Nøgd bonde: Trond Vidar Berge har bygd sitt eige fjøs, og er nøgd med resultatet.

Spikra eige fjøs

Det var ikkje gitt at det skulle bli eit fjøs i tre, då Trond Vidar Berge starta planlegginga av ny driftsbygning. Med bakgrunnen hans som tømrar er det heller ikkje overraskande.

Jane Brit Sande

– Likar du råmjølkspudding? Eg laga den i går, det vart litt råmjølk til overs. Kan ikkje la noko gå til spille, seier bonden, og finn fram skålene. Ein seier ikkje nei takk til slik ein godsak.

Det er ikkje første gong Bondevennen møter Trond Vidar Berge i gardstunet på Nordås i Gjesdal kommune. Førre gong var i slutten av mars 2014, berre veker etter at han, og resten av familien på fem, endeleg kunne kalla garden deira eigen. Sidan den gong har dei flytta inn i huset Trond Vidar bygde, buskapen har vekse, og no står det også eit nytt ammekufjøs i tre på garden – også dette bygd av bonden sjølv.

– Eg har gjort kring 80 prosent av arbeidet sjølv, korrigerer han, for heilt åleine har han ikkje vore under fjøsbygginga.

Han hadde hjelp til å få på plass dragarar, åsar og takplater. I fem effektive dagar var to snikkarar frå Vigrestad Bygg med og heiste på plass bærekonstruksjonen. Det er fortsatt litt arbeid att. Det manglar litt kledning og lister, og smitteslusa skal ferdigstillast.

Gardsfakta

Trond Vidar Berge driv Nordåsen Gård, Gjesdal, saman med kona Ruth Birgitte Berge, og døtrene Maria, Sina og Ella.
Ruth Birgitte har full stilling som saksbehandler innen helse for Gjesdal kommune.

Garden måler 4320 daa. 600 daa er innmarksbeite, og 140 daa er dyrka mark. Leigejord er 128 daa dyrka mark, ca. 430 daa innmarksbeite og 2000+ daa utmarksbeite. Trond Vidar har i tillegg fast avtale med ein grovfôrprodusent på Jæren.

Hovudproduksjonen på garden er ammeku av rasen Charolais. I tillegg har dei slaktegris og sau.

Trond Vidar er styreleiar i Norsk Charolaisforening og nestleiar i TYR Rogaland.

Kvalitetstid: Yngstedottera Ella likar seg godt i fjøset, og faren likar godt å ha ho med. – Ho steller godt med dyra, dei får rikeleg med kos – stutane også, skryt han.

Ei vurderingssak

Trond Vidar brukte mykje tid på å planlegge det riktige fjøset for drifta si. Han har vore rundt og sett på fleire fjøsløysingar. I 2016 var han med på TYR sin studietur til Irland, der dei såg på forskjellige løysingar for driftsbygningar til ammeku.

– Prisspørsmålet vart sjølvsagt avgjerande, og eg vurderte også eit bygg i stål. Skal leverandør stå for heile pakken, og levere eit ferdigstilt bygg, er nok stål billigast. Tre er eit billigare materiale, vart eg fortalt, og det er timane som kostar i byggeprosjekta, seier bonden.

Nøyaktig kor mange timar han har lagt ned i byggeprosjektet, er uvisst. Trond Vidar har likevel ein klar indikator.

– Fruen uttrykker at det er litt vel mykje, seier han.

Å bygga eit fjøs på 2 000 kvadratmeter krev sin kar. Det er store verdiar på spel, og for å starta må ein vita at ein kan sluttføra.

– Eit solo-prosjekt av denne storleiken er ikkje for kven som helst. Sant å seie så veit eg ikkje om eg vil råde nokon til å gjere det i det heile. Eg visste at eg kom til å handtere arbeidsmengda, og å halde oppe motivasjonen til å fullføre. Men at eg har familien i ryggen er heilt avgjerande.

God oversikt: Trond Vidar har god oversikt i det nye fjøset. Søylerekkene gir ei naturleg deling av fjøset mellom dei ulike avdelingane. Den opne veggen syter for rikeleg med naturleg ljos.

God oversikt: Med hjelp av heile ni kamera, kan Trond Vidar vere tett på kalvinga, og samstundes unngå unødig kalvingsstress. – Eg trør til når det er behov for det. Å vere tilstades i kritiske periodar er ein suksessfaktor i kalvinga, seier bonden.

Ein god dreng

Ammeku-besetninga har vekse frå 38 til 120 mordyr på dei fem åra familien har drive garden. Dei har spesialisert seg på reinrasa Charolais, og har status som Aktiv Avlsbesetning. I tillegg er det også sau og slaktegris på garden.

– Og alt dette tok du deg av parallelt med fjøsbygginga?

– Det er mykje verdi i ein god dreng, seier Trond Vidar, og skryter av Jon Petur Gudnason, som er drengen på garden. Trond Vidar anslår at han har arbeidd mellom 150 og 180 timar i månaden medan bygginga har stått på.

Naboen sin skog

Trond Vidar var heldig med fleire ting då han og familien kjøpte garden på Nordås.

– Alt treverk, med unnatak av  ærekonstruksjonen, er frå naboen sin skog. 70 år gammal lerk, og eg fekk det mot skoging, seier ein takksam bonde, med stjerner i auga.

Lerk har eigenskapar som kjem godt med. Det har god motstand mot råte, og toler mykje fuktigheit.

