Flyttar dyr: – Den kjensla av makt når du får mange dyr til å flytte på seg, det er cool, seier den vidgjetne Virginia-bonden Joel Salatin.

Langlesing:

Beitepredikanten

Joel Salatin er overtydd om at Herren set den beste standarden for jordbruket.  Difor er både kyrne og hønene hans på konstant beite i skaparverket.

Bothild Å. Nordsletten
Alle foto: Polyface farm

Då dei første europeiske settlarane kom til Shenandoah-dalen i Virginia skal graset ha stått så høgt at dei kunne knyta det over hesteryggen. 200 år med korndyrking seinare hadde nykomarane vaska metervis av den gode jorda ut i elva. Garden som faren til Joel Salatin kjøpte i 1961, låg på steingrunn. Svære krater gapte i det som var att av jord.

– Settlarane var gode kristne av ymse retningar. Eg er truande sjølv, men ein kan saktens undra seg over kva dei folka tenkte. All denne fruktbarheita, og likevel sette dei i gang med dei same metodane dei hadde strevd med der dei kom frå.

15.mars 2019. Salatin står på scena på Jæren. Den vitale 62 år gamle bonden er på Bryne i høve Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling sitt store jordseminar, og lanseringa av professor Dag Jørund Lønning si Jordboka II, der han sjølv er omtalt.

– Tragedien er ikkje at me er late. Tragedien er at me er utruleg travle og flinke med dei gale tinga, slår Salatin fast.

Beitebruk: Dei tusen storfea på Polyface farm, Virginia, beiter etter mønster frå dei enorme bøffelflokkane på prærien. Garden får ca 800 mm regn i året og er frostfri frå midten av mai til midten av september.

Maaangesyslar

Sakte, men sikkert byrja faren å bygge opp jorda att. Ved hjelp av husdyr. Masse husdyr. Gamle William gjekk motstraums. Planta tre. Grov dammar.

– Far dreiv organisk lenge før det var kult, forklarar sonen.

Joel og kona Teresa overtok. Steingrunnen er omsider omdanna til ein grøderik, høgproduktiv og svært lønsam gard. Polyface farm – garden med dei mange andleta.

Dei eig 700 mål ope land og nesten 190 hektar skog. I tillegg leiger dei 560 hektar beite fordelt på 12 eigedomar. Dei blir pleidde av tusen kyr. 25 000 broilarar.

4 000 høns. 700 grisar. 1 500 kalkun. 1 000 kaninar. Bier. Og så vidare.

Salatin elskar beitedyr og folk. Han skriv bøker og reiser verda rundt med beitebodskapen. Sonen har overteke drifta. Heile storfamilien er med. Pluss ni tilsette og stadig nye praktikantar. Kvart år tek Polyface farm imot 15 000 besøkande.
Kva er greia?

Fjøs…: Når det blir kaldt trekk høns, grisar og kaninar inn i polytunnellane på garden. Kaninane øvst i bur, hønene i midten og overalt, grisane på bakken. Salatin er ikkje uroa for smitte. Når så mange ulike dyreslag bur i lag, blir patogenane svært forvirra, hevdar han.

…og drivhus: Om sommaren blir det dyrka grønsaker i tunellane.

Fyller landskapet med rørsle

Som gardsnamnet peiker på handlar det om mangfald. Salatin kallar det «å fylle landskapet». Med dyr, frukt, bier, tre – ulike former for liv som utfyller kvarandre, og som bonden kan tena på. Kvart dyr, kvart bygg og kvar reiskap eller maskin må ha fleire funksjonar.

– Kapitalintensivt utstyr med berre éit bruksområde, er eit av dei større problema i landbruket. Det legg langvarige band på oss, både økonomisk og mentalt. På Polyface nyttar me multifunksjonsutstyr, sjølv om det ikkje er det mest effektive for kvar spesifikke arbeidsoppgåve, forklarar Salatin.

Og alt utstyr og strukturar på garden må vera mobilt, held han fram. Infrastruktur du kan flytta rundt på, krev ingen offentlege tillatingar og du treng ikkje eiga land for å nytta det.

– Eg elskar å ha masse maskinar og infrastruktur som styresmaktene ikkje veit om, gliser Salatin. 

Eggmobil: Hønene verper, et korn og finn skugge i rullande hønsehus ute på beite.

Mobiliteten gjeld også i høgste grad husdyra. Salatin svergar til konstant rørsle, forstyrring – disturbance. Han tek utgangspunkt i korleis flokkane med grasetarar vandra(r) over Serengeti-savannen i Afrika, eller prærien i USA. Utsiktene til grønare gras der framme, og uroa for rovdyr på flankane.

