I år er utmarka gull verdt

Reportasjar

Setergjengen: Olav Fundlid (til venstre), Haakon Nordstoga, Håvard Draugedal, Aanond Vasshus, Torjus Draugedal, Aasmund Nordstoga og Knut Draugedal var samla på Englandsmo denne varme sommardagen i juli. Gutane tok ein kjapp pause frå badinga i kulpen, for å vere med på bilete.

På Englandsmo fellesseter har tre bønder tilgang til viktige fôrressursar i utmark og fjellbeite. I tørkeår som dette er det avgjerande, meiner bøndene.

Jane Brit Sande

I 1978 bygde åtte bønder frå Vinje ei seter der mjølkekyr kunne nyte sommaren i frisk fjelluft. Dei dyrka 269 mål på ei flate, sånn omtrentleg midt mellom Møsvatn og Totak, 920 m.o.h. I tillegg bygde bøndene driftsbygning med mjølkegrav, og røktarhytte. Englandsmo fellesseter har vore i drift sidan 1980.

– Området var eit godt utgangspunkt. Her er eit stort, flatt og lettdyrka område, seier Knut Draugedal.

Det var svigerfar hans som tok initiativ til setra, og seinare har Knut og kona tatt over både gard og seter. Totalt er det 50 mjølkekyr på setra i år. Vinje-bøndene Aasmund Nordstoga og Olav Fundlid sender også dyra sine til Englandsmo om sommaren.

– Me har ein god fôrressurs her oppe. Det er lett å skjøne kvifor utmark, fjellbeite og seterdrift var så viktig før i tida. I tørkeår som dette er det ein avgjerande ressurs for oss også, seier Aasmund.

Seterfakta

Englandsmo fellesseter ligg i Vinje kommune, mellom Møsvatn og Totak. Seteranlegget vart etablert i 1978.

Tre bønder er del av fellessetra: Knut Draugedal, Olav Fundlid og Aasmund Nordstoga. I år er 50 kyr oppe på Englandsmo, pluss ungdyr. Totalt 76 dyr.

På setra er det bygd driftsbygning med mjølkegrav, og eit tilhøyrande lager. Det er også eiga røktarhytte. Til setra høyrer 269 mål dyrka mark og ca. 3000 mål inngjerda utmarksbeite.

Høgt til fjells: Setra ligg på 920 m.o.h., omtrentleg midt mellom Møsvatn og Totak. Skjermdump frå Google maps.

Fôrressurs

Setra er meir enn frisk fjelluft og «ferie» frå mjølking. Den er også ei viktig fôrressurs for bøndene.

– Her er det pløgd eng, i kombinasjon med utmark. Konsentrert kalving seint på hausten gjer at me får nytta ressursane. Avsina kyr blir sendt på utmarksbeite, seier Knut.

– Men å nytte desse ressursane kostar sjølvsagt i ettersyn og gjerding, samstundes får me tilgang til mykje bra fôr. Me trener kalvane på beite heime, og sender dei på utmarka i lag med ungdyra ca. første juli, når alle er godt over seks månadar gamle. Dei har lagt på seg når dei kjem heim, seier han.

Utmarks- og fjellområda betyr at bøndene har areal til å fôre opp fleire dyr.

– Når me flyttar dyra til beite, sparar me ressursane heime ved at me får ned belastninga på dei lettdrivne jordene nærast garden, seier Knut.

Bøndene fortel om innmark som ikkje kan vatnast, som står utan avling i år. Dei håpar andreslåtten vil kome betre i gong.

– I år er utmarka gull verdt, særleg utmark med myr og dalrenner, og utmark som ligg høgt til fjells. Det har vore frodigare i høglandet i år, seier Knut.

– Hadde det ikkje vore for setra, kunne eg ikkje tatt sjansen på den utvidinga eg planlegg heime, seier Aasmund, som planlegg ny driftsbygning med mjølkerobot, og utviding av produksjonen.

Bøndene kan også ta slått på setra.

– Me brukar å slå nysådd areal, og pakkar graset i rundballar som me nyttar som tilleggsfôr på setra. Vanlegvis slår me kring 20 mål. I fjor gjekk det ikkje på grunn av bløyta, og i år vil det heller ikkje gå, på grunn av tørken, seier Knut.

Mykje tid til vatning

Tørken har markert seg på Englandsmo denne sesongen. Grasveksten lar vente på seg, og gulfargen dominerer markene deira.

– I år har me fått løn for å ta vare på vatningsanlegget dei 15 åra det har stått nærast unytta. Me starta sjølvsagt vatninga litt for seint, om lag ei veke. Det er jo gjerne slik, at når me forstår at det blir tørke, så burde me allereie vore i gong med vatninga, seier Knut.

– Men vatninga har redda sommaren, det er det ikkje tvil om.

All vatninga kostar tid og krefter.