– Tresorten eignar seg godt til kledning. Eg har behandla med royalimpregnering i tillegg. Ikkje fordi det er naudsynt, men fordi eg synest bygget gjer seg finare i terrenget. I tillegg får me ein heilskap i gardstunet, då huset vårt også er behandla, seier Trond Vidar.

Fjøset er teikna i samarbeid med Fjøssystemer. Mossige sag tok seg av skjering av trestokkane. Jæren Treteknikk har bidrege med byggteknisk fagkunnskap, slik at bygget er korrekt sideavstiva og vind- og snøstabilt etter forskrifta.

– Blant anna hjelpte dei meg med å rekna ut tal på søyler mot dimensjonane på tredragarane. Eg enda opp med fire søylerekker, og har det søylefritt inne i lausdrifta. Søylerekkene skapar ei naturleg deling av fjøset, seier Trond Vidar. 

(Klikk på teikningane for ein større, nedlastbar versjon. Teikningane blir opna i ei ny fane)

Gromkua: – Ho her har vore med meg frå starten, seier Trond Vidar, om gromkua.

Ein god start: Trond Vidar strekk seg langt for å gi kalven ein god start på livet. Råmjølka er viktig.

Bygde på fjell

Garden måler heile 4320 daa, men Trond Vidar disponerer ikkje meir enn 240 daa dyrka mark – leigejord inkludert. Kulturbeite på garden måler 600 daa. Det er ikkje tilfeldig kvar fjøset er plassert på garden.

– Det er bygd på stein og fjell. Eg har ikkje rørt dyrka mark eller beite for å få tomt til fjøset, seier bonden stolt.

Nøgd med løysingane

Fjøsets ytre mål er 22,8×91,5 meter. Innvendig er fjøset delt inn i seks avdelingar med 18 liggebåsar i doble rekker. Han har fire kalvingsgardar per avdeling, som også kan fungere som kalvegøyme.

– Mellom kvar liggebåsrekke er det eit 1,5 meter breitt kalvegøyme i midten. Ei løysing som kalvane ser ut til å trivast godt med dei fyrste dagane ute blant alle mødrene, seier Trond Vidar.

Fjøset er konstruert med søyler og limtredragarar, og har sandwichtak. Prislappen kom på totalt 6,7 millionar, pluss eigeninnsats og lønsutgifter til drengen. Trond Vidar fekk støtte frå Innovasjon Norge på totalt 1,2 millionar kroner. 100 000 kroner av dette var øyremerka satsinga på fjøs i tre.

– Eigeninnsatsen gir eit veldig positivt utslag på økonomien. Pris per bås blir lågare, og var ein føresetnad for å realisera prosjektet, seier Trond Vidar.

Naturleg lys og ventilasjon

Fjøset har tre tette veggar, og er ope mot fôrbrettet. Fjøstomta ligg sørvendt.

– Med tanke på vêr og vind, burde eg nok snudd fjøset 180 grader. Men då hadde fôrbrettet vore plassert inn mot fjellveggen. Eg ville ha naturleg lys inn i fjøset, både for min eigen trivsel og for dyra sin brunstsyklus, seier Trond Vidar.

Fjøset ligg i le mot nordavinden, og er skjerma frå vind frå vest. Men Trond Vidar erfarer at det bles inn ein del vatn og snøføyk på fôrbrettet, og vil derfor setta opp ein levegg for å skjerma den opne delen mot dette.

Den viktige kalven

Trond Vidar fortel at overgangen frå kalving i båsfjøs til eigen kalvingsgarde har vore himmelsk.

– Det er ei heilt ny verd. I båsfjøset måtte eg alltid vere tilstades under kalvinga, uansett. No går kalvinga meir naturleg føre seg, og eg treng ikkje alltid vere der, seier bonden.

Trond Vidar har sett opp ni kamera som gir god oversikt over kalvingsgardane. Slik får han godt høve til å følga med på avstand, og unngår unødig kalvingsstress. Han trør til om ku og kalv har behov for det. I tillegg tar Trond Vidar nattrundar i fjøset i kalvingsperiodane. Så langt i år er resultatet 77 levande kalvar på 74 kalvingar.

– Å vere tilstades i kritiske periodar er ein suksessfaktor i kalvinga. Målet er null i kalvetap. Kalven må leva skal ein tena pengar, slår han fast.

Ekstra tilskot for bygg i tre

Etter jordbruksforhandlingane i vår vart partane samde om å løyve eit ekstra investeringstilskot til fjøs som er bygd i tre. Tilskotet kjem blant anna som eit tiltak for å satse på eit betre klimarekneskap i fjøsbygg.

– I 2019 har praksis vore at me kunne gi ti prosent i tillegg til normal støtteutmåling, seier Aart-Dirk van Zanten Magnussen, seniorrådgivar i Innovasjon Norge, avd. Rogaland.

Frå 2020 kan det gis ekstra tilskot på inntil 20 prosent av ordinært innvilga tilskotsbeløp, med inntil 400 000 kroner utover maksimalt kronetak. Det særskilte tilskotet skal gjelda i ein periode på tre år.

– Hovudmaterialet i vegg- og takkonstruksjonar må vere i tre. Som med annen tilskotsutdeling, gjeld det å vere førstemann til mølla. Bønder som søker må få fram i sin søknad at det er snakk om bygg i tre, seier Magnussen.

Likar seg godt: Ella har funnet seg til rette i fjøset, ho også.

Vil du høyre meir om Trond Vidar Berge sitt husdyrhald? Laurdag under Agrovisjon, på Fylkesmannen i Rogaland sin fagdag, skal han halde føredrag med tittelen Dyrevelferd i praksis.

Stikkord denne saka: , , , ,