Byter bort kua: For nokre månadar sidan planla Tor Magnus Grønning nytt fjøs. No har han bestemt seg for å avvikle drifta og omskolere seg til anleggsbransjen.

Slutter medan leiken er god

mar 8, 2021

– Du får ikkje lån. Du har ikkje godt nok ressursgrunnlag til dei planane du har, var meldinga frå banken. Det snudde alt for mjølkebonde Tor Magnus Grønning.

Liv Kristin Sola

Etter ein tur på landbrukskontoret på Helleland, var Tor Magnus Grønning full av optimisme og pågangsmot. Det tronge båsfjøset skulle bli historie. Bonden skulle bygge nytt fjøs. 12 kyr skulle bli til 24, og fjøset skulle huse kviger, kalvar og ti slakteoksar. Tor Magnus vart førespegla 1,8 millionar i tilskot frå Innovasjon Norge, om han var blant dei heldige.

Millionane balla på seg

Med fjøsteikningane i handa gjekk bonden til banken – og vart realitetsorientert. For lite jord og for lite kvote. Søknaden vart avslått. Tor Magnus gjekk heim og begynte å tenke. Og rekne. Fjøset var kostnadsberekna til fire millionar. Ikkje avskrekkande for eit nytt fjøs, men reknestykket var ikkje så enkelt. Grunnarbeidet og utgraving til gjødselkjellar ville koste rundt ni hundre tusen, pluss moms. Fjøset var teikna med smalt fôrbrett utan planlagd fôringslinje.

– Ein minilastar er kjekt å ha, men er ikkje gratis, kommenterer Tor Magnus, og legg tre hundre tusen kroner til på reknestykket.

Og dyra skal ha fôr  – helst grovfôr. Det har Tor Magnus lite av. I tillegg må han leige eller kjøpe minst to hundre tusen kvoteliter.

– I verst fall ein årleg kostnad på tre hundre tusen kroner, eller ein eingongssum på nærare fire millionar, berre for mjølka, seier Tor Magnus.

Gardsfakta

Tor Magnus Grønning pakta heimegarden på Helleland i Eigersund frå 1995. Han overtok i 2009. Han har 12 kyr, fire kviger og fire kalvar i eit båsfjøs frå femtitalet. Mjølkekvoten er på 63 tonn. Oksekalvane og overskot av kvigekalvar vert selt til liv.

Sauefjøset som vart bygd i 2009 erstatta det gamle frå 1867, og husar nitti vinterfôra sau av NKS pluss dorper og villsau.

Garden er på 783 dekar totalt. 64 dekar er dyrka jord og 110 dekar kulturbeite. Resten er utmark og skog.

Til hausten skal han omskolere seg til anleggsbransjen og kvoten skal leigast ut frå neste år.

Ei offentleg livsløgn

Pågangsmotet vart snudd til resignasjon i takt med at prosjektet nærma seg ti millionar. Heller ikkje dei to traktorane, ein 70 HK Landini 99–modell som har passert 6000 timar, og ein 2011–modell Kubota på 71 HK som har 2600 timar, ville klare tjue år til i bondens teneste. Ei ytterlegare investering på 5–700 tusen. Draumen vart eit stort svart hol.

– 1,8 millionar frå IN blir ein vits i denne samanhengen, seier Tor Magnus.

Han meiner dei politiske utspela om å satse på små fjøs og distriktslandbruket i praksis er teoretiske tankar frå eit møterom fylt med kaffi, smørbrød og småkaker.

–  Det er ikkje realistisk med mindre du har pengar på bok. Styresmaktene stiller krav som næringa umogleg kan innfri. Dei lever på ei livsløgn, seier Tor Magnus.

Bonden er uroa for kostnadsauken i næringa. Prisane på kraftfôr og gjødsel aukar. Det same gjer service og tenester. Men ikkje bonden si betaling for mjølk og kjøt.

– Lønsemda bli svakare for kvart år. Auka tilskot forsvinn i kostnadsauken, seier Tor Magnus, og skildrar den gode etterbetalinga frå Tine som ein vasspytt som ligg att når sola tørkar vekk ei regnskur.

– Bønder skal leve òg, ikkje berre jobbe for å betale banken, seier han.

Styresmaktene stiller krav som næringa umogleg kan innfri. Dei lever på ei livsløgn

Tor Magnus Grønning

Omskolerer seg: Tor Magnus er genuint interessert i store maskinar. Planen er å ta lastebillappen og sikringskurs. Maskinførarbeviset har han frå før. No ser han fram til å bli lønsmottakar.

Ein evig gjeldsspiral

Heile prosessen har gjort Tor Magnus tankefull. Marginane er små. I fjor var han uheldig og måtte slakte ut fem kyr. I fjorten dagar slutta Tine å hente mjølka. Volumet var for lite til at dei fann det lønsamt. Litrane gjekk i sluken, og mjølkeprisen dekka ikkje kraftfôrkostnadane den månaden.

– Alt kokar ned til økonomi, både for samvirket og for bonden, seier Tor Magnus.

Han fryktar ei mjølkenæring som ikkje berre har køyrt seg fast i kvotegrøfta, men også set seg i ei djup kraftfôrknipe. Han høyrer om bønder med høg kraftfôrgjeld, til svært høg rente.

