Blikket retta mot Sveits

Gode arbeidstilhøve: – Kyrne er mine arbeidarar. Da må eg gje dei dei aller beste tilhøve. Happy cows, happy farmer, happy life, summerer Christoph Dürr. Foto: Privat

Mykje er annleis i Sveits, men gode resultat kjem av kunnskap og hardt arbeid, også der.

Liv Kristin Sola

Arrangørane av AgroNordVest hadde invitert sveitsiske Christoph Dürr til i Loen i Sogn og Fjordane laurdag i førre veke, for å fortelje om landbruket i Sveits. Dei rundt 220 bøndene i salen fekk oppleve ungt pågangsmot blanda med kunnskap og optimisme frå den 26 år gamle mjølkeprodusenten.
Dürr er fjerde generasjon på garden og driv i lag med far sin i Gams, i den tysktalande delen nordaust i Sveits. Garden ligg på 450 meter, som er for låglandet å rekne i sveitsisk samanheng.
I 1996 la faren om til organisk drift (det me kallar økologisk). Sjølv utan tilskot den gongen, var han sikker på at organisk var framtida. I dag har dei ein veldriven produksjon med god økonomi.

Utdanning og erfaring

I 2010 fullførte den unge bonden ei treårig lærlingutdanning med fagbrev i agronomi. Han har jobba eitt år på gard i den franske delen av Sveits og eit år i New Zealand og Australia, samt halvanna år på ein gard med kontraktbasert grønsaksproduksjon. Tre somrar i Alpane med 150 kyr og eige ysteri, ga innsyn i den tradisjonelle delen av sveitsisk landbruk.

– Tilhøva i Alpane varierer, noko som har effekt på graskvalitet, som igjen merkast på smaken av osten, seier Dürr til Bondevennen.

Til våren er han ferdig med ei treåring utdanning i driftsleiing og får diplom i gardsadministrasjon og driftsleiing.

Christoph Dürr skil mellom organisk og økologisk/ekstensiv drift:

Organisk drift er det me i Noreg kallar økologisk, med eit regelverk som liknar på Debioregelverket.

Økologisk viser til eit krav frå styresmaktene som pålegg alle sveitsiske bønder å drive ekstensiv produksjon på minimum sju prosent av arealet. Målet er å ta vare på biologisk mangfald. For ein grasprodusent betyr det at graset tidlegast kan haustast 15. juni, og maks tre slåttar. Graset kan ikkje sprøytast eller gjødslast, men arealet kan nyttast til beiting etter 15. september. Tiltaket utløyser statleg tilskot. Bøndene kan utvide areal til ekstensiv drift utover sju prosent, noko som utløyser tilsvarande auka tilskot.

Variert drift

Familien Dürr driv 500 dekar dyrka jord fordelt på 360 dekar med gras, der 80 dekar er økologisk ekstensivt drift (sjå faktaboks). 140 dekar åkerdrift fordeltpå 40 dekar mais, 20 dekar kveite, 20 dekar graskar, 20 dekar blomkål, 20 dekar brokkoli og 35 dekar nytt areal med gras til produksjon av høy. Alt arealet er organisk, og dei nyttar ikkje kunstgjødsel eller sprøytemiddel. I tillegg har dei 180 epletre som gir rundt 25 tonn eple for produksjon av sider.

– Graskaravlingane kan nå 30 tonn per hektar (10 dekar) i gode år, medan andre år kan det gå rett gale, seier Dürr.

Var det opp til han skulle dei berre dyrke graskar, men dei har kontrakt om levering og pliktar difor å dyrke fram også dei meir krevjande vekstane.

Best i verda på gras

Førsteslåtten vert hausta i starten av mai. Dei slår kvar tredje til fjerde veke med totalt fem til seks slåttar. Avlinga er på 450 rundballar og 2000 m3 første og andre slått høy blir tørka på låven.

– Sveitsiske bønder er blant dei beste grasdyrkarane i verda, seier Dürr,og viser kurver over grastilvekst ved fleire ulike driftsmåtar, alle utan kunstgjødsel. I midten av mai, er grastilveksten rundt hundre kilo tørrstoff per hektar per dag (ti kilo per dekar). Tilveksten stabiliserer seg rundt åtti kg ts per ha per dag frå juli til midt i september.

