Unikt samspel: Knut har alltid hatt eit spesielt auge for dei små dyra. Foto: Lise Bjelland

Tjue år med tolmod og målretta avl har resultert i det som kan hende er verdas minste sau. Men om den spesielle sauen til Astrid og Knut Landsnes er liten av vekst, er den stor på smak.

Liv Kristin Sola

– Det er ikkje så mykje å skrive om, dette me balar med her, seier Knut Landsnes.

 Han har funne seg ein kopp kaffi og sett seg til rette i stolen. Knut og kona Astrid bur på garden Storli på Jelsa i Ryfylke. Garden er eit bureisingsbruk frå 1939 som ekteparet kjøpte på slutten av nittitalet. Her bur dei midt i det frodige kulturlandskapet. Sauene beiter rett rundt dørene. I tillegg til saueflokken har Knut ein liten flokk kashmirgeiter. Dei har nok areal til å fø dyra sine gjennom vinteren, og beitene er grøne mest heile året.

Bonde i seksti år

Knut snakkar om Fuglastein, om Landsnes og om «her heime». Landsnes har vore i slekta sidan 1834. Knut vaks opp på Landsnes, men hadde ikkje best odel. Likevel vart han bonde.

– Faster vart sjuk. Då ho låg på det siste bad ho meg om å sjå etter garden hennar på Fuglastein, seier Knut.

Han var berre ni år gammal då ho døydde, men det løftet var han fast bestemt på å halde. Berre tolv år gammal overtok han drifta på fastergarden, som har vore i slekta sidan 1777. At nettopp Knut fekk denne tilliten trur han ikkje var tilfeldig. Heilt sidan han var liten har han hatt eit spesielt lag med sauene. Han kunne bruke timesvis i lag med dyra. Og alltid hadde han med seg ei lita dukke i lommen. 

Eit langt bondeliv: Seksti år som bonde gjer ei at Knut tør å satse på eigne erfaringar og teoriar for korleis han utviklar drifta. Foto: Lise Bjelland.

Landsnes, Fuglastein og Storli

Knut Landsnes er født på garden Landsnes i Suldal i Ryfylke.  Tolv år gammal overtok han garden Fuglastein etter ei faster.

I dag har sonen Håkon overteke Landsnes og eit barnebarn driv Fuglastein. Knut og kona Astrid bur på og driv burseisingsbruket Storli på Jelsa. Eit bruk dei kjøpte på nittitalet.

For femten år sidan bygde Astrid og Knut sitt eige foredlingslokale på Fuglastein. No tek dei heim alt kjøtet og foredlar og sel det sjølve.

I dag er dei tre generasjonar Landsnes som driv tradisjonane vidare. Dei tre saueflokkane tel fleire hundre villsau og alt slaktet vert foredla i eige lokale på Fuglastein.

Over eit tonn pinnekjøt, kokelår, fenalår og pølser vert selt direkte til kundar, eller på REKO-ring, frå Landsnes Villsau.

Verdas minste sau

Ein tur til Austevoll tidleg på 90-talet, enda med at Knut og Astrid kjøpte ein flokk villsau. Då den gamle norske sauerasen var på sitt minste og mest sårbare på syttitalet, makta bønder på Austevoll å avle fram ein levedyktig stamme ved å krysse inn svartfjes.

Knut tok heim nokre dyr av desse flokkane på Austevoll, og starta eit langsiktig og målretta avlsarbeid, heilt utan innblanding frå andre flokkar. Heller ikkje frå sine eigne villsauer. Tjue år seinare har han avla fram ein unik rase som er tilpassa naturen og klimaet der dei bur. 

Sauene til Knut og Astrid skil seg frå alle andre rasar. Dei er små og kompakte og et ris, brake og småtre – forutan gras. Dei tek seg godt fram i terrenget, og er ekspertar på beitepussing. 

– Og så er dei svært intelligente og oppvakte. Det likar eg, seier Knut. 

Han fortel at sauene grev små hol i bakken som dei ligg i for å beskytte seg mot vær og vind – og rovdyr. Som flokk meiner Knut dei liknar litt på reinsdyr, som beitar i flokk og har eit instinkt om å beskytte kvarandre.