– Det fins ingen dyrefri økologi, og dyr – dei beveger seg. Også fjørfe, seier Salatin.

Kyrne på Polyface blir flytta frå eit beite til det neste éin gong i døgnet. At dei berre rekk å eta toppskota, gjer at graset er i stadig vekst- og karbonfangingsmodus. Tre dagar etter pussen flyttar fjørfeet inn. Då har fluelarvene i kurukene blitt akkurat store nok til å freista hønene, som pikkar, sparkar og spreier den livgjevande gjødsla under måltidet. I små hus på hjul legg hønene egg for titusenvis av dollar.
Mobile, elektriske gjerder og mobile drikkestasjonar, gjer dei daglege flyttesjauane moglege.

– Ingen trur du kan drive presisjonslandbruk utan maskinar, men me kontrollerer bølingar med stor presisjon på denne måten.

Dagleg flyttesjau: Ved hjelp av mobile, elektriske gjerder og mobile vasstankar, blir kyr, grisar, høner og kalkunar flytta rundt kvar dag.

Goble-goble: Også kalkunane går ute.

– Det er rart. Ingen trur du kan drive presisjonslandbruk utan maskinar, men me kontrollerer bølingar med stor presisjon på denne måten, seier Salatin.

– Den kjensla av makt når du får så mange dyr til å flytte på seg, det er cool!

All flytting av husdyra følgjer gjennomtenkte planar, basert på tidlegare års avlingar og fruktbarheit på dei ulike beita. Bøndene må halda oversikt med kor mange fôreiningar kvar nye del av enga har å by på. Slik kan dei justere dagen etter, dersom eit av beita ikkje skulle halda mål.

– Strategisk, økologisk forstyrring. Og så ein lang kvileperiode for jorda, forklarar Salatin.

Sår ikkje eit frø

På Polyface korkje pløyer, kunstgjødslar eller sår dei. Samspelet mellom dyr i drift og måten menneska nyttar gardens eigne ressursar på, gjer behovet for eksterne og kostbare innsatsfaktorar minimalt. Noko høy til eige bruk om vinteren må dei slå. Salatin veit godt at lagring av vinterfôr utgjer ein stor utgiftspost ved storfehald, og freistar difor å strekke beitesesongen så langt som råd i både endar.

– Kva kallar du driftsmåten på Polyface, då, vil Bondevennen vita.

– Holisitisk? Permakultur? Regenerativ?

Salatin ser ikkje ut til å vera særleg glad i nokre av desse omgrepa.

– Me kallar det lønsamt. Han ler.

– Altså, me er grasbønder og me driv beitebasert husdyrhald.

– Men kor lønsamt? Er det mogleg å kvantifisere produktivitetsauken ved stort mangfald i drifta?

Salatin meiner bestemt det, og viser til at det er gjort mykje forsking på feltet, utan at han kjem med konkrete tal.

På Polyface reknar dei 110 dollar i utgifter og 3000 dollar i inntekter per hektar per år.

– Me er mykje meir produktive enn den gjennomsnittlege nabogarden, seier Salatin.

– Ved bruk av dei mobile, elektriske gjerda, og mobile vasskjelder, kan me dobla avlinga på eit nytt beite, på eit år.

Grisegildt: Grisene trivst under og mellom lauvtrea. Aktiviteten aukar kvaliteten på kjøtet deira – og verdien av trevirket i skogen, ettersom dyra hindrar skadelege organismar i å slå rot.

Ein spesifikk driftsmetode har Salatin likevel trykt til bringa: silvopasture, eller skogbeitebruk. Han kallar dei glisne skogane på garden, med beitande dyr innimellom, for sin biologiske katedral.

– Me treng fleire skogar, men færre tre, seier han.

For lauvtrea som får høve til å veksa seg store, utgjer også eit viktig bidrag til sjølvforsyninga på bruket. Og di meir sjølvforsynt du er, di meir moglegheitar har du, meiner Salatin.

Kompostsamarbeid

På Polyface farm har dei difor investert i eiga sag. Heile stammar går unna til urbane hyttefolk som gladeleg betalar for den «ekte kjensla» ved å ferdigkappa sin eigen peiskos.

I tillegg held bøndene seg også med store mengdar flis. Flisa blir tilsett maiskorn, og dannar så underlag for kyrne, når dei vinterstid trekk inn til høyfôring under overbygget. Her er ingen veggar. Taket er berre til for at ikkje regn skal føra vekk fosforen. Dyra frys ikkje, hevdar Salatin.

– Langt fleire dyr har døydd av luftvegssjukdommar som følgje av å stå i fjøs, enn av kulde.

