Rett val: – Eg vaks ikkje opp på gard, det gjer meg truleg mindre skeptisk til å tru at ting kan endrast og gjerast litt betre. Det hender eg tek feil, og får beskjed av sjefen at dette nok ikkje var ein smart løysing. Men noko har eg gjort rett, og i tilfellet med kryssing med NRF trur eg det vil ta oss vidare i rett retning, seier Hoffmann. Foto: Privat.

Utan bruk av sprøytemidlar, hormonar eller antibiotika, er familiedrivne Natural Prairie Dairy med 13.500 mjølkekyr, eit av dei største økologiske mjølkebruka i USA.

Liv Kristin Sola

Hartley i Texas, USA, har 2000 innbyggarar. Det meste dreier seg om jordbruk. Ikkje minst for Cheri og Donald De Jong. Det heile starta med 32.000 dekar land og eit mål om å mjølke rundt 500 kyr. Men på høgslettene i Texas har bøndene mykje jord, mykje himmel og mange kyr, som Donald De Jong uttrykker seg i ein videosnutt på heimesida deira. Det vart etter kvart litt meir enn 500 kyr.

Natural Prairie Dairy

Joshua D. Hoffman, dagleg leiar for Natural Prairie Dairy, kom frå Hartley til Hamar, til Geno sitt årsmøte i mars, for å gi delegatane eit innblikk i drifta på eit av dei største økologiske mjølkebruka i USA. Han fortalde også om kvifor dei har vald å krysse inn NRF i den økologiske holsteinbesetninga, samt i ei konvensjonell jerseybesetning på 3000 kyr.
Hoffmann har ansvar for 13.500 mjølkekyr og 240 tilsette. I dag produserer garden over 250.000 liter økologisk mjølk per dag.

Rask utvikling

Det økologiske eventyret starta i 2005 med at Cheri og Donald De Jong sette opp det første fjøset og etablerte Natural Prairie Dairy. I september 2008 sette dei opp fjøs nummer to, og i juni 2010 kom det tredje fjøset. I 2014 kjøpte dei opp landområder i Colorado, for å sikre nok økologisk fôr av god kvalitet.
– Vår filosofi er å kontrollere produksjonen frå gras til glas, sa Hoffmann.
I 2016 tok dei i bruk to nye fjøs, nummer fire og fem i rekka. For eit år sidan mjølka dei 8.500 kyr, no har flokken auka til 13.500 kyr. Om eit år er planen mjølke så mykje som 18.500 kyr. Då er planen å utvide med å etablere seg i staten Indiana.
– Etterspørselen etter økologisk mjølk er sterkt aukande i USA, forklarte Hoffmann.

Amerikanske impulsar: Jim Griggs, Geno sin kontakt i Genus ABS North America, PhD. David R. Brown frå Compass Nutrition Inc, har ansvar for fôrplanlegginga på bruket, og Joshua D. Hoffmann, Dairy Manager, med overordna ansvar for nærmare 30.000 storfe og 240 tilsette.

Kvifor NRF

I første omgang blir NRF kryssa inn i den økologiske buskapen og i den konvensjonelle jerseybesetninga. Av 13.500 økologiske holsteinkyr, 1800 sinkyr og 12.000 ungdyr, er 6200 kryssingar mellom holstein og NRF. Den første gruppa med kryssingar på 916 dyr, er no i sin andre laktasjon. Dei økologiske mjølkekyrne beitar åtte til ni månadar i året. Hoffmann vil avle fram robuste dyr som fungere godt på beite, har eit høgt fôropptak og ei god utnytting av beitegraset.
– Kyr som kan gå ti til femten kilometer per dag, under alle slags forhold, sa Hoffmann.
Ei ku som raskt kjem i brunst og vert drektig etter kalving, er viktig. Hoffmann håper på færre tomdagar med meir NRF-genar i populasjonen. I tillegg håper dei på god tilvekst og ei haldbar ku.
– Me vil avle fram kyr som kan halde i fem seks, til ti laktasjonar. Det er ei økonomisk god ku, sa driftsleiaren.

Redusere stress

Hoffmann ønsker seg fleire kolla oksar, av fleire grunnar. Avhorning er ein stressituasjon for dyret. Stress aukar risikoen for tidleg utrangering. Samstundes er det knytt opp til dyrevelferd, noko forbrukarane er opptekne av.
Meir robuste kalvar er ein positiv effekt av kryssing. Hoffmann reknar med ti prosent mindre kalvedødelegheit på kryssingskalvane. Oksekalvane vert selde til liv berre nokre få dagar gamle.