Noko for seg sjølve: Astrid og Knut Landsnes har alltid gått sine eigne vegar. Resultatet er ein særeigen sau med ein særeigen smak, og sal av kjøt frå eige foredlingslokale.

Ein dyktig beiteryddar 

Ved hjelp av traktor og vinsj, og uendeleg mange arbeidstimar, har Knut dyrka jord og rydda beite. I dag har dei nærare 600 dekar med frodig kulturbeite med kilometer med vegar inn i beiteområda, og seksti dekar slåttemark. Beita er skjøtta slik at det knapt er ugras å sjå. Skulle det dukke opp ein tistel eller anna ugras, vert det ikkje gammalt.

Knut driv ikkje med skippertak. Kunnskap, tolmod og nøysemd kjenneteiknar den erfarne og arbeidssame bonden. 

Medan vedtekne sanningar og velmeinande råd skiftar gjennom åra, står Knut på sitt. Eit godt beite kjennast nemleg att på smaken av kjøtet. Han veit akkurat korleis han skal gjødsle og når det må sprøytast for å kontrollere ugras. Knut nyttar rundt 500 kilo hønsegjødsel per dekar om våren og punktsprøyter mot brennesle. 

– Einstapane må vekk og beitene må haldast snaue for å unngå skogsflåtten, seier Knut. 

For arbeidet med kulturlandskapet har han også vore nominert til kulturlandskapsprisen.

Små, men hardføre: Lamma er knapt eit kilo når dei vert fødde, men er livskraftige og veks seg raskt tette og fine. Småfibra muskulatur set ein spesiell smak på kjøtet frå desse små dyra.

Den vesle sauen

Med utgangspunkt i ein flokk villsau kryssa med svartfjes som dei kjøpte på Austevoll på nittitalet, har Astrid og Knut Landsnes avla fram ein unik liten sauerase. 

I tjue år har Knut drive målretta avl, utan innblanding frå andre besetningar. I dag har han avla fram ein heilt unik sauerase. Dyra har finfibra muskulatur som i lag med eit godt kulturbeite gir ein spesiell smak på kjøtet. 

Folk nyttar ord som ikkje er daglegdags på Jelsa, når dei omtalar sauene til Astrid og Knut. Ryktet om det smakfulle kjøtet har nådd nokre av landets mest kjende kokkar. Arne Brimi måtte til Jelsa for å smake, og Andreas Viestad åt seg tom for ord då han smakte på kjøtet første gong. 

I tillegg til denne unike flokken har Astrid og Knut ein flokk villsau.

Ei tragedie 

Dei aller fleste søyene får eitt lam kvar. Rasen er sky og Knut lar sauen få fred i dagane rundt lemming. Dette klarer dei heilt fint utan hjelp. Lamma er knapt eitt kilo når dei vert fødde, men er livskraftige og har høg tilvekst i starten. Knut fortel at dei små er like spreke som dei litt større. 

Sjølv om dei har kome langt i å utvikle ein robust sau, luskar reven rundt og forsyner seg grovt av dei små. 

– Eg mista minst 70 lam i år. Så ille har det aldri vore før. Eg er glo’redd for reven, seier Knut. 

Kvart einaste lam er eit for mykje. Tapet er først og fremst ei personleg påkjenning. Ei kjensle av at han ikkje maktar å beskytte dyra sine mot dette rovdyret. 

– Å gå i beite kvar dag og sjå søyer utan lam, gjer meg motlaus, seier Knut. 

Han har utsett lamminga til mai og prøver å ta flokken inn om nettene den første tida for å redusere tapet. Neste vår har han planar om å sette opp eit gjerde for å halde reven vekke. 

Då dei fleste sauene berre har eitt lam, blir det også eit stort økonomisk tap. I tillegg har bonden færre dyr å velje mellom når han skal finne livlam. Rett nok kan desse dyra bli gamle, men Knut har alltid auge for gode rekrutteringsdyr. 

