Alternativ tilpassingar: Stort underskot på storfekjøt, auka kvalitetstilskot på gode slakt, samt ny teknologi med gentesting og kjønnsseparert sæd, gjer det aktuelt å satsa sterkare på kombinasjonen mjølk og kjøt.

Kva alternativ har mjølkeprodusenten i ein situasjon der prisane på mjølkekvoter stadig aukar?

Liv Kristin Sola

– Høge prisar på mjølkekvote, reduksjon i forholdstalet, auka import av ost og utfasing av eksport av Jarlsberg laga av norsk mjølk.
Slik skildra Jofrid Toland Mjåtveit, leiar av Tine Nærbø Produsentlag, situasjonen som mjølkeprodusentane står midt oppi. I lag med Nortura, inviterte produsentlaga i Hå lokale mjølkeprodusentar til eit ope møte for å diskutera alternativ drift til høge kvoteprisar på mjølka.
– Om me ikkje klarer å stagnera importen, kan me risikera at totalkvoten på mjølk vert redusert, åtvara ho.

Sjå på totaløkonomien

Produsentlaga i Hå, oppmodar mjølkeprodusentane til å sjå alternative tilpassingar. Stort underskot på storfekjøt, auka kvalitetstilskot på gode slakt, samt ny teknologi med gentesting og kjønnsseparert sæd, gjer det aktuelt å satsa sterkare på kombinasjonen mjølk og kjøt.
– Som sjølvstendig næringsdrivande må me sjå på totaløkonomien på bruket. Då kan produksjon av mjølk, kjøt og livdyr på mjølkebruket vera eit godt alternativ, påpeikte Mjåtveit.

Meir enn berre kvoteprisen

– Er det ingen betalingsvilje, vil kvoteprisane roa seg. Men så lenge nokon er villige til å betala, held situasjonen fram, kommenterte Per Herikstad, leiar for Hå Rekneskapslag.
Han gav bøndene medhald i at dagens prisar er uakseptable. Med utgangspunkt i tal frå om lag 500 bruk knytt til rekneskapslag på Jæren og i Dalane, prøvde Herikstad å gje nokre vurderingar rundt auka kvote til høg kostnad, eller auka kjøtproduksjon. Dei 500 bruka var delt inn i tre grupper; dei 30 prosent beste, middel av alle, og dei 30 prosent svakaste.
– Det som slår meg, er kor utruleg stor variasjon det er mellom desse gruppene, kommenterte Herikstad.
Dei 30 prosent beste bruka hadde eit dekningsbidrag (DB) på kr 4,61 per liter (6,25 inkludert tilskot) medan dei 30 prosent svakaste klarer eit DB på 3,21 (5,27 inkludert tilskot). Ein gjennomsnittsbonde har eit DB på 3,91 kr per liter mjølk (5,78 inkludert tilskot).
– Ein differanse på 1,40 mellom dei beste og dei svakaste, før tilskot, viser at her er mykje pengar å henta, sa Herikstad.

100.000 liter ekstra

Det er ikkje berre kvota som kostar om ein skal auka produksjonen. I tillegg til kvoteleige (kr 1,50), kjem kostnad med leige av jord (kr 600 per daa), auka maskinkostnadar på leigd areal med 50 prosent, på grunn av at areal ligg lenger vekk frå garden (5 km), samt noko kostnadsauke knytt til robot, meirarbeid med fleire dyr, og rente på auke i buskap. Med utgangspunkt i statistikken frå rekneskapslaga der middelavdrått er i overkant av 7000 liter, vil ei auke på 100.000 liter krevja 14-15 ekstra kyr, ifølgje Herikstad. Kvar ku har eit arealkrav på 6,1 dekar dyrka jord. Det betyr ei auke på 89 dekar dyrka jord.
– Den totale kostnaden med å auka mjølkekvota med 100.000 liter vil overstiga 500.000 kroner. Kvoteauken utgjer ein reell kostnad på 5,19 kroner per liter, sa Herikstad.
Rekneskapstala viser altså at å auka mjølkekvota frå 300 til 400 tonn, vil kosta 5,19 kroner per liter, med dei føresetnadane som var lagt inn i berekningane.