Mjølkeproduksjonen

Økologisk mjølk blir levert til meieriet på kontrakt, noko som til ein viss grad er med og styrer fôringa, som igjen påverkar produksjonen. Ytinga har vore oppe i 32 liter, men er for tida rundt 30 liter i snitt per ku per dag, med ein feittprosent på 3,8 og protein på 3,2 prosent. Celletalet er mellom 80.000 i to av fjøsa, og 160.000 på eldre kyr.
Dei nyttar ikkje hormonpreparat eller antibiotika til kyrne. Saltvatn, sukkervatn, elektrolyttar og vaksinar er det einast dei har i medisinskapet på Natural Prairie Dairy. Kyr som har høgt celletal og mastitt vert flytta til «hospitalet» og mjølka seks til ti gonger per dag, avhengig av kor alvorleg tilfellet er.

Vatn – den nye olja: Intensiv jordbruksdrift krev mykje vatn. Arealet er delt inn i store sirkelforma skifte. I senteret av sirklane er det eit borehol ned til grunnvatnet. Slik hentar dei vatn til vatningsanlegget som roterer som ein arm ut frå senteret i sirkelen. Ein sirkel er om lag 2000 dekar. Hoffmann fortel om restriksjonar på bruk av vatn og bøndene må nytta vatnet varsamt. Blant anna nyttar dei meir Bermuda, ein grassort som har høg kvalitet og treng mindre vatten enn alfalfa. For å få ei kjensle av storleiken, legg merke til kor små farmane vert imellom sirklane, som i biletet over. Illustrasjonsfoto: Istock

Fôrproduksjon

Natural Prairie Dairy driv om lag 182.000 dekar med økologisk fôrproduksjon. Jorda vert driven utan sprøytemiddel eller kunstgjødsel, berre med husdyrgjødsel. 42 trailerlass med om lag 25 tonn husdyrgjødsel på kvart lass, vert dagleg transportert og spreidd på jorda.
Dagleg vert det frakta om lag 78.000 tonn høy av alfalfa fordelt på tre trailerlass, dei fire timane frå Colorado til Hartley. Alt fôret vert miksa i ein felles fôrsentral, totalt 9000 tonn ferdig fullfôrmiks per dag, som blir fordelt mellom fjøsa.
Avlinga bestemmer korleis dei set saman fôrrasjonen. David Brown er spesialist på fôring, og har ansvaret for å planlegge fôrrasjonane basert på dei tilgjengelege avlingane. Fôret som skal nyttast til mjølkekyr, vert hausta på eit tidleg utviklingstrinn for oppnå eit høgt innhald av energi, skriv han i ein e-post til Bondevennen. Alfalfa vert hausta med 18-22 dagars mellomrom.

Fôrrasjonen på bruket

Fôrrasjonen er ein miks av alfalfa høy og alfalfa surfôr, grønfôr av kveite, grassurfôr (Bermuda), finmalt mais, ein balansert premix tilpassa energibehovet, samt mineraltilskot. Fôrrasjonen har 55 prosent tørrstoff, 16,5 prosent protein, 28 prosent NDF (fiber), 25-30 prosent stive, og 3-4 prosent feitt. Mjølkekyrne tek i snitt opp 26 kg fôr.
Kyrne vert delt i høgtytande og lågtytande grupper. Sinkyrne er delt inn i ei grupper for nyleg avsina og ei gruppe for dei som nærmar seg kalving, 21 dagar før venta kalvingsdato. Målet med kvigeoppdrettet er å nå 55 prosent av vaksenvekt på 13 månadars alder, om lag 360-380 kg for holstein og 250 kg for jersey. Vekt rundt kalving er om lag 600 kg for holstein og 380-390 kg for jersey.
Kalvane får mjølk fram til dei er 54 dagar gamle. 70-80 dagar gamle vert dei flytta frå enkelthytter til små grupper. Målet er 145 kg på 120 dagar.

Sjå nettsidene: naturalprairiedairy.com og agrivision.farm

Gir svar: – Dyra gir oss svaret. Får dei det dei treng av mat, plass og oppfølging, vil dei svare med god helse og produksjon, sa Joshua Hoffmann. Foto: Privat.

Stikkord denne saka: , , , ,