Småtrevla fibrar gir god smak 

Bonden på Storli er systematisk. Han noterer og har årgangar med noteringsbøker han kan bla seg fram i. Dei små sauene på Storli er tettbygde og muskelfibrane er småtrevla, noko som gir kjøtet den særprega smaken. Sauene til Astrid og Knut har god helse. Dei har reine og fine jur, utan ekstraspenar. 

– Eg likar godt at dei har så fin farge og form. Eg svermar for slikt mangfald av fargar, seier Knut, og viser fram eit par fellar. 

Dei aller finaste blir gåver, gjerne til barnebarn.

– Korleis unngå innavl når du ikkje kjøper vêrar?

– Eg har ei oppskrift, men det er vel ikkje alt eg treng å seie i detalj, seier Knut.

Ein god handel: – Kjøper du eitt kilo kjøt, skjøttar du eit dekar kulturbeite, seier Knut. I tillegg får du ei god smaksoppleving. Foto: Lise Bjelland. 

Smak er viktigare enn vekt 

Sauene til Knut og Astrid går ute heile året. Kraftfôr vert berre nytta som lokkemiddel. I tillegg får dei ein slant i lemminga og på dei suraste vinterdagane. Om hausten tek dei frå livlamma og fôrar dei inne gjennom vinteren. 

– Litt høy, fri tilgang til grovfôr og ein liten neve kraftfôr. Det gir gode resultat, seier Knut. 

Bonden har slakta mest fjorlam, slik som var vanleg før i tida, men med desse små prøver han seg fram med å slakte halvårsgamle lam. Smak er viktigare enn slaktevekt. Alt som veks seint smakar godt er filosofien, og kjøtet skal gi ei unik smaksoppleving. 

I snart femten år har dei teke attende kjøtet frå slakteriet og foredla det i eigne lokale på Fuglastein. Kundane kjem frå heile Sør-Norge. Pinnekjøtet toppar lista. I tillegg sel dei mykje fenalår og spekepølser. 

– Lettsalta og lettrøkte kokelår og lårskiver til å steike i panna har blitt populært. Somme handlar for ti tusen, seier Astrid, som nett kom inn døra etter å ha vore ute med ein leveranse. 

Dei testa ulike krydder og smakstilsettingar, men funne at villsaukjøtet gir smak nok, berre tilsett litt salt.

Rykte om god smak

Medan avlsmål og trendar er flyktig har Astrid og Knut vore tru mot det dei meiner er viktig. Ein robust sau som passar i det landskapet og klimaet dei bur i, og kjøt i verdsklasse.

– Sauene våre er nok ikkje slik som desse rettleiarane vil ha dei, konstaterer bonden.

Kva andre måtte meine er mindre viktig, men det er ikkje fritt for at skryt frå blant anna kjendiskokk Arne Brimi gjer ein sauebonde frå Jelsa ekstra stolt. Ei anerkjenning for femti års målretta arbeid.

I dag har sonen Håkon teke over heimegarden til Knut på Landsnes. Eit av barnebarna har teke over på Fuglastein. Dei to har teke over foredlinga, men Astrid har framleis ansvar for bestillingar og sal. Ho bruker ikkje ei krone på marknadsføring.

– Kvifor skulle me det? Folk snakkar. Dei som har smakt kjøtet kjem att år etter år, seier ho, på ein litt avslipt hedmarksdialekt.

Prøver du å leite fram villsaukjøt frå Landsnes på nett, er det lite å finne. Sosiale media er ikkje deira stil. Dei har inga nettside, men du kan få telefonnummeret på ein lapp.

Populært kjøt: Astrid har ansvar for kundar og bestillingar. Ho har aldri brukt ei krone i marknadsføring, likevel kjem folk langvegsfrå for å kjøpe kjøt og pølser. Foto: Lise Bjelland.

Foredlar sjølve: Dei siste femten åra har Astrid og Knut foredla kjøtet sjølve. Dei sel alt privat og har kundar i heile Sør-Norge – sjølv med eit marknadsføringsbudsjett på null kroner. Foto: Lise Bjelland.

Stikkord denne saka: , , ,