Utan odel: Asgeir Presttun (20) har aldri hatt andre planar enn å bli bonde. No paktar han gard, med god hjelp frå kjærasten Amalie Bakkebø.

 

Asgeir Presttun lever draumen. Tjue år gammal slutta han som avløysar og vart bonde på heiltid. – Eg blir motivert av utfordringar og vil gjere ting skikkeleg, seier Asgeir.

Liv Kristin Sola

 

Mjølkinga er unnagjort. Asgeir Presttun og kjærasten Amalie Bakkebø er i ferd med å sleppe kyrne på beite. Ut fjøsdøra kjem Svartlin, Venelin og Skjelva, etter oksen Skjelvan. Myra fekk namn etter at ho sat fast i myra.

– Det er kjekkare og lettare med namn enn nummer, seier Amalie.

Lærarstudenten bur i Sogndal, men reiser til Osterøy så ofte ho kan.

– Frida var den første kalven eg tok imot som avløysar her på bruket, seier Asgeir, og peiker på ei vaksen ku.

Få elevar gjorde at kullet hans fekk eit ufrivillig pauseår frå agronomutdanninga på Voss. Delar av året var Asgeir avløysar hjå Brit og Ottar Myking og tre andre bønder på øya. Berre tjue år gammal pakta han garden til Myking og vart bonde på heiltid.

Jordbruk for spesielt interesserte

Asgeir er yngst av tre søsken. Han var tre år då foreldra selde garden på Rongve og flytte til eit bustadfelt i Lonevåg. Guten var ofte hjå besteforeldra, som vart  buande på garden.

– Eg dømmer ikkje valet foreldra mine tok. Jorda vert driven godt, det er det viktigaste, seier Asgeir.

Å drive jorda skikkeleg er viktig for den unge bonden. Dei siste åra har han teke skrapaslåtten på fleire bruk på øya.

– No må dei nok klare seg sjølve. Eg har nok med mitt eige.
Asgeir peikar oppover bakkane og utover myrane.

– Å hauste i dei brattaste bakkane er risikosport, seier bonden.

Foreldra meinte han kunne finne ein enklare stad å drive gard. Ein plass kor det ikkje berre er myrjord eller bratt. Men Asgeir tenker ikkje slik.

– Skulle eg drive gard ein annan stad skulle det heller vore enda meir krevjande, seier han og flirer.

På myrane nyttar han avlessarvogn. Blir det for blautt tyr han til vossakasse. I bakkane er det einaste alternativ. I dei øvste henga nyttar han slåmaskin, rive og

silosvans for å få heim avlinga. Ikkje for å berge nokre ekstra strå, men det skal sjå fint ut i bakkane.

– Noko av skrapaslåtten tørkar me til høy. Det er mange år sidan sist, seier han.

Asgeir er av bondeslekt på begge sider og stolt av å vere tredje generasjon agronom.

– Oldefar dyrka kvar ein flekk som kunne dyrkast og var ein av dei første som hadde traktor. Bestefar tok tidleg i bruk NRF og inseminering, seier han.

Nøysemd, og å stelle godt med jorda, er verdiar han har frå besteforeldra. Spesielt bestefaren har vore viktig for Asgeir.

– I ein alder av 93 år, har bestefar framleis noko å lære meg, seier han.

Gardsfakta

Asgeir Presttun (20) vaks opp i Lonevåg, kommunesenteret på Osterøy i Nordhordland. Han har vore avløysar sidan han var 14 år. Asgeir vart utdanna agronom frå Voss vgs. i fjor vår. Frå mars i år har han pakta garden til Brit og Ottar Myking.

Grunnkvoten er på 136.000 liter og bonden har rundt 16 kyr på bås. Planen er å nytte kjønnsseparert sæd, både av hodyr og hanndyr, og fôre fram alle oksane. Asgeir driv om lag 130 dekar dyrka jord og disponerer 200 dekar beite.

Kjærasten Amalie Bakkebø er frå Selje på Stadlandet i Nordfjord. Ho er lærarstudent i Sogndal og har fire år att på masterstudiet.

