Samkjørte på heimebane: Silje og John Andreas kan har friske diskusjonar, men avsluttar aldri dagen med ein kald skulder.

Gardsfakta:

I 2017 overtok Silje Åsnes Skarstein og John Andreas Skarstein garden etter  ans foreldre, Johanna Sandøy Skarstein og Gunnar Skarstein. Silje er sjukepleiar i 50 prosent natt. John Andreas har fagbrev som tømrar og er sjølvstendig næringsdrivande gravemaskinførar. Silje sit i kommunestyret for Senterpartiet og er engasjert i Tine og Bondelaget. 

Mjølkekvoten er på 540 tonn, der 235 tonn er leigekvote. Dei har kring 190 storfe og slaktar 17 tonn storfekjøt i året. Dei eig 150 dekar og disponerer totalt 450 dekar dyrka jord. Er med i rundballelag saman med fem andre. 

Dei har borna Elise Marie (8), Sofie (7) og Oline (6). Vilde (16) er Silje si dotter.

 

← Å nyte kvardagen: Medan turistar frå heile verda kjem til Olden for å oppleve fjell og fjord – og eit aktivt landbruk på Vestlandet, har familien Skarstein lært seg å nyte godvêrsdagane, seinke skuldrane, bade og grille, og rett og slett ta litt fri. F.v: Oline, John Andreas, Elise Marie, Silje, Sofie og Vilde. 

Silje og John Andreas er eit godt team i kvardagen, men landbruket sine kritikarar har dei vald å takle på kvar sin måte.

Liv Kristin Sola

Sola steiker i Olden denne sommardagen. Silje Åsnes Skarstein og John Andreas Skarstein har søkt skugge på terrassen. Dei fire døtrene er mest opptekne med kyllingane som er i ferd med å klekkast.

Å bu i eit postkort

Ein stor cruisebåt ligg i fjorden. Bygda har over hundre cruiseanløp frå april til november. Bubilar, campingvogner og bussar fyller smale bygdevegar. Turistar er å finne langs gardsvegane – eller i private hagar, som om dei var i eit levande museum.

Silje og John Andreas er stolt av å vise fram friske dyr på beite. Ei kalving dagen før vart ei eksotisk oppleving for turistane som tilfeldigvis var til stades då kua vart leidd heim i grime, medan John Andreas bar kalven på skuldrane.

Ein tøff start

Til langt opp i ungdomsåra, var kompisane viktigare enn garden for John Andreas. Han tok fagbrev som tømrar og jobba i Nordsjøen, medan tanken om bondeyrket modnast.

– Alvoret kjende eg først då eg trefte Silje, seier han.

Silje ler. – Me hadde knapt vore i lag eit kvarter før svigerfar ga beskjed om at John Andreas var odelsgut.

Ho er frå Fjaler i Sunnfjord. Faren dreiv garden til ein slektning, så Silje er van med gardsarbeid. Men bonde, det skulle ho ikkje bli. Akkurat det stakk ikkje djupare enn at velkomsten på garden i Olden fekk ho på andre tankar.

– Dei tok meg på alvor frå første dag, og eg bestemde meg for å engasjere meg i alle delar av drifta, seier Silje.

Lenge før dei overtok fekk ho spørsmål om å vere tillitsvald i AU (arbeidsutvalet) i Stryn produsentlag.

– Eg sa ja, men måtte google AU for å finne ut kva eg sa ja til, flirer Silje.

Under eit år etter at dei overtok, døydde far til John Andreas av kreft. Saknet av far, svigerfar, bestefar og mentor er stort.

– Far stod på for fullt til tre veker før han døydde. Plutseleg vart eg åleine om maskinarbeid, planlegging og alle vurderingane. Eg sakna generasjonsoverlappinga me skulle hatt. Hadde det ikkje vore for far til Silje, veit eg ikkje kva me skulle gjort, seier John Andreas.

Han skryter av god hjelp frå mor si, frå familien til Silje, og gode naboar.

Polske Jacek Kruk har vore tilsett på garden i elleve år. Lønsemda held ikkje til tre fulle stillingar, så Silje jobbar nattskift som sjukepleiar, medan John Andreas tek oppdrag med gravemaskinen. Jacek har varsla han vil trappe ned. Då vil Silje trappe opp.