– Eit hektar gras kan dekke det totale fôrbehovet til 1,8 kyr. Tilsvarande vil eit hektar gras + mais dekke behovet til 2,5 kyr, seier Dürr.

Samanlikna med andre europeiske land, har sveitsarane høgast fôreffektivitet målt i mengde mjølk i forhold til kilo kraftfôr, med berre 570 kilo kraftfôr per ku per år og rundt 7000 liter mjølk.

Dyrevelferd: Sveits har verdas høgste standar for dyrevelferd, vedteke av styresmaktene. For Dürr betyr det lite. Han har høgare krav enn styresmaktene. Liggebåsane, kvar sin eteplass, ventilasjon og klauvskjering er dei viktigaste faktorane. Foto: Privat

Satsar på haldbare kyr

Buskapen består av 60 kyr som alle har namn. 45 er Brown Swiss og 15 er Holstein.

– Sveits har eksportert mykje holsteinsæd til utlandet, og importert nye genar frå USA og Canada. Det har gitt kyr som er høgare enn tidlegare, gjerne 1,65 cm. Det er ingen fordel. Store dyr et meir, men eg får det ikkje att i meir mjølk, seier Dürr.

Dei fleste holsteinkyrne vert kryssa med kjøtfe for å legge om til rein BS-besetning. Totalt vert halvparten av kyrne inseminert med kjøtfe.

– Me treng berre ti kviger til rekruttering kvart år, og marknaden spør etter kjøtfe, forklarer Dürr.

Høg sjølvforsyning av fôr

Kyrne vert mjølka i mjølkegrav. Ytinga er i snitt 7250 kilo mjølk med 4,48 prosent feitt og 3,62 prosent protein 3,62. Kyrne oppnår i snitt 4,2 laktasjonar.

– Målet er 7500 kilo, noko eg trur er mot grensa for kva me kan klare i økologisk drift med stor grad av sjølvforsyning, seier bonden.

Han legg vekt på høg sjølvforsyning, både på eigen gard, men også i sveitsisk landbruk.

– Kunden vil ha mjølk frå sveitsiske ressursar, seier Dürr.

Dei nyttar 480 kilo kraftfôr per ku per år, om lag fem til seks prosent av rasjonen.

Grovfôrrasjon vinter:
24 kg surfôr
3 kg høy av 1. slått
10 kg maisensilasje
2 kg alfalfa (belgvekst import frå England)
0,5 kg høy av 2. slått
1 kg linfrø
1 kg kveitekli

Kyrne er på beite fire til fem timar per dag om sommaren og fôrrasjonen vert endra etter vær og temperatur. Kviger og sinkyr beitar i Alpane.

 Høg tilvekst på kalvane

Etter den viktige råmjølka får kalvane inntil 11 liter mjølk fordelt på tre gonger per dag til dei er 3,5 til fire månadar gamle, eller veg 160 kilo. Det utgjer 25.000 kilo mjølk i året. Kalvane er oppstalla i enkeltboksar i 15 dagar før dei vert flytta i små grupper og får tilgang til høy, alfalfa og kraftfôr.

– God tilvekst på kalvane dei første månadane får me att når kyrne kalvar, slår bonden fast.

Målet er ein gjennomsnittleg tilvekst på 900 gram per dag dei første seks månadane, og minst 160 kilo på fire månadar. Seks månadar gamle vert kalvane flytta til ein oppdrettar som fôrar dei fram til kalving rundt 26 månadar. Oppdrettar inseminerer etter plan frå Dürr.

Ta vare på arbeidarane

Liggebåsane er 1,35 meter X 1,80 cm med ein ekstra meter inn mot vegg. For å få til djupstrø har han montert ein 28 cm høg bakkant som gjer det mogleg å fylle båsane. Båsane har kompost i botn og halm på toppen. For å få det til å fungere må bonden blande halm og gjødsel minst to til tre gonger per dag og ventilasjonen må fungerer slik at overflata alltid er tørr.

– Djupstrø har utan tvil hatt effekt på liggetid og yting i besetninga, og viser att i flatare laktasjonskurvar og høgare produksjon. Men eg prøver alltid å bli betre, derfor er det vanskeleg å seie kva faktor som gjer den store skilnaden. Er det liggebåsen, er det fôringa, eller er det beina? Eg trur alt heng saman, seier Dürr.

Fruktbarheit, jur og bein er viktigast. Bonden har klauvboks og skjærer klauvene tre gonger i året. Kyrne har tilgang til uteareal og fjøset har både innvendig og utvendig fôrbrett.