Flisa sug opp den våte gjødsla og blir pakka saman til anaerob kompost. I det kyrne blir slept på beite att, går grisene laus på komposten. I rotinga etter spirande maiskorn tilfører dei oksygen, komposten blir aerob, og klar for å spreiast på beita. Ti-tolv tonn kompost går med til kvar acre, (dryge fire mål).

Luftig: Trevirke frå eigen gard er brukt for å bygga denne enkle strukturen der kyrne et og finn skjul vinterstid. Taket er på plass berre for å hindra regnet frå å føra vekk fosforen frå gjødsla.

Hønene følgjer med den nyspreidde komposten på beite. Dei finn maiskorna grisane har oversett, og bryt opp dei siste kompostklumpane i prosessen. Grisane blir flytta vidare, inn mellom trea for å halda skogen open og trea frie for skadelege organismar – skogbeitebruk. Medan dei boltrar seg – aldri lengre enn at dei generer ny plantevekst – aukar kvaliteten og verdien både på kjøtet og på trevirket.

Slik går åra. Og slikt blir det god jord av, skal me tru Salatin. 

– Den rikaste jorda i verda finn me under grasland der grasetarar og rovdyr driv sin koreografi.

På jakt etter maiskorn: Grisane rotar i strømassane etter kyrne og gjer komposten aerob og klar for spreiing på markene.

Respekterer grisens vesen

– Alt er integrert. Naturen er ikkje mekanisk, med bitar som kan bytast ut, slik industrilandbruket tenkjer, seier bonden.

– Naturen er biologisk, med evne til å heila seg sjølv. Og naturens mal er basert på fleirårige planter. Ikkje eittårige. Kua er svært viktig for å omdanna solenergi til biomasse. Den rikaste jorda i verda finn me under grasland der grasetarar og rovdyr driv sin koreografi. Og om me må gjerda dyra inne, må me få dei til å bevega seg som dei eigentleg skal, seier han. Og ved å gjera nett det, ved å lata dyra utfalda sin eigen natur, verdset me både dei, og oss sjølve, meiner Salatin.

Han tek grisen som døme.

– På Polyface ærer og respekterer me grisens vesen – the pigness of the pig, som han kallar det.

– Gjer me ikkje det, ærer me ikkje oss sjølve. Me kan ikkje handla og produsera på måtar som gjer at neste generasjon må rydda opp etter oss. For mange er opptatt av å produsera ein større gris, heller enn ein gladare gris. Men folk vil jo kjøpe ein kotelett som respekterer grisens vesen!

På Polyface ærer og respekterer me grisens vesen – the pigness of the pig.

Også hønenes sanne vesen skal respekterast på Polyface. Då dei byrja med eige rugeri, valde bøndene ein mindre utbreidd rase og plukka ut dei eldste, framleis eggleggjande individa frå flokken.

Hønene på garden legg no visstnok like bra med egg i sitt tredje, som i sitt første år, skal me tru Salatin. Fordi dei går ute, under open himmel, lærer dei seg også å verje seg mot farane som lurar.

– Ser dei ein hauk, tenkjer dei ikkje ‘hei, hei, fjørkledde fetter!’. Dei spring å gøymer seg under rugevogna. Slik blir kvar generasjon litt smartare, seier bonden.

Kjærleik og friksjon

Mykje av utadretta aktiviteten på Polyface dreier seg om å minske avstanden mellom byfolk og bønder. Her speler også fjørfeet ei viktig rolle. Dei mange besøkjande likar å sjå samspelet i naturen med eigne auge.

– Høner og kyllingar ute i åkeren skapar kjærleik, seier Salatin.

–Industrielle hønsehus skapar friksjon.

Ein friksjon Salatin likevel veit å spøkja med.

– Av og til har me matmarknad på garden. Noko av det morosamaste me gjer er å laga pølser, stikka små smaksprøvar på tannpirkarar og gi dei til vegetarianarane sine ungar. 

Kjærleik: – Synet av høner og kyllingar ute i åkeren skapar kjærleik. Industrielle hønsehus skapar friksjon, seier Salatin.

Ikkje gammaldags

– Lat oss kalla det regenerativt landbruk. Kunnskapen om denne driftsforma, har vore kjend lenge og det fungerer tydelegvis bra for dykk. Kvifor har ikkje desse metodane då vorte gjengs?

– Fordi det er annleis, og annleis er alltid trugande og rart, svarar Salatin

– Bønder kan vera ei ganske samanvevd gruppe. Dei tenkjer på kva naboen trur om dei, og slik forsterkast eksisterande metodar.

Vårt svake punkt ligg mellom øyrene, ikkje ute i åkeren.

Salatin etterlyser meir kreativitet i måten landbruket leitar etter løysningar på.