– Mangel på grovfôr vert kompensert med kraftfôr. Det straffar seg når kraftfôrprisen aukar og mjølkeprisen stagnerer. Denne kraftfôrspiralen kjem du aldri ut av. Eg trur me får sjå mange som lever på forskot. Pengane er brukt opp før inntekta kjem, seier Tor Magnus.

Om to år er han sjølv gjeldfri. Bygger han fjøs har han gjeld resten av livet.

– I tillegg må eg ut i jobb for å betale avdrag. Det er ikkje aktuelt, seier han.

Bråstopp

Tor Magnus hadde ingen planar om å starte ein ny karriere sånn midt i livet. Men 46–åringen er i ein vanskeleg alder. For gammal til å investere ti millionar, men for ung til å avvikle før lausdriftskravet. Tor Magne rundar seksti i 2034. Han trivst svært godt som bonde. Difor ringde han til Mattilsynet for å høyre om han kunne drive i båsfjøset på dispensasjon fram til han blir 62. Spørsmålet vart blankt avvist.

– Det var som å snakke med Nord–Korea, seier han.

Mattilsynet lokalt viste til forskrift om dispensasjon frå lausdriftskravet. Bonden var like langt frå ei løysing. Vener og kjende kom med velmeinande råd om å vente og sjå, ting kan endre seg.

– Eg kan ikkje basere framtida mi på kva andre trur. Det er eg som sit att som svarteper. Eg skulle klart å lirke til ei løysing for 2024. Men til kva nytte, seier Tor Magnus.

Flytter aldri: Framtida for distriktslandbruket er i spel med dagens rammevilkår.

Skal eg vere attraktiv på arbeidsmarknaden må eg omskolere meg før eg blir femti.

Tor Magnus Grønning

Usynleg fotlenke

At bonden er sin eigen sjef og styrer eigen kvardag er vel og bra. Men samstundes er det som å gå med ei usynleg fotlenke, meiner Tor Magnus.

– Same kva du er ute på, så skal du alltid heim og mjølke, seier han.

Og ein time eller to «for seint» heim, betyr ein time eller to seinare kveld. Ferie har han unna seg med fem til ti års mellomrom.

– Eg har ansvar for dyra 24/7 og det er alltid etterslep av arbeid som skal gjerast. Eg finn ikkje ro til å ta fri, seier han.

Bonden har bestemt seg. Han byter bort kua mot anleggsmaskinar og skiftarbeid.

– Skal eg vere attraktiv på arbeidsmarknaden må eg omskolere meg før eg blir femti, konstaterer han.

Ut i hengemyra

No ser Tor Magnus framover. Til ordna arbeidstid, ei sikker inntekt, og til fritid. Og til å sleppe byråkrati og papirarbeid.

– «Maos litle raude» blir historie, seier han, og viser til notisboka han alltid har med seg for å tilfredsstille KSL krava.

Tor Magnus er genuint interessert i store maskinar. Planen er å ta lastebillappen og sikringskurs. Maskinførarbeviset har han frå før.

– Hadde eg vunne fem millionar i lotto, hadde eg aldri brukt dei på fjøs. Ikkje no. Eg hopper av medan leiken er god, seier bonden, men innrømmer at han er spent på framtida.

– Eg gru–gleder meg. Det er som å trø ut på myra utan å vete at ho ber, seier han.

Etter 25 år som bonde kryssar Tor Magnus fingrane for at han får jobb. Får han arbeid lokalt skal han behalde saueflokken. Blir det skiftarbeid på anlegg rundt om i landet, blir husdyra historie på Grøning.

Mjølkebonden: Tor Magnus skulle vere bonde resten av livet. Det var før han fekk erfare at dei som vil satse på ei framtid med mjølk, treng ei ekstra sparebøsse for å klare investeringane. Det har ikkje bonden på Grøning.

Eit nytt liv

Det er berre tjue minutt til Egersund. Endå kortare til Helleland. Men det er ikkje kvar dag bonden har kontakt med andre enn dyra. No ser han fram til å treffe nye folk og til å sjå meir av landet, men samstundes kunne stikke seg vekk heime på garden. For han flytter ikkje.

– Eg skal ikkje ha asfalt rundt dørene, og folk og støy kan eg oppsøke når eg vil, seier han.

Tor Magnus er yngst av tre sysken. Foreldra hadde burett i huset så lenge dei ønska.

– Det har blitt lite privatliv, medgir han.

Men å bygge eit ekstra hus på den vesle garden var det ikkje økonomi til. Og han har hatt god hjelp av foreldra.

– Far sat på traktoren og dreiv med vårarbeid til han var 86 år gammal. Han var nitti då han døydde, seier Tor Magnus.

Mora flytta nyleg på pleieheim og for første gong i livet har Tor Magnus huset for seg sjølv.

– Einsemd?

– Det kan kome sigande, men så lenge dagane er fulle av arbeid kjenner eg ikkje så mykje på det. Søndagane går med til kontorarbeid, dessutan likar eg å styre på kjøkenet med kasserollane, seier han.

Stikkord denne saka: , , ,
Share This