meir ustabile tilhøve, har me færre entreprenørar som kan nyttast til leigekøyring. Det betyr at me både må ha maskinar og tida til å klare alt åleine.

Lettstelt drift: Knut Ole har bygd eit ope og lettstelt fjøs der minilastaren er eit viktig arbeidsreiskap. Her med Jakob (12) hengande på utsida og Håkon (9) trygt ved rattet.

Knut Ole sjonglerer mellom fleire produksjonar, både fordi han likar utfordringar, men like mykje for å ha fleire bein å stå på. Å satse alt på eitt kort er sårbart. Stabiliteten i mjølkeproduksjonen dannar grunnlaget for å klare andre investeringar.

– Det nye fjøset er planlagt for enkel omorganisering til mjølkeproduksjon med robot. Når marknaden for storfekjøt kollapsar, flytter eg mjølkekyrne over i ammekufjøset, seier bonden.

Gardsfakta

Knut Ole Overaa overtok heimegarden i Liabygda på Sunnmøre i 2009. Sønene Jakob (12) og Håkon (9) bur hjå Knut Ole annan kvar veke.

Sidan han overtok har han bygd opp husdyrproduksjonen til å omfatte 130 vinterfôra sau, 16 mjølkekyr med påsett og nytt ammekufjøs med plass til 50 kyr og full framfôring. Mjølkekvoten er på 110 tonn, inkludert ein leigekvote på 50 tonn. Knut Ole disponerer 250 dekar dyrka jord og presser 12-1400 rundballar. Beitene omfattar 150 dekar kulturbeite i tillegg til utmarka.

Knut Ole sper på inntekta med litt brøyting vinterstid Håkon er spesielt interessert i mekaniske utfordringar, medan Jakob tek ansvar  for dyra og er den som held orden på bruket. Begge gutane er aktive i Valldal trialklubb.

Utfordringar i kø

Ikkje mindre enn 10.000 m3 med fast fjell måtte vekk for å planere grunnen til det 1100 m2 store ammekufjøset, som var planlagt med spalt og full kjellar. Ein lokal entreprenør trengde massane, noko som reduserte kostnaden med grunnarbeidet.

– Eg må takke min gode nabo, Hildegunn Ansok, som let meg kjøpe grunnen som fjøset står på, seie Knut Ole.

Resten av byggeprosessen gjekk ikkje like smertefritt. Spalt med open løysing var ikkje godkjent då fjøset var under planlegging, noko bonden ikkje ville akseptere. Han kontakta statsråd Dale og inviterte til gards. Ikkje lenge etterpå vart denne type golv godkjent. No ventar han statsråden på vitjing for ei offisiell innviing av fjøset seinare i haust. Fjøset skulle stå klar til innflytting i oktober i fjor, men Klepp-firmaet som leverte sandwichelementa fungerte dårleg. Montørane, som var austeuropeiske arbeidarar hyra inn av norsk firma, hadde mangelfulle instruksar, dårleg tilrettelegging og dårleg kommunikasjon med Klepp-firmaet.

– Arbeidsfolka reiste heim då kontraktperioda deira var over. Eg stod attende med halvferdig fjøs.

Det var då Mattilsynet ringde. Dei hadde fått ei bekymringsmelding.

– Eg forklarte situasjonen, dei sende meg eit skriftleg krav med to vekers frist til å få dyra inn. Elles kom dei til å slakte dyra. Eg eksploderte. Som om eg ikkje brydde meg! På grunn av mykje regn såg det ikkje såg bra ut, men eg jobba livet av meg for å fullføre bygget.

Mange telefonar og store ekstrakostnadar ga dyrkjøpte erfaringar. Bonden rår andre til å gjere ein betre sjekk av leverandørane får dei inngår avtalar.

Kjøt eller mjølk?:  Når marknaden for storfekjøt kollapsar, flytter eg mjølkekyrne over i ammekufjøset, seier Knut Ole.

Fleirbruk: Kalvingsbingane har gummispalt, ein fangfront og resten er liggande røyr. Bingane vert nytta til ungdyr når det ikkje er kalving, og bonden saknar fangfront langs heile fronten. Gummispalt kunne han også vore forutan, då det gjer reinhaldet meir krevjande. Når det er ku og kalv i bingen, nyttar han ei kalvehytte med halm inne i bingen til kalven.

Rase tilpassa drifta

I slutten av november var fjøset klar til innflytting. Prislappen vart på ni millionar. Fjøset har 50 liggebåsar til 50 kyr med full framfôring, sjukebinge, oksebinge og fem kalvingsbingar. Veggane er 3,6 meter høge for å auke luftkapasiteten og ha god plass under taket.

Knut Ole har prøvd fleire rasar og kryssingar og kome fram til at han vil satse på charolais.

– Dei passar best i mitt driftsopplegg med greitt lynne, lite kalvingsproblem og ok morsevne. Den store fordelen er god kjøtfylde og høg tilvekst, seier Knut Ole.

Planen er å ha flest kalvingar om vinteren, ta oksekalvane frå før beiteslepp og fôre dei inne fram til slakt neste vår. Målet er å avle fram ein god buskap gjennom å inseminere og betre morsevna. Bonden satsar på livdyrsal og sel gjerne ein avlsokse til Staur.

– Den skal avlast fram her på garden, eg tek ingen snarvegar. Gamle dyretråkk som er opna opp og opparbeidd gjennom veldig lang tid gjer beiteområda attraktive for turgåarar og syklistar.

– Dei må gjerne bruke områda, meneg blir oppgitt når somme har så lite respekt at dei øydelegg gjerdet eller lar grinda stå open slik at dyra kjem ut, berre for å gjere det enkelt for seg sjølv, seier Knut Ole.

