BN+

Akutt: Forstopping, oppblåst vom og eit «søvnig» uttrykk, kan vera symptom på mjølkefeber. Foto: Animalia/Vinni Foss


Lamminga nærmar seg. Eit vanleg problem i tida før lamming er drektige søyer som vert liggande. Denne artikkelen tek for seg ulike årsaker til dette og kva sauebonden kan gjera for å førebyggja desse problema.


Asle Bjørgaas,
34 års klinisk praksis i Voss, no praktiserande veterinær i Vaksdal og Modalen med vaktsamarbeid med Voss.

Mjølkefeber

Mjølkefeber er ein velkjend sjukdom for dei fleste sauebønder. Sjukdomen skuldast at nivået av kalsium i blodet kjem under ei viss minstegrense. Kalsium er naudsynt for at muskelaktivitet og nerveimpulsar i kroppen skal fungera normalt. Dersom nivået av kalsium i blodet vert for lågt, vil desse livsviktige funksjonane opphøyra. Mjølkefeber er eit heller misvisande namn, då kroppstemperaturen som oftast går ned, ikkje opp.
Søyer får oftare mjølkefeber før fødsel enn etter fødsel. Produksjonen av skjelett hjå lamma og byrjande mjølkeproduksjon tek mykje kalsium frå blodet til søya. Ho kan skaffa seg kalsium frå to kjelder; frå grovfôret eller frå frigjering av kalsium frå søya sitt skjelett. Denne mekanismen er styrt av hormon og Vit- D. Den fungerer truleg best hjå unge dyr, og dette kan vera ein årsak til at mjølkefeber er vanlegare hjå eldre enn unge dyr, til dømes lam.
Mjølkefeber hjå søyer opptrer hyppigast dei siste seks vekene før lamming. Tilstanden kan også opptre etter lamming, og skuldast då at mjølkeproduksjonen tek mykje kalsium frå blodet.

Symptom:

Det fyrste ein ser er at søya har nedsett appetitt, øyro heng ned og ho ser «søvnig » ut. Eit anna vanleg symptom er forstopping og lett oppblåst vom. Kroppstemperaturen går vanlegvis ned. Ei drektig søye skal normalt ha ein kroppstemperatur på 39,0-39,3 grader celsius.
Mjølkefeber er ein akutt tilstand som krev rask hjelp. Etter kvart som muskelaktivitet og nerveimpulsar opphøyrer, klarer ikkje søya å stå. Slike søyer ligg ofte med hovudet rett ned og med skum ut av nasa.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE GRATIS

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her

På grunn av endring i abonnementssystemet 25.10.23 må alle abonnenter sette nytt passord for å lese låste artikler på nettsiden. Vi beklager bryderiet.
Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,