– Kvifor ikkje berre gleda seg over den nye, biologiske kunnskapen? Me har ressursane. Det er ikkje problemet. Men me nyttar dei ikkje, fordi me ikkje veit å tenkja kreativt nok. Dersom det einaste verktøyet du har i kassa er ein hammar, så ser alle problem ut som ein spiker. Det vanskelegaste klimaet å forandra er det mentale. Vårt svake punkt ligg mellom øyrene, ikkje ute i åkeren. Me treng fleire verktøy.

Han avviser at dei naturnære metodane på Polyface er gamaldagse.

– Me omfamnar teknologi. Men òg det nye og aukande medvitet om biologiske prosessar, og korleis me jobbar med dei. Me ser på livet som fundamentalt biologisk. Det industrielle landbruket, dei store selskapa, ser livet som fundamentalt mekanisk. Ser du det slik, er det ingen etiske atterhald, livet er berre som ein maskin, med delar du kan byta ut. Ser du derimot på livet som fundamentalt biologisk, så ligg det ei djupare forståing til grunn.

Salatin meiner noko er i ferd med å skje, men usikker på kor det endar.

– Denne biologiske måten å tenkja på breier om seg no. Men den andre sida kjempar også hardare mot. Blir det fleire gardar der den biologiske grunnhaldninga rår? Eg veit ikkje, men det som driv den framover, trass i alt, er at industrielt landbruk ikkje funkar.

Populær plass: 15 000 folk vitjar Polyface farm kvart år.

Å gjera det rette

Krav om stadig høgare effektivitet legg press på bønder på båe sider av dammen. Salatin er klar på kva han meiner om det, (og avdekker i same slengen eit kinkig punkt i oversettinga frå engelsk til norsk).

– Eg er heilt for effektivitet (efficiency), men eg er ei langt større disippel av effectiveness (å gjera det som er rett). Du kan vera effektiv (efficient) til å gjera dei feil tinga (ineffective things). Kva må me vera effektive på? Det bør målast til dømes ved mindre medisinbruk. Meir fruktbar jord som ikkje treng meir ekstern input. Mindre plantevernmidlar. Me må slutta å sjå på det me produserer som «vare», og heller konsentrera oss om å fø det nære opplandet, bioregionen, vår. Me må selja historia bak produkta våre. Dette byggjer også tettare band, bønder i mellom.

Ein annan veg

Trass i innsatsen for å minska avstanden mellom by og land har urbane veganarar, og EAT/Lancet-rapporten, har gitt Salatin nokre grå hår. Det har òg kjøtindustrien.

– Kritikken mot raudt kjøt er generelt heilt på sin plass, for dagens kjøtproduksjon er utruleg dysfunksjonell. Kyr skal ikkje vera i den same åkeren heile tida, men flyttast heile vegen. Dei skal ikkje ha vasskrevjande korn, likevel blir dei fôra med det. Samstundes svartmålar EAT/Lancet ein heil sektor, utan omsyn til at kjøtproduksjonen kan vera annleis og betre. Det er latterleg. Om du har masse dårlege lærarar på ein skule, byter du dei ut. Du sluttar ikkje med utdanning.

Salatin er oppgitt over eigne yrkesbrør, men òg håpefull.

– Det me treng er betre bønder. Me har så mykje godt å fara med. Som at metanfangande bakteriar lever under sunne beiteområde – ikkje under asfalt eller kafear. Vitskapen er eigentleg på vår side. Det dei fleste bønder ikkje godtek, er kor langt dei har forvilla seg frå økologisk forbetrande system. Bønder som oss tilbyr ein annan veg.

Det finns ikkje ein mjølkegard i Noreg, som ikkje ville tena på å sende kyr og høner på same beite.

– Om du hadde ein gard i Vest-Noreg, kva driftsform ville du då nytta? 

– Eg ville gjort alt det me gjer på Polyface, men i mindre skala. Systema våre er heilt skalerbare. Du kan gjera dette på fire mål. Med ei eller to kyr. 500 kyllingar. Seks griser i staden for 100. Det går fint. Eg ville intensivert. Fylt landskapet. Mengda produkt du kan få ut av å gjera dette er utruleg. Det finns ikkje ein mjølkegard i Noreg, som ikkje ville tena på å sende kyr og høner på same beite.

Det viktigaste: Før me har greidd å skapa ein stad som ungane vil koma attende til når dei er tenåringar, har me ingenting, meiner Joel Salatin. Her under ei freda stund med kone og barn for mange år sidan. Sonen driv Polyface farm i dag.

Les meir om Polyface farm her: http://www.polyfacefarms.com/

Stikkord denne saka: , , , , ,