Kraft og balanse: Med far som ivrig støttespelar, satsar Håkon (t.v.) og Jakob på rå motorkraft og hårfin balanse på trailsyklane. Gardsrommet med bakkar og hinder fungerer godt som trailbane.

Stordriftsfordelane er spist opp

Bonden sit framoverlent i sofaen på terrassen. Mellom ein slurk kaffi og jordbær frå nabobygda Valldal, snakkar han engasjert både om drifta, landbrukspolitikk og om gutane sine. Jakob og Håkon er hjå faren anna kvar veke.

Fikser det meste: I lag med farfar, Ole Jakob, er Håkon ein ivrig mekanikar som tek utfordringar på strak arm. Her er det ein gammal Ford som treng nye slangar til radiatoren.

– Ekteskapet skranta nok før bygginga starta. Kona hadde full jobb i tillegg til alt husarbeidet og oppgåva med å følgje opp lekser og aktivitetar med gutane. Eg sleit med å følgje opp i same tempo. Eg var nok heller ikkje god nok til å involvere kona i drifta, men det har heller ikkje vore økonomisk grunnlag for. Vi kan ikkje basere landbruket på gratisarbeid på fritida, reflekter Knut Ole.

– Garden vart både ein arbeidsplass og hobby. Eg må bli flinkare til å skilje arbeid og fritid, seier Knut Ole og rådar andre til å prioritere familien, også i travle periodar.

– Reis vekk frå garden med jamne mellomrom. Få garden på avstand og tenk over dei viktige tinga i livet, rådar han.

Knut Ole rosar sønene. Eldstemann Jakob tek mykje ansvar og er til god hjelp for faren, spesielt i lamminga.

– Jakob har god oversikt, er roleg med dyra og er til å stole på. Difor får han også mykje ansvar, seier Knut Ole.

Håkon trivst best med å skru på maskinar, traktorar og alt anna som treng overhaling, gjerne i lag med farfar, Ole Jakob. For tida arbeider dei med ein gammal Ford.

– Radiatoren er øydelagd. Eg må byte nokre slangar, seier yngsteguten, og viser fram traktoren.

Avløysarordninga mogen for revisjon

– Eg skal bli betre til å vere til stades for gutane og heller leige inn meir hjelp, seier Knut Ole, som vurderer å sjå seg om etter fast avløysar.

Investeringane har gjort at han har prioritert å bruke avløysarordninga til arbeidstoppane om våren. Knut Ole meiner det er på høg tid å sjå på korleis avløysartilskotet er innretta.

– Tilskotet bør følgje produksjonsvolumet på garden og ikkje ha ei maksgrense. Det handlar både om dyrevelferd og helsa til bonden. Tidsklemma går ut over familielivet. Valet om å auke produksjonen er eg sjølvsagt personleg ansvarleg for. Men skal vi overleve som
heiltidsbønder er det ikkje så mange andre moglegheiter. Makstilskotet stoppar før ein når ein produksjon det er mogleg å leve av, seier Knut Ole.

Kvar for seg ville dei tre produksjonane på garden utløyst fullt avløysartilskot. Med alle produksjonane registrert på ein drivar, får bonden berre eitt tilskot. Sjølv om kostnaden med avløysing vert tre gonger så høg.

Mobil kraftfôrtank: Når kraftfôret skal fordelast kan heile kraftfôrtanken hektast på traktoren og utfôringa skjer ved hjelp av ei skrue i botn.

– Eg kan ikkje ta fri berre frå ein produksjon. Eg har diskutert det med Bondelaget, men responsen var ikkje så god. Dei viser til at avløysartilskotet skal nyttast til ferie og fritid. Greitt nok. Med 130 sauer og fullt avløysartilskot, hadde eg hatt sommarferie. Men eg vil leve av garden og husdyra. Det går ikkje med 130 sau.

Knut Ole ser gjerne at avløysarordninga vert endra slik at bonden kan få hjelp til å klare arbeidstoppane for å ta vare på familien og sikre god dyrevelferd, også i travle tider.

– Med dagens krav til effektivisering kan vi ikkje unngå toppar som krev ekstra hjelp, uansett korleis du planlegg drifta. Avløysing er dessutan i såkalla gul boks, i tråd med den type tilskot som EU ser positivt på, seier Knut Ole.

Jakobgarden

Jakobgarden står det støypt inn i fjøsveggen med store bokstaver. Namna har vore Jakob og Knut i generasjonar her på garden. Kor mange generasjonar er Knut Ole usikker på. Det er ikkje så viktig. Bonden tenker framover.

Knut Ole er utdanna agronom med studiekompetanse frå Gjermundnes på Sunnmøre og agroteknikar frå Søgne på Agder. Nettverk er viktig, å ha kontakt med bønder over store delar av landet til å diskutere med og lære av betyr mykje.

– Eg må innrømme at jærbøndene fasinerer meg. Dei blir motivert av utfordingar og ser moglegheiter lenge før andre rekk å tenke tanken. Vi må ta nokre sjansar. Landbruket har få fasitsvar. Berre gjennom å prøve og feile kan eg finne ut kva som er rett for meg, seier
Knut Ole.

Sjølvmelding

Nøgd med: Fjøset er lettdrive og har lite mekanikk som kan gå sundt.
Forbetring: Gummispalt i kalvings-/ungdyrbingane gjer det vanskeleg å halde reint. Liggande røyr i dei same bingane skulle vore skifta med fangfront.
Tips til andre: Bruk god tid til å sjå på fjøs og finn eit fjøs du likar.

Framleis på bås: Med16 kyr på bås og 110 tonn i kvote, er mjølka ein stabil og viktig inntekstkjelde når drifta på garden skal utviklast.

Stikkord denne saka: , , ,