Asgeir sit i kommunestyret for Senterpartiet.

Beitetid: Mjølkinga er over og flokken skal ut på grønt gras. 
Stolt bonde: Å følgje sin eigen flokk til beite er ei god kjensle. 

Kunsten å drive myrjord

Teorien frå agronomen ligg i botn, men jordbruk på Osterøy gir heilt andre utfordringar enn på Voss, skal me tru Asgeir.

– På Voss nytta me ei 9 m3 møkkavogn. Her er det ei utfordring med 5 m3. Men det er jo ikkje gøy om det blir for enkelt, seier han.

Paktaren mista noko leigejord då han overtok, men har fått leige nokre dekar av ein nabo og håper å få leige enda ein teig. Teigane er små, dei minste berre eit halvt mål, og han har litt knapt med areal.

– Eg har kvote til 18 kyr, fôr til 16 og 21 som skal kalve. Når det er lite jord, blir det ein kamp for å sikre seg fôr. Slik sett er me mange i same båt her på øya, seier
Asgeir.

Han meiner det er mogleg å auke avlingane, sjølv om ein del av jorda ikkje kan pløyast.

– Jorda er for blaut og hjorten ville gjort attlegget om til ein poteåker, seier bonden.

Bonden vil så i raigras for å auke avlinga i eng og beite, og leigejorda skal drivast like godt som eiga jord.

– Me må prøve oss fram. Det kan vel ikkje gi mindre avling, meiner Amalie.

Asgeir har eit godt forhold til bønder han har jobba for.

– Eg vil lære av dei som driv godt og gjerne samarbeide der det er aktuelt. Eg kjenner mange og veit jo kva dei har ståande av maskinar og utstyr, seier han lurt.

Sjølv hadde han med seg ein traktor til gards. Arvegods frå bestefaren.

Ved vatnposten: Frå hagen kan bonden følgje med dyra på beite.

Lite erfaring med pakting

Asgeir har ein femårig avtale med Brit og Ottar Myking. At det ikkje lenger er vanleg å pakte fekk partane erfare då dei skulle skrive avtale. Asgeir håpa Bondelaget eller Tine kunne gi råd, men dei hadde lite å bidra med.

Etter mange timar med leiting på internett, kom dei fram til ein avtale. Asgeir leiger jord og kvote og disponerer maskinparken på garden. Dyra betaler han ut etter kvart som han får slakteoppgjer. Kalvar og ungdyr er takserte etter Nortura sine takstar og skal betalast ein gitt dato.

– Kva er den store skilnaden på å vere avløysar og bonde?
Svaret kjem kontant. – Å sjå kor fort pengane fyk ut.

Seks år som avløysar er eit godt utgangspunkt, men den unge bonden veit han har mykje å lære, spesielt ute på jorda og med papirarbeid.

Asgeir rår ungdom som ønsker å drive gard – også slektsgarden, til å få erfaring frå andre bruk og driftsmåtar.

– Eg skulle ønske fleire bønder nytta norske ungdommar som avløysarar. Eg har sett mange fjøs og fått tips, både til korleis eg vil ha det og korleis eg ikkje vil ha det. Og så kjennest det godt å bidra til at bøndene får litt fri, seier han.

Meir sommarmjølk: – I juni leverte eg to tusen liter mindre enn i mai, men fekk to tusen kroner meir på oppgjeret, seier Asgeir. No vil han skyve på insemieringa for å få meir sommarmjølk. 
Skulle eg drive gard ein annan stad skulle det heller vore enda meir krevjande.
Asgeir Presttun

Bakkeplan på tre nivå: Til låven, til fjøset og til gjødselkjellaren.

Eit godt utgangspunkt

Kårfolket har ikkje plikta seg til å bidra i arbeidet, men byr seg gjerne til å hjelpe. I tillegg har Asgeir god hjelp av far sin.