– Det har ført til at me må nedprioritere anna arbeid me hadde planlagt å gjere, både heime og på setra. Eg skulle grøfte og drenere, men i år er det vatning som betyr noko. Eg er heldig som har vatningsanlegg begge plassar, seier Knut.

Viktig fellesskap

Olav har hatt buskapen sin på Englandsmo i sommarvekene sidan 1985, då var han ein av åtte bønder.

– Alt var på stell; vaktplanar var satt, og det var lagt ein plan for våronn og slått. Det var eit godt fellesskap her oppe, fortel han.

– Det er godt med «fri» frå mjølkestellet. Hadde eg ikkje hatt høve til å ha dyra på ei seter eller eit fellesbeite, hadde eg nok slutta med mjølk for 25 år sidan, erkjenner Olav.

– Det hadde vore heilt utenkeleg å vere aleine med buskapen her. Eg er glad for at dei andre vil vere med. Det er ei glede både å ha dyra vekke frå garden ein periode, og å ha fellesskapet her, seier Knut.

Gjennom sommaren er det hovudsakleg eit ektepar frå Litauen som er røktarane. Bøndene sjølve avlastar dei nokre helger, pluss ei heil veke.

– Men for oss er det meir ei feriekjensle med den arbeidsveka. Ungane trivast her oppe, her er badeplass og boltreplass, og det er populært å vere med og hente dyra, seier Knut.

Vedlikehald løner seg

Driftsbygningen frå 1978 er fortsatt i bruk. Dei einaste moderniseringane som er gjort, er badet inne i hytta. I vår bytta dei brønn. Heldigvis, tørka kunne ført til problem med vasskvaliteten. I fjøset er det 2×6 mjølkestall, sjukebingar og eit lager som også kan nyttast som ly for dyra dersom det er naudsynt.

Oppe på fjellet: På 920 m.o.h., mellom Møsvatn og Totak, kan me finne Englandsmo fellesseter. Her har dei 269 mål dyrka, og ca. 3000 mål inngjerda utmarksbeite. Seteranlegget vart etablert i 1978.

Rom for leik og moro: Torjus Draugedal likar godt å vere med til setra. Her er god boltreplass, ein kulp å bada i, og mykej meir.

– Driftsikker og enkelt, seier Knut om mjølkegrava.

– Med gradvis vedlikehaldsarbeid kvar sesong, held bygningar og utstyr fortsatt, seier han.

Tankbilen frå Tine er oppe på setra og hentar mjølka fleire gonger i veka. Sommarmjølka gir ekstra betaling, og med konsentrert kalving på seinhausten får dei også nytta utmarksbeita optimalt. I tillegg til det dyrka arealet, har dei meir enn 3000 mål inngjerda utmarksbeite på Englandsmo. Beitesesongen går over 11 veker. I år var dei på plass med mjølkekyrne 14. juni. Med den overraskande tidlege våren i år, kunne dei sleppt dyra på beite tidlegare. Dyra blir avsina i puljar, frå 20. august.

Dyrehelse

Når fleire produsentar skal sende kvar sin buskap til same beite, kan uønskte komplikasjonar oppstå. Kona til Knut er veterinær i Vest-Telemark, og ein god alliert for seterbøndene.

– I år fekk me eit hopp i celletalet, som har vore utfordrande og stressande. Me har jobba systematisk, og eliminert feila. No håpar me at me beheld elitemjølka. Det er litt stressande, men det er godt å ha noko å bryne seg på, seier Knut.

– Dyra dett litt i yting, og me tapar litt på det. Men me tener blant anna på fridomen, og at utmarka og fjellressursane blir nytta, seier han.

– Me er også samde om å ikkje kjøpe dyr langvegsfrå, som eit tiltak mot smitte av klauvsjukdomar og anna, seier Aasmund.

Til seters: Kyrne nyt livet på fjellet. Bøndene erfarer at dei får oppstartsproblemer, i form av høgare celletal. – Me må jobbe litt for å halde på elitemjølka. Det er litt stressande, men det er godt å bryne seg også, seier Knut.

Sjølvmelding

Mest nøgd med

Med denne ordninga får me fridom til å gjere mykje arbeid heime; slåttearbeid, vasking av fjøs, reparasjonar, vedlikehald og ombygging av fjøs. Når me er tre bønder, deler me på utgiftene for avløysaren.

Minst nøgd med

Det er krevjande at dyra dett i yting. Dei produserer best når dei får stå med maten tilgjengeleg på eit fôrbrett, og med vasskjelda lett tilgjengeleg. Me tapar litt pengar på mindre mjølkemengd.

Kva kan vere betre

Me bør ha eit betre opplegg på vasskjelde for dyra som beiter lengst vekke. Me kan også bli betre på å finne tid til å fornye eng, men dette er vêravhengig.

Stikkord denne saka: , , ,