– Me vil prøve å auke innteninga på garden, seier ho, og røper at dei snusar på aktuelle tilleggsnæringar.

Tre fjøs tett i tett

I robotfjøset frå 2012 er seksti liggebåsar og bingar til eldre kviger. I fjøset frå 80-talet står 27 oksar på bås. Kalvane held til i den eldste delen frå 30-talet, som er bygd om til romslege bingar med liggepall, spalt og fôringsautomat. Siste investeringa er eit kvigefjøs som stod ferdig i sommar.

Buskapen består av NRF-kyr med nokre innslag av mjølkesimmental.

– Det var far sin kjærleik, så me held på dei beste. Okseslakta er rundt 50 kilo tyngre enn NRF, seier John Andreas.

Oksane vert slakta 18 månadar gamle og har ei snittvekt på 370 kilo. Det gir ein tilvekst på 630 gram per dag. Med 190 storfe fordelt på fire avdelingar i tre bygg, vert det mange arbeidstimar berre i fjøset.

– Hemmelegheita er dyktig arbeidshjelp og fordeling av ansvar, seier Silje.

Jacek har ansvar for oksar og kviger. John Andreas har mjølkefjøset, medan kalvane er Silje sitt ansvar.

Tungvindt: Ikkje alt er modernisert og effektiv. Denne fôrutleggaren smyg akkurat inn på fôrbrettet til oksane. – Om du treff akkurat, seier Silje, med eit sukk. 

Dei viktigaste: Silje bruker mykje tid for at kalvane skal ha det godt. Rikeleg med mjølk, er rådet frå bonden.

Kjøtproduksjon: Då robotfjøset stod klart i 2012, fekk dei plass ti 27 oksar i det gamle båsfjøset. Silje og John Andreas produserer 17 tonn storfekjøt i året.

Siste byggeprosjekt: Kvigefjøset er siste investering på garden. No er dei der dei skal vere og bøndene ser fram til å kome i god drift. 

Eit godt team: Jacek har vore tilsett på garden i elleve år, og er ein god støttespelar for Silje og John Andreas. No vil han trappe ned – og Silje vil trappe opp. F.v.: Silje, Jacek, Sofie og John Andreas.

Kalven er viktigast

– Mykje mjølk gir friske kalvar med høg tilvekst gjennom heile framfôringa. Eg trur også me får det att i høgare yting hjå kyrne, seier Silje.

Etter tre til fire dagar med fri tilgang til heilmjølk, er kalvane over på syrna mjølk og automat. Dei drikk så mykje dei orkar, to gonger om dagen. Automaten trappar ned tilgangen fram mot avvenning på 48 dagar. Silje er nøye med reingjering. Det tek tid, men er ein del av arbeidsdagen. 

– Jamt over drikk dei ti liter per dag, men eg har hatt kalvar som har drukke opp mot ti liter på eit måltid. Med rundt 80 kalvingar blir det 34.000 liter mjølk i året. Ei god investering no når kvotane skal ned, seier Silje.

Utakt mellom inntekter og utgifter Tanken på å ha ku og kalv i lag har streifa bøndene, men med dagens fjøs ville det truleg ikkje vore god velferd for nokon.

– Skal me få det til, må me bygge kalvegjømme. Ein kostnad me ikkje får att, i alle fall ikkje i reine pengar, seier Silje.

Dei er uroa over at kostnadane i landbruket aukar raskare enn inntektene. John Andreas illustrerer det slik: – Ein 20 minutt lang telefonsamtale med robotservice ei natt i påska, på grunn av eit musegnag på ei leidning, kosta oss 2300 kroner.

– Ekstra tilskot og høgare mjølkepris er allereie slukt av høgare kostnad på varer og tenester. Det gir ingen reell inntektsauke. I neste omgang vert me kritisert for å vere grådige i jordbruksoppgjeret. Det er ein vond sirkel, seier John Andreas.

– Me må bli tydelegare på kvifor landbruket får subsidiar, meiner Silje. 

Så godt eg fann deg: «Heldige meg som fann deg. Kven skulle eg elles ha diskutert slik med? Love U». Slik står det å lese på tavla rett innafor fjøsdøra.

