Torill Østraat og Jone Hauken begynte med andelslandbruk i 2015.

Torill Østraat og Jone Hauken begynte med andelslandbruk i 2015.

 

– Folk er opptekne av kva dei et og at barna får sjå kor maten kjem frå.

Eirik Stople

Vi benkar oss rundt kjøkenbordet heime hjå Torill Østraat og Jone Hauken.
Garden ligg sentrumsnært og vakkert til i hellinga ned mot Vatne, like utanfor Sandnes (70.000 innb.). For Torill og Jone har 2015 vore året då dei tok steget inn i nye landskap med nye utfordringar og opplevingar.

Inspirasjonsmøte

Korleis fekk de ideen om andelslandbruk?
– Fylkesmannen inviterte til eit møte om andelslandbruk på førjulsvinteren i fjor. 70 frammøtte synte at det er stor interesse for temaet. Vi hadde tenkt tanken om å starte opp, men var usikre. For oss blei inspirasjonsmøtet vendepunktet. Vi fekk kontakt med andre produsentar, interesserte andelseigarar og det økologiske miljøet.

Kva er andelslandbruk?

– Dei fleste andelslandbruk er organiserte som eit samvirke. Andelseigarane fattar vedtak gjennom styret og årsmøtet, men eig ikkje føretaket. Elles er det ulike modellar å drifta laga på. Nokre leiger jord og tilset gartnar. I vårt tilfelle eig vi jorda, er aktive i drifta og bestemmer omfanget av produksjonen. Andelseigarane forpliktar seg til å delta i produksjonen med eit visst tal timar. Dei fleste har ikkje erfaring med grønsakdyrking. Difor arrangerer vi dugnadsdagar og gir opplæring. Vi deler på risikoen. I eit godt år blir det mykje å fordele, om noko blir mislukka blir det tilsvarande mindre.

Kva med økonomien?

– Det er eit prinsipp at andelslandbruket skal ha ein open økonomi. Alle deltakarane skal ha innsyn i kva pengane blir nytta til. I år stoppa vi på 65 andelseigarar og har 30 som står på venteliste. Ein andel kostar 2.500 kroner. Vi legg opp til at ein andel skal dekke behovet av potet- og grønsaker til ein person i vekstsesongen. Ein husstand kan kjøpe fleire andelar. Ungar, frå 0-7 år, er gratis. Andelseigarane betalar for sine andelar ved sesongstart.

Erfaringar etter ein sesong

Torill og Jone fortel at dei har konsentrert seg om praktisk dyrking og å bygga opp ein struktur for å handtere andelseigarane på ein god måte. Dei hadde ikkje erfaring med grønsakproduksjon og søkte difor om BU-midlar til kompetanseoppbygging og rådgjeving. Slik kunne dei delta på studieturar, nettverkssamlingar og kurs om grønsakdyrking. I år har dei hatt eit areal på ca 5 dekar i produksjon. Sidan dei dyrkar etter økologiske prinsipp, kunne dei ikkje brakke arealet før pløying i vår. Difor nytta dei ei mark som dyra hadde beitt sidan 1960.
– Slik var vi rimeleg sikre på at jorda var fri for kveke. I år med mykje nedbør er det ei utfordring at vi har leirholdig jord på garden. Men det kan også vera ein fordel i tørre somrar, fortel dei.
Dei første grønsakene i år sådde dei 26. mars og sidan gjekk det slag i slag. Dei har 30 grønsakslag. Potetsortane, Ariel og Folva, måtte dei ta opp tidlegare enn planlagt på grunn av tørråte.
– Vêret har sjølvsagt vore ei utfordring, mellom anna kom to hald av blomkålen på likt, fortel Torill.
Dei nyttar fiberduk i staden for plantevernmiddel mot insekt og dei har dekka med maisduk mot ugras. Like fullt er ugras, ikkje minst tunrapp, ei utfordring. I ferien var det ikkje like lett å få med folk til luking. Det mest brysame skadedyret har vore sniglane.

Kommunikasjon og tilrettelegging for andelseigarane

– God og tett kommunikasjon med andelseigarane er avgjerande for å lukkast, erfarer Torill og Jone.
Kvar veke sender dei ut haustemelding. Dei nyttar e-post og sosiale medium. Her får andelseigarane informasjon om kva grønsaker som er aktuelle å hauste den aktuelle veka og om mengde i forhold til andelar. Like viktig som elektronisk kommunikasjon er den personlege oppfølginga. Mange er heilt ukjende med korleis grønsakene veks i åkeren. Torill og Jone tilbyr haustehjelp, til avtalte tidpunkt. Dei opplever at mange som er usikre møter opp til annonserte tidspunkt. Tilrettelegging er eit anna stikkord. Ein må tenke på parkering, vaskeplass for utstyr og grønsaker, WC, leikeplass for barna, hauste- og ugrasreiskap og ikkje minst informasjonsplakatar ute i åkeren.

Filosofien

Kva er det som driv dykk?
– I botn ligg sjølvsagt ønsket om å skapa seg ein næringsveg. Men perspektivet er vidare enn det. Vi er opptekne av at mange ønskjer eit tettare forhold til mat og matproduksjon. Dette får andelseigarane gjennom deltaking, og så gir vi dei og barna ei oppleving av dyr og gardsliv i tillegg. Det er andelseigarane som avgjer produksjonsmetode. Det er ingen krav om økologisk produksjon, men i grunntanken bak ideen om andelslandbruk tenker ein økologisk. Vi er førebels ikkje debiogodkjente, men  dyrkar likevel etter økologiske prinsipp.

Går vidare

– Utgangspunktet var at 2015 skulle vera eit prøveår. Vi trivst med opplegget og har bestemt oss for å gå vidare. Nå er vi klare for å bygge eit plasthus for oppal av planter og eit bygg med fasilitetar for andelseigarane. Vi kjem til å søke Innovasjon Norge om investeringsstøtte, fortel Torill og Jone.
Neste år vil dei doble arealet, frå 5 til 10 dekar, for å kunne auke tal andelseigarar til 100. I august plasserte dei 21 griser på det ny arealet for å ta opp kampen mot kveka. Dei er spente på resultatet.

  • Andelseigar Elisabeth Møller Bjørklund, frå Sandnes, saman med barna Magnus og Sverre. – Det er fantastisk å få nærleik til maten og å få ha med barna på hausting. Dessutan er dette veldig sosialt og eg får tilgang til mange nye grønsaker. Eg er oppteken av nærleik og berekraft og får meir respekt for maten her. Det set litt lenger inne når vi haustar den sjølve, fortel Elisabeth.

Gardsfakta:

Torill Østraat og Jone Hauken driv med andelslandbruk i Sandnes kommune.
Dei har barna Espen (11), Eline (9), Simen (4) og Signe (1). Torill er utdanna barnevernspedagog og agronom. Nå arbeidar ho fulltid heime. Jone arbeider tre dagar i veka utanfor garden som teleteknikar. Dei har god hjelp av Svein, far til Torill.
Torill og Jone tok over heimegarden til Torill i 2008. Den gongen var det mjølke- og slaktegrisproduksjon på garden. Nå er mjølkekvota leigd ut og dei har 25 ammekyr av rasen Hereford. Dei har kutta ut grisen og starta opp med sau og bier. I 2015 starta dei opp med andelslandbruk og har nå 65 andelseigarar.
Garden har eit samla areal på 350 dekar. 125 dekar er dyrka og 65 dekar er kulturbeite, resten er utmark. Dei har nettopp hogd ut 600m3 tømmer. Arealet blir gjort om til beite.
 

Stikkord denne saka: , , , ,