Reint tap

Herikstad viste til at husdyrtilskotet per ku raskt vert redusert med auka kvote. Ved ei auke frå 100.000 til 200.000 liter, utgjer tilskot til drift og husdyr på 0,76 per liter. Ved å auka ei kvote frå 400.000 liter, vil tilskot til drift og husdyr utgjera 0,28 kroner per liter.
Ein gjennomsnittsbonde med 400.000 liter, oppnår eit dekningsbidrag inkludert tilskot, på 4,34 kroner. Om ein reknar ein reel kostnad på kvoteauken på 5,19 per liter, vil denne bonden tapa 80 øre per liter, om ho vel å ha løna folk i arbeid, gitt at føresetnadane over er rett. Gjer ho alt arbeidet sjølv, sit ho att med sju øre per liter, eller 7000 kr., for arbeid og risiko med å leiga 100.000 liter ekstra.
– Men det jo kjekt å være større enn naboen, kommenterer Herikstad.
Ein bonde blant dei 30 prosent som er best på drift, vil i ein tilsvarande situasjon ha ei inntening på 35 øre per liter, eller 57.000 kroner for arbeid og risiko.
– Det viser at du må vera betre enn snittet skal du tena pengar på ein kvote du må betale 1,50 for å leige. Men klarer du auka avlingsmengd per dekar, kan du redusera grovfôrarealet og få mindre leigeareal og lågare maskinkostnad per liter mjølk, enn snittet, summerte Herikstad.

Minimumsfaktoren

– Det er klart at dersom du har jorda nær garden og du har god drift, kan du gjera gode pengar på å betala 60-80-90 øre literen i kvote. Men du må driva betre enn middeltalet, sa Herikstad.
Det er mange faktorar som spelar inn, ikkje minst kostnad på grovfôret. Grovfôr er ofte ein minimumsfaktor, men er den enkeltfaktoren som har størst innverknad på økonomien i alle grovfôrbaserte produksjonar. Maskinkostnaden er nokså lik om ein har stor eller lita avling. Dermed blir kostnaden per FEm, inkludert variable og faste kostnadar, lågare med høg avling.

Kva påverkar resultatet?

Ifølgje Herikstad viser erfaringar at avdrått per ku, type fjøs og driftsopplegg, eller val av fullfôr, rundball eller plansilo, i liten grad verkar inn på resultatet i drifta. Heller ikkje kostnad til rådgjeving ser ut til å bidra til betre økonomi.
– Om årsaka er at bøndene kjøper rådgiving dei ikkje tek inn over seg, er det dobbel kostnad, sa Herikstad.
Dei som driv godt får god økonomi i det meste, ifølgje Herikstad. For bønder som oppnår resultat under gjennomsnittet, er truleg det beste tiltaket å få betre kontroll over drifta for å betra økonomien på garden. Den faktoren som faktisk har ein samanheng med god økonomi, er oversikt og kontroll over drifta, ifølge Herikstad.

Kva skal ein velja?

Herikstad var ikkje i tvil. Det er mykje anna de bønder kan nytta tida til, enn å arbeida «gratis» for å betala for ein rett til å produsera mjølk. Kva resultat ein kan oppnå med ein kombinert produksjon med mjølk og kjøt, er vanskeleg å talfesta. Kor godt ein kan gjera det på kjøtproduksjon, spesielt med kryssing og auka kvalitetsutbetaling, vil tida vise. Det som er meir sikkert, er at det er lite som svarar seg dårlegare enn å leige kvote til ein pris opp mot 1,50 kr per liter.
– Tenk økonomi, ikkje volum, og tilpass drifta til ressursane på garden. Du treng ikkje vera større enn naboen, ten heller meir pengar, sa Herikstad.

Bonden er avgjerande

Det er ingen klare svar på kva ein kan betala for mjølkekvote, eller i kor stor grad det løner seg å satsa på kjøt i tillegg til mjølk.
– Utleigar presser pris så lenge nokon er villig til å betale, både for kvote og jord.
Herikstad viser til at kjøtproduksjonen betalar betre for grovfôret enn mjølka ofte gjer.
– Du får ein nokså høg produksjon på same areal som trengst for å auka mjølkeproduksjonen med 100.000 liter. Det har truleg med at kjøtproduksjon krev nokså mykje kraftfôr.
I landbruket er det mange spørsmål som ser ut til å ha same svaret; du må sjå på eigen gard, vurdera eigne ressursar, eiga interesse, arbeidskapasitet, bygningsmasse og ikkje minst grovfôrproduksjonen.
Konklusjonen til Herikstad er kan hende ikkje overraskande, at berre dei aller beste kan få tilfredsstillande økonomi ut av ein kvote som kostar 1,50 kroner. Men sjølv dei ville truleg fått meir att for pengane om dei vurderte annleis. For mange kan auka kjøtproduksjon visa seg å vera eit godt alternativ.

Stikkord denne saka: , , , ,