God kontakt: Sofie tek seg god tid med dyra. – Mykje og god handtering av dyra heilt frå dei er små, gir rolege og tillitsfulle vaksne dyr. Det er heilt avgjerande, seier Silje.  

Samkjørt kvardag:  Silje og John Andreas har felles plattform og utfyllar kvarandre i arbeidet, men likar å utfordrar kvarandre i kvardagen. 

Taklar kritikarane ulikt

Landbruket står overfor usikre tider, med nedskalering, klimautfordringar, og press frå ulike interessegrupper. Silje og John Andreas handterer uro og frustrasjon ulikt. Medan Silje kastar seg inn i debattar på sosiale media, gjer mannen stikk motsett.

– Eg har meldt meg ut og mest slutta å lese aviser. Me har trykk frå alle frontar. Eg vert rett og slett deprimert og lei meg av alt det negative, seier han.

Silje sit stille og høyrer mannen snakkar.

– Eg ventilerer gjennom å skrive og får det ut or systemet. John Andreas tenker og grublar – det trur eg er tyngre, seier ho.

Silje har hatt lesarbrev på trykk blant anna i Nationen og i VG. Då ringde Dagsnytt18 og ville ha ein kommentar.

– Men då eg forstod at dei ville ha meg til å kritisere mine eigne organisasjonar, takka eg nei. Det er media eg kritiserer, ikkje Bondelaget og Tine, seier ho.

Tungt åleine

Silje har tru på å snakke saman og prøve å forstå, heller enn å kritisere og drive med skittkasting.

– Det er mange som ikkje skulle hatt tastatur – på begge sider, seier ho.

Bonden meiner tilfeldige hendingar som dukkar opp på nett vert sausa saman med norsk husdyrhald og konklusjonar vert trekte på feil faktagrunnlag.

– Me treng ei realitetsorientering. Difor engasjerer eg meg, seier Silje.

Ho etterlyser meir forsking på norske tilhøve og eit sterkare engasjement frå Bondelaget for å løfte fram fakta om norsk landbruk og husdyrhald. Ho ser føre seg ein kompetansebase der alle som vil har tilgang til fakta om norsk husdyrhald.

– Me hadde vore sterkare om me snakka med ei felles stemme og var faktabasert i møte med kritikarane, same kven dei er, seier Silje.

John Andreas orkar ikkje engasjere seg, men er glad Silje og andre gjer det.

– Veganarane et ikkje maten og drikk ikkje mjølka me produserer. Tilliten til dei er null. Dei er berre støy for meg, seier han.

Silje forstår at mange ikkje tør, vil, eller orkar. Sjølv kan ho ikkje la vere. Men det betyr ikkje at det er enkelt. Det tek tid og kan kjennast einsamt. Det hender ho vert skremt – redd for at nokon skal hetse ungane eller oppsøke dei heime, at ho ikkje kan forsvare seg og sine.

– Eg trur ikkje det vil skje, men det hender eg tenker tanken, seier Silje. – Trass alt er me berre menneske. Kan hende er det naivt, men klarer me skilje sak og person og vise kvarandre respekt, trur eg at me kan leve godt i lag.

Ho oppmodar alle til å legge ut daglegdagse situasjonar frå garden på sosiale media.

– Gje folk eit innblikk i bonden sin kvardag, ganske enkelt, seier Silje.

Sjølvmelding

Mest nøgd med: 

Gode arbeidsfolk. Me styrer eiga tid – trur me…

Kunne vore betre: 

Inntektene harmonerer ikkje med utgiftene. Me skulle hatt meir betalt for mjølk og kjøt, og kjent oss meir verdsett for jobben me gjer.

Tips til andre: 

Hald mus unna fjøset!

Skal du bygge fjøs, må du har riktig fall og sluk i alle rom.

Appetittfôring av kalvane to gonger for dag sparer tid, gir fleksibilitet og robuste kalvar som kan avvennast tidleg.

Ta ungane med i fjøset sjølv om det tek tid og utfordrar tålmodigheita.

Har du høve, kjøp sagflis i bulk frå lokale eller større sagbruk. Her er mykje pengar å spare.

God lærdom: Sofie heng gjerne med mor og far i fjøset og i verkstaden. For Silje og John Andreas er det viktig å ha med barna i det daglege arbeidet på garden.

Stikkord denne saka: , , ,