– Det fungerer bra, sjølv om det snør. Kyrne liker det – det gjer eg og, seier bonden.

Utvikla garden: Far til Christoph har lagt ned mange timar i å bygge opp garden. I dag er den arbeidsplass for to generasjonar og to fast tilsette. Foto: Privat

Høg mjølkepris gir god økonomi

Utgiftene fordeler seg på 56 prosent faste kostnadar, 18 prosent variable kostnadar og 26 prosent er løn og reinvesteringar.
Familien Dürr driv i eit gunstig område, og inntekta er i stor grad basert på marknadsprisen på mjølk. 75 prosent kjem frå mjølk og 25 prosent av inntekta kjem frå subsidiar. Samanlikna med andre har dei ei høg mjølkeinntekt, og kan ta ut ein timepris for eige arbeid på rundt 230 kroner. Nøktern drift og høg mjølkeinntekt ligg til grunn for god økonomi.

Leverer mjølk via forhandlar

Då mjølkekvotane i Sveits vart oppheva i 2010 vart det uro i starten, men situasjonen har stabilisert seg.

– Mjølkeprisen varierer med årstidene og kva avtale du har for levering. Om sommaren er det mange som yster på eiga seter, då stig mjølkeprisen til nærare sju kroner for økologisk mjølk, seier Dürr.

Tradisjonelt hadde kvar landsby sitt eige ysteri kor bøndene leverte mjølka. Slik er det ikkje lenger.

– Dei små ysteria har ikkje klart å omstille seg, og mjølkeprisen til bøndene vart svakare, seier den sveitsiske bonden.

No leverer dei til ein forhandlar som sel mjølka vidare til eit av dei nasjonale meieriselskapa. Fleire bønder har planar om å gå i lag for å levere mjølk gjennom ein felles avtale for å sikre forhandlaren eit større volum, og auka pris til bøndene.

– Eit lite samvirke, seier Dürr, som leverte 410.000 kilo mjølk til forhandlar i fjor.

Statlege overføringar

Det sveitsiske tilskotssystemet er todelt: Alpane har eigne satsar og tilskot, medan dei som driv i lågare områder har ein produksjon som i større grad er avhengig av marknaden. Tjue prosent av gardsbruka i Sveits blir drive organisk, men etterspurnaden er høgare. Fleire bønder tek no kostnaden med å legge om drifta, støtta av styresmaktene.
Overføringane til sveitsiske bønder er på 2,8 milliardar sveitsisk franc årleg (om lag 23 mrd. kroner). Den største potten går til å sikre matforsyninga i landet. Ein stor del går også til kulturlandskap.

– Store delar av subsidiane er knytt til beiting, både i alpine og lågareliggande områder. Bøndene får tilskot for god dyrevelferd og for å ta vare på biologisk mangfald. Organisk drift vert gitt midlar, det same gjeld tradisjonell drift med seterbruk. Tilskota er høgare i områder med driftsvanskar, seier Dürr.

Vil være blant dei beste: – Eg ser alltid etter ting som gjer meg betre. På søndag skal eg besøke norske bønder, og vil heilt sikkert oppdage noko eg kan prøve ut heime, seier den unge bonden, som var i Norge i lag med kjærasten, Daniela.

 

Store strukturendringar

Dürr fortel om store strukturendringar sidan år 2000.

– Arbeidsplassar knytt til landbruk er redusert med 25 prosent. 235.000 dekar jord er bygd ned eller grodd att med skog. Gardsbruka aukar i areal. I dag er femti prosent av gardane på 300-400 dekar eller meir med ein gjennomsnittleg buskapsstorleik på 25 kyr.

Utfordringar framover er redusert tollvern, press på jorda og fordeling av tilskot. Dürr er skeptisk til måten tilskot til ekstensiv drift vert organisert på.

– Biologisk mangfald er svært viktig, men utfordringa er at bønder som driv i produktive områder kan dreier vekk frå produksjon og drive meir ekstensivt for å få ut meir tilskot for mindre arbeid. Det er ikkje greitt. Ut over minimumskravet, skulle tilskota vore prioritert til bønder som ønsker å produsere mat, ikkje dei som tilpassar drifta for å få optimalt ut av overføringane, seier Christoph Dürr.

Stikkord denne saka: , , , ,