– Eg overtok friske dyr og ein gard i god stand. Britten og Ottoen har grøfta myrane og drive jorda godt. Eg har litt å leve opp til, seier den unge bonden.

– Kårkona spreier møk med slange i beitene – for hand. Og ho brukte å støvsuge kyrne, seier Amalie.

Sjølv nøyer ho seg med å børste dyra, noko ho kan gjere i timevis. Amalie vaks opp på eit bruk med mjølkeproduksjon og kystgeit. I dag er mjølkekyrne erstatta av ammekyr. Ho er van med mykje arbeid og opplærd i dei gamle tradisjonane med slakting og matauk frå eigen gard.

Asgeir og Amalie satsar på å få mest mogleg ut av ressursane på og rundt garden, og bruke mest mogleg norske råvarer. Difor prøver dei Formel Linnea, med 80 prosent norske råvarer, som kraftfôr til kyrne.

– Skal me forsvare å bruke kraftfôr i mjølkeproduksjonen, bør det vere utan palmeolje og soya – og mest mogleg norsk, seier Asgeir.

Meir sommarmjølk

Mjølkeanlegget er 40 år gammalt. Godt vedlikehalde, men smale røyr gjer at bonden ikkje kan bruke meir enn tre mjølkeorgan samstundes.

– Eg stressar aldri i floren eller når eg skal flytte dyr. Eg må finne roen og ta den tida det treng, seier Asgeir.

Kvoten er på 141.000 liter og kalvinga skjer frå september til jul. No vil bonden skyve på insemineringa og levere meir sommarmjølk.

– I juni leverte eg to tusen liter mindre enn i mai, men fekk to tusen kroner meir på oppgjeret, seier han.

Fruktbare kyr som mjølker godt er overordna mål. Han har gs-testa 19 dyr, både kyr og kviger. Ei av kvigene auka frå 16 til 33 i avlsverdi. Den unge bonden studerer gjerne slektskap og fellestrekk hjå dyra, og innrømmer at han opererer både med avlsverdi og sentimentalverdi i avlsarbeidet.

Ein god start: Asgeir paktar ein gard i god stand og ein buskap med friske og tillitsfulle dyr, noko han og Amalie veit å sette pris på.

Kommunepolitikar

Asgeir er ein av fem kommunestyrerepresentantar frå Senterpartiet. Å ta vare på matjorda gjennom vern og aktivt bruk, er viktig for politikaren.

– Om du kastar ei dartpil på noregskartet er det liten sjanse for å treffe dyrka jord. Då er det heilt meiningslaust å sjå kor lett matjorda vert prioritert ned. Når jord som er i betre stand enn det eg driv sjølv vert bygd ned, blir eg motlaus.

Asgeir ønsker seg ein overordna nasjonal plan for landbruket, slik at produksjonen vert meir optimal, landet sett under eitt.

– Det irriterer meg at jord vert lagt om frå korn til gras på Austlandet. Korn- og grøntprodusentane skulle fått betre betalt, seier han.

Eit steg om gongen

Det ligg i korta at Asgeir kan kjøpe garden når avtalen om pakting går ut. Då ventar lausdriftskravet og nye investeringar. Innan den tid skulle han gjerne ha pløgd jorda for å auke avlingane. Ein veg inn i beitene hadde vore nyttig for å gjødsle. Han skulle hatt ein slangespreiar for å sleppe å køyre vogna ut på blaut jord om våren. Skogen skulle vore hogd og rydda for å halde hjorten på lenger avstand.

– Eg må prioritere. Eg må akseptere utfordringane og gjere det beste ut av det, om det gjeld hjorten eller vêret, seier Asgeir.

Driftskreditten er på to hundre tusen kroner. Asgeir håper å klare seg med det fram til det første tilskotet kjem i februar neste år.

– Om andre klarer det, så kan vel eg også, seier den unge bonden.

Typisk Vestlandet: Jorda på flatene er blaut og i bakkane er det bratt. Dei øvste bakkane blir hausta med slåmaskin, rive og silosvans.
Stikkord denne saka: , , ,